søndag 22. juni 2014

Tur til Tirevoll

Det lavaste fjellet på lista mi er tatt idag. Tirevoll er 303 meter over havet og er eit lett, lite fjell å gå opp. Turen gjekk ifrå Hjellvik bedehus (litt forbi badeplassen) og ein tydeleg sti førte oss på toppen på 45 minutt. Nydeleg utsikt og ein fin rasteplass med fleire benkar å sitje på. Turen passar for alle.
Utsikt mot Lindås og Øygarden langt der bak.
Retning Gulen, Mongstad og Austrheim.
Fjellskålnes og Hosanger til høgre  og retning mot Fedje i nordvest.  Eg tek atterhald om feil vedrørande retningssans...

tirsdag 10. juni 2014

Kveldsstemning i hagen

Bileta er tatt for tre dagar sidan. Eit nydeleg kveldslys skein over hagen medan fuglane kvitra og alt var berre idyll. Eg får kjensla av å vere forelska stadig vekk når eg er i hagen. 
Det veks og veks. Villege planter som må haldast kontroll på. Myskmalva og høstasters er to planter som sprer seg lett. Elles veks det haustflox, storknebb, graslauk, klatreroser og litt smått som ikkje er like dominerande.
Same bedet sett  frå andre sida.
Bedet lengst mot  aust er eit bed med sjølvsådde stauder. Litt av alt mogleg og eg har ikkje vorte kjent med dei enno. Ikkje alle har bløma før så det er litt skattejakt dette. Forglemmegei og akeleie prøvar stadig å konkurrere ut andre planter, men eg har oppsyn. Bedet er under utvikling og kantsteinar er under planlegging. Vi må berre plukke dei først. Bakerst skal Espen hakke opp plenen. For planen er som den var for tre år sidan. Plenen skal formast som ein ring med kantsteinar og bed utanfor ringen. Den lilla teltplassen om nokon huskar.
På andre sida av terrassen er det velkjente ommøbleringsbedet. Det er lite som skal flyttast på heretter, einaste roseklokkebuska heilt til høgre. Staudene kosar seg, rosene blømer og det rosa prinsessebedet byrjar å verte etablert. I år kjem den første peonen og, hipp hurra! Kosmos og margeritter i krukkene.
Litt meir av rosene. Denne kroken elskar eg.  Det er varmt, frodig og akkurat slik som eg vil ha det. Staudene er slanke og høge, rosene veks villeg og fargane går i rosatonar. Utanom dei blå akeleiene då som finn seg plass i heile hagen.

mandag 9. juni 2014

Avslutning av pinsa på Iseggane

Etter ei flott pinse avslutta eg helga med ein fjelltur til Iseggane. For dei som ikkje veit det så samlar eg på fjelltoppar. Ikkje store og allmektige, men Osterøy sine toppar over 300 meter. Det er 26 av dei trur eg. Og ikveld har eg gått på min sjette så eg har mange att.
Ilag med Åshild køyrde vi til Skår og parkerte bilen ved ein skogsveg som ligg heilt på toppen av bilvegen. Vi fylgde skogsvegen og deretter gjekk vi på ein til tider litt svak sti. Vi passerte ei falleferdig steinbygning og etterkvart byrja stigninga inni skogen. Ved eit skille kor stien deler seg tek ein til høgre og møter rett etterpå nok ei falleferdig steinbygning av eit slag. Sikkert stølshus. Det er enkelt å finne fram og etterkvart kjem du til huset du ser over. Når stien deler seg på toppen av bak dette huset, tek du til høgre igjen og går stien til du kjem til postkassa med boka du kan skrive deg inn i.
 Utsikt mot Sørfjorden med Valestrand til høgre og Breistein til venstre. Midt imot ser du Garnes.
Utsikta mot Nordhordaland er alltid like vakker. Skjærgård, havet og kveldssol.
Hjellvik, Hosanger og Lindås kommune på andre sida av fjorden.
Beviset som eg motvillig publiserer, men det er ei sjølvpåtvungen plikt. Når eg er 70 så synest eg nok at eg ser råflott ut, haha!

Ein fin tur som tok 45 minutt ein veg. Toppen er 374 m.o.h. Den passar til born, men ikkje dei aller minste då det er litt bratt og lause steinar enkelte stadar. Det er ein del myr og våte parti så vanntette sko er nok ein fordel.