søndag 24. oktober 2010
Snø til frustrasjon og glede
Så var første snøen komt til Valestrand. Kven hadde trudd det då det enno er oktober? Eg har litt overdose frå fjoråret enno, så dette kom ikkje som ei glede. For dei som kjenner oss eller som har lest bloggen ei stund, er det ikkje ukjent at vi sleit i vinter med å kome oss opp med bil. Vi bur på toppen av ein lang og bratt bakke. Vegen er privat og vert ikkje måka anna enn på frivillig basis av ein slektning. Sola kjem ikkje til på denne tida av året og bakken vert fort glatt og isete.
På fredag kom altså snøen og vi kom ikkje opp med bil. Eg sto fast i bakken og segla baklengs ned bakken med bilen. Eg hadde heldigvis ikkje ungane med for det var like før bilen og eg segla utfor kanten og ned fire meter i dalen. Eg kom heldigvis frå det med skrekken, men dette vitnar vel berre om at vi har ein vinter i møte og vi er spente på kor mykje snø som kjem i år. Det kan vere to veker og det kan verte fire månadar, det er ingen som veit.
Malin derimot er veldig glad for snøen. Akebrettet er tatt fram og i helga har vi leika ute. Emil har fått vere litt med Malin på akebrettet når eg drog. Dei ler og kosar seg, og ramlar over ende med vilje.
Humøret til Malin stig i takt med tida ho får vere ute og leike. Ho ler og frydar seg. Det er veldig kjekt og eg får litt glede av snøen eg og.
Vi har verken firhjulstrekk eller snøfreser, men vi må sterkt vurdere det siste innan kort tid dersom det viser seg at det vert ein del snø denne vinteren også. Ein firhjulstrekk er ganske dyrt så det må vi vente litt med. I mellomtida har vi bilen parkert i botnen av bakken og så har vi Emil i meis og Malin i handa medan vi ber alle tinga i sekk på ryggen opp bakken. Det er i slike stunder ein tenker at vi bur ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Snakk om å gå tilbake i tid! Ja det er god trim, men det er fryktelig tungvindt når ein har to små born.
Det er ikkje så lett for Emil med all snøen så han må sitte i vogn og sjå på Malin som kosar seg. Litt forskjell skal det vere på liten og stor.
Malin hylar av begeistring og akar i full fart utan skruplar.
Emil er litt lei og vil ut av vogna han og.
Den vesle prinsen får eit teppe og sitte på. Han seier ingenting og sitt tolmodig og følger med storesøstra si, men etter ein halvtime må han inn fordi han er kald. Det er nok ikkje hans vinter enno, men den tid kjem og det gleder eg meg veldig til. To ungar som hyler og ler, og som kjem inn med raude kinn og våte kle. Det er ganske koselig til tross for at eg har eit anna perspektiv på vinteren enn dei...
mandag 18. oktober 2010
Hausten har inntatt kroppen
Som sagt tidlegare byrja Emil i barnehage 5.oktober. Ikkje heilt uventa tok det ikkje lange stunda før han vart forkjøla. Frå å berre ha augekatarr og rennande nase, fekk Emil falsk krupp. Han måtte vere heime frå barnehagen og var ikkje i form i det heile. Malin var heldigvis i barnehage, men ho har vore kraftig forkjøla og har hatt augekatarr ho og. I slike stunder er det godt å ha foreldre som passar på, men når mor også vert sjuk er alt berre kaos.
I motsetning til ungane som leikar når dei er forkjøla, har eg vore heilt satt ut. Ei forkjøling brukar vanlegvis å gå over etter 3-5 dagar, men den har pr idag vart i 10 dagar. Eg hadde berre vore på jobb i tre dagar til sammen før eg måtte sjukmelde meg. Så no synest eg litt synd på meg sjølv. Eg hostar, er hes, har hatt feber i ei veke og matlysta har ikkje vore tilstades. Huset er litt på halv åtte, men det får heller vere.
