søndag 28. august 2011

Årets bursdagsgåve

Heilt sidan Malin var 1,5 år gammal har ho elska å disse. Ho kan sitte å disse i timesvis medan ho syng og trallar. Malin har ønska seg disse så lenge ho har kunna snakke og no hadde vi endeleg plass og moglegheit til å oppfylle ønskje.
Dissestativet er frå RKC og heiter Max. To disser, stige og sklie. Eg sa til Malin at no har vi leikeplass heime, men ifølge henne manglar det enno sandkasse for at leikeplassen er komplett. Sandkasse skal kome, men det må vente til garasja er ferdig og plenen er på plass.
Espen har brukt ganske mange timar på å montere stativet. Det tok litt lengre tid enn han først tenkte. Espen har støypt søyelesko oppi fire dekk. Beina skal festast til skoa og støypen skal hindre stativet å vippe. Vidare har han gravd fire hol kor beina skal stå nedi. Det var mykje arbeid med å justere slik at alt vart beint Litt saging måtte til då vi ikkje har så djup jord før vi møter pukk og fjell.
Fireåringen er kjempefornøgd med presangen og har vente "uendeleg" lenge med å få prøve dissa.
Vi har ei babydisse frå før som vi skal bytte ut med ein av dissene. Emil er framleis litt for liten til å klare å disse sjølv.
Stor stas for ungane, veldig kjekt å gi noko som dei kjem til å ha stor glede av.
Espen har vore kjempeflink. Litt ros må han få når han fortjener det. No ser hagen ut som eit moldvarpreir, men når Espen er sikker på at alle justeringane er gjort skal vi legge jorda på plass.

Sklia var kjempepopulær og Emil var raskt ute med å leike med livet. Vi må nok rekne med nokre timar med tilsyn på han enno. Forresten så står dissestativet midlertidig. Neste år skal det flyttast mot garasja. Vi må berre få jord og plen først. Planar har vi nok av altså...

lørdag 27. august 2011

Løytnantshjarte

Det veks og trivs i hagen min sjølv om ikkje alle er like store. Ei av plantene som berre var ein liten kvast då eg kjøpte den i mai, men som no har vorte ganske stor, er løytnantshjarte. Ei utruleg vakker og romantisk staude som trivs både i skugge og sol.
Eg har ikkje så mange hjarter på planta i år, men tilstrekkeleg til at eg får studert den unike forma på blomen. Dicentra spectabilis heiter den på plantespråket og historia bak namnet er mange. Ei av dei kan du lese her.
Eg skal kjøpe meg fleire av desse. Tanken har vore å ha dei framfor tulipanane slik at dei visne tulipanblada ikkje viser så godt. No blømer denne ganske seint til å vere løytnantshjarte, men kanskje det har noko med at den er nyplanta? Har du denne i hagen er eg veldig interessert i å høyre dine erfaringar og eventuelt kva planter du har ved sida av.

4 års dagen vel gjennomført

Det er utruleg kor mykje tid ein brukar på å førebu ein bursdag som varer i to timar. Malin hadde fireårsbursdag idag kor ho hadde fem jenter frå barnehagen på besøk. Bringebærmuffins, prinsessekake og smoothie vart trylla fram, men det var så vidt ungane åt eller drakk. Var det verdt det?
JA! Eg elskar å bake og stå på kjøkkenet. Å prøve nye ting er det kjekkaste. Eg laga denne prinsessekaka for første gong. Det meste var nytt for meg med denne kaka. Trekket er laga av marshmellowfondant. Ganske enkelt å lage. Marshmellow, delfiafett, vatn, konditorfarge og melis. Vidare laga eg ei rund sjokoladekake i ei lita form og ei kake i ei puddingform med hol i midten. Kake i puddingform var ikkje enkelt og eg har aldri gjort det før, men med sjokoladekrem kan alt lappast saman. Malin og jentene synest sjølvsagt kaka var kjempefin. Og til første gong å vere så var eg og nøgd.
Sidan det ikkje vart ei kake med tradisjonell form, fekk eg ikkje satt lys i sjokoladekaka. Derfor vart det lys i bringebærmuffinsen istaden. Malin synest det var like greit. Så lenge ho fekk lys og bursdagssang så var det godt nok. Alle oppskrifter er frå Leila Lindholm, og Malin var kjempefornøgd med selskapet sitt.

