lørdag 16. februar 2013

Suksessterte

Gode oppskrifter på favorittar frå bestemor er noko av det kjekkaste å arve. Eg har mange gode matminner frå mormor og farmor, men diverre ingen oppskrifter. Eg skulle så gjerne hatt oppskrift på mormor sine kjøttkaker, gelekake og lapskaus. Eller farmor sine sveler for å nevne noko. Derimot har eg fått oppskrift på suksessterta til Espen si farmor. Den fekk eg for snart ti år sidan og den var ho veldig stolt av. Fleire i familien hadde den som favoritt og ho kunne stolt fortelje kor mange stykker enkelte kunne klare å svelge.
Suksessterte er verkeleg ein suksess. Den står aldri urørt etter selskapet. Igår laga eg to stykker då vi skal i bryllaup ikveld. Det er det tredje bryllaupet på 1,5 månad så vi lid inga naud rundt magen for å seie det slik.
Eg har ikkje hatt tid til å pynte den så den vart ei naudløysing denne gongen. Dersom eg har god tid brukar eg å ha sjokoladeglasur oppå og pynte den med gule kremtoppar. Kaka er glutenfri og dersom du ønskjer oppskrifta er det berre til å seie ifrå. For øvrig finnes det mange gode oppskrifter på nettet, men denne er det litt stas å lage sidan den har gått i arv.

4 kommentarer:

Grethe Ly sa...

Nam-nam! Suksessterte har alltid vært ein av mine favoritt kaker. Mamma måtte alltid bake "den kaka med gul krem på" til bursdag min :)

Kathrine sa...

Mmmmmm suksessterte blir det i bryllupet vårt og!

Ellen Kristin sa...

Den beste kaken jeg vet om :)

Bratte Bakka sa...

Hei, so tåssje me ikkje fekk helsa på kvarandre, Trygven trudde me hadde helst og at eg visste kven du var. Men no veit eg det, so kjekt! For ei flott kaka,den skulle eg ynskt eg hadde fått meg eit bet tå ;)