mandag 23. juli 2012

Heimeferie

Med nyfødt baby i hus har det ikkje vore aktuelt å reise på den store ferieturen. Vi veit alle at juli i Noreg byr på utfordringar med tanke på vèret, men må ein vere heime så må ein gjere det beste ut av det. Eg har ikkje vore i form til å gå noko tur eller gjere andre krumspring, men vi har hatt besteforeldre her hjå oss nesten heile tida. Det er ganske intenst å ha feriestengt barnehage i tre veker, og det er ikkje berre idyll dette, men litt kjekt har no vi det. 
Onkel André var på besøk hjå oss nokre dagar. Han leika med borna og hjalp til å sette opp telt. Det regna ute, men inne i teltet var det tørt. Ifjor prøvde vi å sette opp telt med tanke på overnatting, men Malin var der i 10 minutt før ho ville inn.
I år sov ungane i telt ilag med Espen heile natta. Suksess! Teltet står ute enno, må vel ta det ned før graset daudar. Må berre tørke først når sola ein gong kjem.
Vi har laga fiskestang av pinne og hyssing med klesklype i enden. Denne kan ein bruke til krabbefisking, men det har ikkje skjedd enno. Av andre aktivitetar vi har gjort kan eg nevne baking, maling, springing rundt huset, stjeling av rips hjå naboen, plukking av blomar og krangling. Sistnevnte har Malin og Emil gjort ein god del og har vorte ganske så flinke... kremt.
Vi stappa våre tre håpefulle bak i bilen og reiste til Steindalfossen like før Norheimsund. Det er ein times køyring herifrå. Fossen kan ein gå bak og sjå frå baksida. Kjempespennande for dei minste!
Det er heilt supert eigentleg å finne på ting til dei minste, dei synest det meste er spennande dersom vi voksne er engasjerte. Emil likte fossen kjempegodt. Vi hadde han i meis for vi veit aldri kva han finner på. Hemningar har han ikkje så mange av.
Emil hadde ikkje tid å sjå i kamera då fossen var meir interessant. Det tek omlag to minutt å gå opp til fossen. Så kven som helst som har to bein å gå på kan gå dit.
Det var fint vèr den dagen, men fossen ga ein kald gufs så vi måtte ha på oss jakke. Ikkje ofte eg viser bilete av meg sjølv, men her er eg altså.
Mormor og besten er på besøk og det medfører mykje leik og moro for dei minste. Rommet deira på loftet er bomba, men dei har hatt det gøy. Dei har leika kafé, tannlege, frisør og alt på ein gong. Eit fullstendig kaos, men eg trur dei har det kjekt der oppe. Dei klarer iallefall å halde mormora i aktivitet. Eg er kjempeglad for all hjelp vi får, då får eg gjort litt nødvendig arbeid i huset. Kva Espen styrer med skal eg avsløre i eit innlegg om ikkje lenge :-)

3 kommentarer:

Ranten sa...

Jeg som er i bestemorsalder kan skrive under på at telt i hagen er gøyt enten man sover i det eller bare herjer noe timer :) Den fossen har jeg også vært under noen ganger. Kan anbefales!

Ann-Kristin sa...

Da der høyres eksakt ut som vår "ferie". Uansett kor kreativ ein er, så berre MÅ dei gå oppå kvarandre og krangle! Me har hatt eit tungt halvår med mykje krangling, så eg er just ikkje sikker på at det vert nåke nr. 3 her i hus!

Lina sa...

Du ser så flott ut, Torill!! :) Kjekt at de finn på passelige utflukter i hagen og nærmiljøet ;) Kos deko masse i dagane som kjem! :)