torsdag 25. august 2011

Malin 4 år

Prinsessa vår fyller fire år idag. Ho har talt ned dagane i to veker no, og gleda seg slik som små born kan glede seg. Igår ville ho legge seg tidleg fordi ho skulle ha bursdag dagen etter. Det enda med at ho vakna kl 03 i natt og ville ha pakke. Hopping i senga og full i latter, heilt klar for den store dagen. Malin gjenfortalte galskapen i barnehagen og lo så ho hadde problemer med å verte forstått. I barnehagen har ho vore heilt elektrisk og det har nok vore stor stas for ho denne dagen. Nokre presangar har ho og fått, men feiringa skal skje på laurdag.
Det kjennes lenge sidan Malin kom til verda. Det er mykje som har skjedd sidan då. Tenk at denne jenta var 45 cm då ho var fødd. No har ho strekt seg og passert fleire av dei som før var større enn henne.
Litt posering sjølvsagt, ho er ikkje danseprinsesse for ingenting. Det vart ikkje så mange bileter idag, eg har vore i Oslo og kom først tilbake ikveld. Om vi har feira lite idag, skal vi få tatt det igjen i dagane som kjem. Følg med å sjå om du vil.

lørdag 20. august 2011

Grunnmuren til garasja er ferdig

Ja så er vi i gang med garasjebygginga. Det vil seie det er Espen som er i gang, eg er berre deleigar. Heile ettermiddag og kveld igår arbeidde fire karar med grunnmuren til garasja og idag støypte dei ferdig. Fantastisk så fort det går når ein er fleire. I skrivande stund er Espen støl i ryggen og har hovudverk etter eit intenst døgn, men det har han jammen fortjent å vere.
Rett etter arbeidstid var dei gong med å setje opp kasser som skal halde sementen på plass. Det vart kjøpt inn sekkar med sement, sand og jern.
Før leggetid såg det slik ut. Sola skein og alt var på vår side.
Arbeidslaget i ettermiddag. Slitne og godt nøgde med innsatsen. Det er kjekt å ha familie i nærleiken som stiller opp. Karane vart premiert med heimelaga pizza og kald øl. Sjølv om vi berre er i byrjinga av prosessen er det likevel eit viktig steg vi har tatt.

torsdag 18. august 2011

Dokumentasjon av gravearbeid

I påvente av garasjebygginga har Espen satt igang medt å grave ut der det skal vere hagestove. Planen er å lage ein mur rundt i naturstein og då må jorda gravast vekk for å unngå at det sig. Jorda legg vi mot parkeringsplassen då vi ikkje skal ha så stor parkering som idag.
Slik har det sett ut til no. Graset sådde vi ikkje lenger enn dit som vi skal ha stova. Ein gjer ikkje meir dobbeltarbeid enn ein må.
Ifølge Espen er det no klart til mur. All jord er tatt bort og det skal fyllast opp med stein. Muren veg mange tonn så underlaget må vere stødig som fjell. I hjørne nede til venstre skal peisen stå. Espen har visst alt klart i hovudet. Eg blandar meg ikkje så mykje inn, nokre prosjekt må vel han få og. Berre eg får bestemme plantene rundt...
Emil vil og hjelpe til. Måtte det fortsette i mange mange år til.
Gjett om eg er glad vi har vaskemaskin. Emil brukar 2 til 3 bukser om dagen, men han kosar seg og det er det viktigaste.

onsdag 17. august 2011

I gang med hekkplanting

I vår hage vert nesten ingenting gjort som planlagt då ideane kjem undervegs. Etter hagedagen kokte hovudet mitt og eg fekk ikkje sove. Eg hadde så mange idear og klokka var sikkert ikkje 01.00 om natta før eg slokna. Ein av ideane var hekk rundt terrassen.
Buksbom rundt terrassen skal vere med å dempe den voldsomme plattingen. Med ein liten opning på kvar side håpar eg dette vert ein lun stad å vere. I tillegg skjermar det for innsyn. Ja for vi har så fryktelig mange naboar...
Hadde kjøpt 12 stykke. Og det gjenstår sikkert 25 igjen. Bankkortet brenn i lomma...

tirsdag 16. august 2011

Deling og flytting av jordbærplanter

Ifjor mai fekk eg ein spinkel, liten avleggar av ei prydjordbærplante. Etter eit år har den vesle planta spreidd seg og danna minst 40 avleggarar i tillegg til dei som eg har kasta undervegs i lukinga. Eigentleg har eg ikkje bruk for så mykje, men eg har ikkje hjarte til å kaste dei. August er tida for deling i følge dei lærde, så då var det berre til å lyde.
For å unngå at planta sprer seg yttarleg i bedet kjøpte eg to jordbærkrukker til 70% avslag på Plantasjen. I tillegg har to store krukker fått tildelt nokre planter og. Det kjem bær på desse, men eg har ikkje dekka dei til så fuglane har fått det meste. Veit ikkje heilt kor eg skal gjere av krukkene til vinteren, men i garasja kanskje?
Vakker ikkje sant?