For å snakke om noko som er kjekt, så viser eg bilete av Emil som trillar Malin i kasse. Han har vorte stødig i beina og sterk nok til å halde balansen ei god stund. Malin synest det er kjempestas at Emil trillar ho. Eg har merka i det siste kor mykje meir dei leikar ilag sjølv om Emil for det meste øydelegg for henne. Dei likar å vere rundt kvarandre og det lovar godt for åra som kjem.
Mamma var hjå oss ein kort tur i helga. Ho reiste diverre tidleg på søndag til Malin si store sorg. Det er så gøy med mormor fordi ho leikar med Malin på Malin sine premissar. Kan ein ønskje seg meir? Dei kan vere lenge på rommet hennar utan vi andre får lov å vite kva som skjer. Her sitt dei og teiknar på baksida av ein Grandiosakartong. Greit å bruke reklame, konvoluttar o.l. til teikning. Det vert berre kasta likevel.
Emil klarer å gå relativt stødig no når vi heldt han. Han flyttar beina framover og synest det er kjempekjekt. Eg gledar meg veldig til han kan gå, det vert så mykje lettare då. Uansett, så er borna våre så utruleg skjønne. Tenk at eg er så heldig. Det er noko eg tenker på når eg synest synd på meg sjølv fordi eg er forkjøla.
søndag 10. oktober 2010
Arbeidslyst eller mani?
Espen seier han treng å ha noko "putlearbeid" innimellom alt anna, noko han slepp å tenke så mykje på. Så no er han i gang med å lage mur som markerer skilje mellom tun og hage. Ikkje skjønnar eg at han gidd, det hastar ikkje, men det vert no fint da forhåpentligvis.
onsdag 6. oktober 2010
Før og etter-furusjenk
Som så mange andre har eg forandra ein gammal og gulna furusjenk til ein sjenk som tillet seg å stå i stova. Eg kjøpte furusjenken på finn.no for 300 kroner. Eg likte storleiken og fordelinga av skapa og skuffene. 300 kroner er ikkje mykje, men med sparkel, grunning, pensel, maling og knottar vert det litt pengar likevel.

Eg gløymte å ta bilete av sjenken før eg sette igang, men dette bilete viser fargen iallefall. Den hadde ein del sår slik at eg måtte sparkle først. Deretter grunning og to strøk med ein vakker lysblå farge.
Og slik vart den. Den lyseblå fargen er akkurat slik som eg hadde tenkt meg. Fargekoda er S 0510 R90B, og glansgrada er 70. Eg veit kva eg vil ha av knottar, men har ikkje funne dei enno. Beina skal også malast. Eg har brukt vannbasert maling noko eg eigentleg ikkje likar, men sidan den ikkje luktar og eg kan male inne med den, vart det det. Eg har mala ein krakk i same farge og andre ting skal det verte. Berre vent og sjå.
Eg gløymte å ta bilete av sjenken før eg sette igang, men dette bilete viser fargen iallefall. Den hadde ein del sår slik at eg måtte sparkle først. Deretter grunning og to strøk med ein vakker lysblå farge.
mandag 27. september 2010
Glimt frå ei fantastisk flott helg
Det er herleg og sjå vèrmeldinga med stor gul sol over det meste av landet. Når det nærmar seg oktober er det sjølvsagt ikkje varmt om natta lenger og det har faktisk vore eit par netter med frost no. I helga har vi vore mykje ute og dagen har byrja med mykje klede og endt med nesten ingenting, berre sjå her.
Grave i jorda er alltid gøy. Dette er tidleg laurdag morgon med kald luft og skarp sol. Humøret er på topp.
Espen rydda boss frå tidleg morgon medan Malin laga hus og slott. I bakgrunnen kan dokke skimte bosset som har stått sidan vinter, men no er det endeleg borte.
Emil har nettopp våkna frå sin morgenlur. Mykje å følge med når ein sitt ute, men han er litt liten enno for dei lange utetimane. Inne får han gå lite med klede og frese rundt uten mykje klede som hindrar han.
Terrassen er rydda for møblar og plantene har eg satt under tak. Huset er nesten ferdigmalt (1.strøket) og vi har rydda rundt huset for boss og reiskapa er i hus. Vinteren kjem alltid brått på så det er godt med alt som er gjort.
