Sida er ikkje ferdig då den manglar overskrift. Den skal kome på plass når eg får meg utstyr som trykk ut bokstavar. No er eg lei av å klippe ut alt for hand. Eg har Epic Six på ønskjelista til jul for dei som veit kva eg meiner med det...
torsdag 29. oktober 2009
Innspurt på scrappinga
Eg har hatt som mål å scrappe ferdig dei to fyste åra til Malin før nestemann melder sin ankomst. Albumen er nesten full og det gjenstår to tomme sider før eg må kjøpe meir. Eg må legge til at eg ikkje scrappar alle bileta av ho, men kun utvalgte opplevingar. Resten er i vanleg album. Denne gongen har eg scrappa den gongen ifjor november vi fekk snø og Malin fekk oppleve snø for fyste gong.
Sida er ikkje ferdig då den manglar overskrift. Den skal kome på plass når eg får meg utstyr som trykk ut bokstavar. No er eg lei av å klippe ut alt for hand. Eg har Epic Six på ønskjelista til jul for dei som veit kva eg meiner med det...
Sida er ikkje ferdig då den manglar overskrift. Den skal kome på plass når eg får meg utstyr som trykk ut bokstavar. No er eg lei av å klippe ut alt for hand. Eg har Epic Six på ønskjelista til jul for dei som veit kva eg meiner med det...
onsdag 28. oktober 2009
Til frisør for fyste gong
Til no har Malin vorte klipt av meg, men det kjem til eit punkt kor eg innser mine begrensningar. Malin hadde vorte bustete, langhåra og håret hadde vokse i ulikt tempo og lengde.
Eit før-bilete med luggen ned i augene. Kuli er populært og hjelp på skrekken.
mandag 26. oktober 2009
Malin har fått ny seng
Det å verte storesøster medfører blant anna i at ein må få seg ny seng då minstemann skal overta den gamle. Malin er no 2 år og 2 mnd og hennar tid i grindseng er idag over. Ho er svært uroleg i senga så vi er spent på kva som vil skje, men ein sengehest og puter på golvet skal iallefall hindra den store ulykka.
Malin er veldig opptatt av å "æppe mamma" eller hjelpe mamma som vi også seier. Ho fekk delta i monteringa av senga og ho var veldig klar for å flytte "butta, mjau og affe". Både puta, pusen og hunden fekk altså plass og ho var kjempekry over den nye senga.
Eg monterte sengehimmel til ho som ho synest var gøy å gøyme seg inni. Det er lenge sidan eg har sett ho så stolt og glad som idag, dette var verkeleg stas for ho. Så ventar berre natta og eventuelle nattevandringar....
onsdag 21. oktober 2009
Bosstømming er også ein del av husbyggjinga
Det hadde vorte ein ganske stor bosshaug utanfor huset vårt no, og det var på tide å gjere noko med det sidan det er vårt ansvar. Det har kome eit nytt lass med materialer også, så det hadde byrja å verte trongt om plassen. Vi har verken hengar eller tilhengarfeste på bilen, så då er det godt å ha gode vener. Ole André har vore så grei å tilby seg å hjelpe både med tømming, sortering og kjøring. Vi sett veldig stor pris på vener som han.
Det vert tidleg mørkt ute no. Her er Ole André og Espen igang med sortering av materialet. Det er ikkje lenger råd å berre kaste alt bosset i ein container på reinhaldsverket. No krevs det sortering ned til minste skrue. Eit lass vert tømt imorgon og på laurdag tek vi det andre slik at det ser litt finare ut utanfor huset. Det brennbare materialet tek vi vare på til vedfyring eller til bålet eg planlegg å tenne opp.
fredag 16. oktober 2009
Snart ferdig med det utvendige
Idag har det vore eit fantastisk vèr; haustsol og god temperatur. Vi tok ein liten tur opp til huset for å sjå huset i solglansen i ettermiddag og mykje har skjedd på ei veke. Legging av takstein byrja dei med på mandag og no er det nesten ferdig. Kledninga er på og neste veke avsluttar dei alt arbeid utvendig.
Litt mykje stilas framme enno til å sjå heilt klart korleis det vert. Iallefall når du ser det på bilete.
Det vert fint å sitje her og sjå på utsikta, høyre på fuglar osv.
Det gjenstår å grunne litt på huset, men det er ganske lite som er att. Det er ulike fargenyansar på huset og det skyldast blandingsforhold mellom pigmentert grunning og klar grunning. Utstikket bak har dei også byrja med, her gjenstår takstein og søyler før det er ferdig. Det skal også byggjast trapp og platning på baksida.
Elles har vi no fått vite at perioden for eigeninnsats er 21.desember-25.januar. I denne perioden skal muraren flisleggje bada og vaskerommet, og vi skal male lister, tapetsere, male, legge golv og flisleggje gangen. Kjøkkent skal også monterast. Så har du lyst å gjere ein innsats, er du hjarteleg velkommen til å delta på dugnad.
tirsdag 13. oktober 2009
Eldorado for bøtte og spade
Denne layouten har verkeleg tatt tid av den eine grunn at eg har klipt og skjært ut bokstavane sjølv. For eit arbeid og aldri meir så mange ord på ein gong! Eg har ikkje så mykje anna stæsj på sida fordi mønsterarket er så vakkert i seg sjølv og bileta må også få fokus.
Bileta er tatt 31.mai i år. Det var heilt nydeleg vèr sjølv om vatnet framleis var for kaldt til å bade i. Malin grov i sanden i timesvis heilt til ho sjølv tok initiativ til å ta på seg meir klede fordi ho fraus slik. Gleder meg allereie til neste år. Ein dag eller to med slikt vèr må no vi i det minste kunne forlange...
søndag 11. oktober 2009
Nymalt vogge
Når Malin kom til verda kjøpte Espen denne vogga til henne. Vogga er kjøpt ved fengselsutsalget i Bergen og er av ubehandla tre.
Vogga har fine utskjæringar, men ikkje så veldig fin i "fargen". Espen kjøpte denne vogga medan eg låg på sjukehuset så vi hadde ikkje moglegheit den gongen til å male henne. No derimot har eg god tid og med Sens maling kan til og med gravide male.
Vogga er malt i eggekvit. Sidan det er vannbasert maling vert det ikkje like glansfullt som ved oljebasert maling, men så hadde ikkje vogga vorte malt heller om eg brukte det... Planen er å male på sjablong og årstal, men så langt har eg ikkje kome. Årstalet vert 2007 då vogga vart kjøpt. Har tenkt å male det med lysgrå.
Vogga har fine utskjæringar, men ikkje så veldig fin i "fargen". Espen kjøpte denne vogga medan eg låg på sjukehuset så vi hadde ikkje moglegheit den gongen til å male henne. No derimot har eg god tid og med Sens maling kan til og med gravide male.fredag 9. oktober 2009
Premien frå Tomines hjem
Utan at eg visste eg var med i ein konkurranse vann eg denne flotte skåla hjå bloggen Tomines hjem. Eg hadde lagt igjen ein kommentar i bloggen og det var alt som skulle til :-) Den kom i posten igår og den tok seg veldig godt ut i glaskarmen idag. Det er sol ute og skåla blinkar så fint i sollyset.
Espen såg straks at denne skåla var fin å ha Twist i.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
