mandag 26. november 2012

Eg har leita fram symaskina

Eg har vore på Stoff og Stil idag. Det har ført til at eg har fått nokre nye prosjekt som eg håpar å få gjort framover. Eg kjøpte nokre glidelåsar som eg skulle ha kjøpt for lenge sidan og den eine vart sydd fast idag. Resultatet ser dokke under.
Sminkepungen er frå ei oppskrift i boka "Tildas Hus" av Tone Finnanger. Eg las ikkje oppskrifta heilt riktig, men rettinga tek eg att i neste sminkepung som kanskje eg viser imorgon?

Det er iallefall kjekt å sy igjen. Det går litt tid mellom kvar gong eg gjer det så eg kjenner meg litt rusten når eg tek fatt. Ha ein kjekke kveld (nokon må no ta over rolla til Eli Kari...)

3 kommentarer:

Lina sa...

Supersøt! ♥ :) Eg synest du e flink :D eg e meir grønn enn rusten, men har nokre prosjekt i planlegging eg óg ;)

Grethe sa...

Flink du er! Syns den sminkepungen var veldig fin!

Lina sa...

Innlegget er reposta ;) har skrive det øverst ;) Hihi, kanskje me kan øva oss litt på syinga ilag ein dag! :))