Hua er framleis på, men varmen har komt på verandaen og det er tid for plattingdans. Malin elskar å kle seg ut. Huer, vesker, sjal osv.
søndag 26. september 2010
Sjokoladekake med appelsinkrem
Eg har funne ut at heimebakt smakar betre enn noko som helst snop du får på butikken. Derfor har eg laga kake denne helga istaden for at eg kjøpte potetgull og sjokolade. Det er dessutan artig å bake kake og eg kosar meg medan eg held på.
Sjokoladekake med appelsinkrem. Oppskrifta har eg funne på klikk.no som du finn her
Kaka må du bake over to dagar så det er lenge og vente. På fredag laga eg botn og blanda ingrediensane til appelsinkremen.
Kaka var utruleg god, det var vi alle einige om. Terningkast 5. Passar godt til dei store anledningane og er ei typisk voksenkake. Veldig mektig, saftig og lett å kvitte seg med iløpet av ei helg...
Kaka var utruleg god, det var vi alle einige om. Terningkast 5. Passar godt til dei store anledningane og er ei typisk voksenkake. Veldig mektig, saftig og lett å kvitte seg med iløpet av ei helg...
fredag 24. september 2010
Endeleg speil! Eller..?
Eg fortset og vise dokke det som vi har venta så lenge på. Som sagt så har vi hatt ein rørleggar på besøk og i tillegg til spegelen på badet nede, har han montert spegel oppe og dusjveggar.
Det er deilig å få dusjveggar, det er det ingen tvil om. Vi måtte legge ein handduk i vindaugskarmen for å ikkje øydelegge malinga, og vi måtte gjere oss så små og tynne som mogleg for å ikkje sprute. Så dette var stas. Varmt og godt er det også. Spegelen er 120x96 cm og viser ALT. Ja dokke kan tenke dokke sjølv. Det er noko som heiter "det ein ikkje veit har ein ikkje vondt av". Ein har kanskje ikkje vondt av å trene, men det er ingen tvil om det står på prioriteringslista heretter.
onsdag 22. september 2010
Mitt vesle bademiljø
Eg har vist utallige bileter av huset medan vi bygde det og ting ikkje var ferdig, men eg har vore treig med å få tatt bileter av sluttresultatet. Noko av grunnen er at vi ikkje har gjort ting ferdig. Det er lett for at det som ikkje hastar vert utsett når det er så mykje som må gjerast på ein gong. Idag skal eg vise dokke badet vi har nede. Eit lite bad med akkurat plass til det heilt nødvendige.
Spegelen har stått på badegolvet i eit halvt år og i forrige veke vart det montert. Vi har venta på ein rørleggar i lang tid som skulle gjere jobben. Vi måtte før i år opne veggen på vaskerommet fordi det lukta kloakk på dette badet. Mot at vi tapetserte sjølv når veggen var lukka, fekk vi ein rørleggar til å gjere blant anna montering av spegelen her. Kan med det samme seie at kloakklukta kom av at vannlåsen i sluken på badet ikkje var reingjort skikkeleg. Det var sølt membran rundt gummiringen som gjorde at det ikkje var tett når vi trakk i do.
Dusjforhenget er frå Jysk og vart hengt opp i sommar. Det vert med ein gong litt kjekkare å dusje når ein kan lukke dusjen og varmen heng i etter at vatnet er skrudd av.
Baderomsmøbelet er kjøpt hjå Maxbo og er veldig smalt for at det skulle passe. Eg leita lenge etter ein vask som passa inn her. Spegelen er frå Ikea og lampen som har stikkontakt er kjøpt hjå Lyshuset i Åsane. Persienna vart hengt opp i sommar etter lang tid med fundering på korleis det skulle gjerast (kjøpt på Jysk). Verken eg eller Espen forsto brukarrettleiinga, men heldigvis hadde vi bestefaren til Espen som løyste problemet. Det er veldig flott med eit stort vindauge på dette badet. Her kan vi sitte på do og sjå på skogen og fjellet. Vi har ingen naboar, men vi måtte ha ei persienne likevel. Ikkje alle gjestane var like komfortable...
Abonner på:
Innlegg (Atom)