Etter ei veke med påskeferie var det rett ut i hagen. Det har ikkje skjedd så mykje på ei veke, men litt grønare har det vorte og fuglane syng for full hals i tretoppane.
mandag 25. april 2011
Siste nytt frå hagen
onsdag 20. april 2011
Møkster- øy søkjer barnefamiliar
Eg har veldig sansen for dei som busetter seg utanfor allfarveg og som satsar på verdiskapning i fråflytningstrua strok. Møkster er ei øy i Austevoll kommune, Hordaland fylke som satsar stort på å rekruttere barnefamiliar ut til seg ilag med dei 58 innbyggjarane som allereie bur der. Velforeningen Møkster Bu markedsdfører prosjektet "Øy søkjer familie" gjennom bloggen sin kor dei for tida har ein give away som du kan verte med på. Link til konkurransen finn du her.
Velforeninga Møkster Bu har som mål å skape trivsel, skape arbeidsplassar, betre båtrutene og auke folketalet.
Møkster har eigen butikk og skule, det er eit viktig grunnlag for at folk skal kunne bustje seg. Du får lese bloggen deira og gjere di meining om øya. Eg synest dette var eit flott prosjekt.
Jonsokfeiring (St.Hans)
Når sommaren er på sitt vakraste så må det vere heilt fantastisk å bu nært sjøen og ha tilgang til badeplassar og båtar rett utanfor stovedøra. Kanskje eg tek meg ein tur ein gong hit? Ønskjer iallefall innbyggjarane og velforeninga lykke til!
tirsdag 19. april 2011
Nostalgiske hagebileter frå farmor sin gamle hage
Vi har i vår familie snakka fleire gongar om at interesse for hage kan vere litt arveleg. Det kan iallfall stemme for mitt vedkomande. Farmor syntest det var veldig kjekt med hage slik som far min blant anna. Hagen til farmor var i si tid kjent for å vere flott og vakker, og eg har leita fram nokre bileter frå 80-talet som viser litt av det som har vorte barndomsminner for meg.
Før i tida kjøpte folk ikkje masse planter på hagesenter slik som ein gjer idag. Det var verken utval eller økonomi til det. Heldigvis var dei flinke til å gi kvarandre avleggarar, stiklingar, frø og anna, og det resulteterte i ein frodig og variert hage heile sommaren.
Eg kan ikkje seie eg veit kva alle plantane på bileta heiter som til dømes dei oransje, men det viktigaste er at ein synest det er vakkert.
Det er ikkje i tvil om at tomta ligg vakkert til med elv på begge kantar og utløp mot sjøen. Eg har tilbrakt mange somrar her som lita jente og det var heilt fantastisk å kome til farmor og farfar. Vi var alltid velkomne og vi fekk gjere det vi ville så lenge vi oppførte oss.
Eg lengtar etter å ha det frodig og fargerikt rundt meg. Eg gleder meg enormt til at ungane gøymer seg rundt buskene, plukkar bukettar og spring i graset. Kanskje om 5-6 år?
Til slutt eit artig bilete frå slik det ofte var. Bileta er så gamle at eg synest det går greit å publisere dei. Farmor og farfar hadde ofte besøk og var eit samlingspunkt for ein stor og sammensveisa familie. På varme dagar tok ein det ein hadde og la seg på bakken for litt kvile. I midten her ligg farfar med kleda på og håpar på litt brunfarge på leggane sine. Ei herleg og fin tid for ei lita jente.
mandag 18. april 2011
Ro, ro, ro din båt
Å gjere noko ein aldri har gjort før kan gjere ein både spent og forventningsfull, men også skeptisk og uroleg. Idag fekk Malin vere i båt for første gong, eller ein kano då om du vil, og Malin gledde seg. Ho visste ikkje heilt kva ho skulle gjere, men redningsvesten var kjekk å ta på seg. Ho vart litt betenkt når ho såg kanoen, men då ho kom ut i kanoen vart det berre glede.
onsdag 13. april 2011
Kamelia- ein forelskelse
Det er ikkje så mykje som blømer når ein besøker gartneriet i midten av april. Stemorsblomar og påskeliljer er det ein ser mest av akkurat no. Eg må lese meg fram på lappane på plantene som står ute for å vite kva det er, men innimellom vintergrøne planter og nakne greiner skimta eg ei plante eg ikkje kan huske at eg har lest eller høyrt om før; Kamelia 'Camellia x willamsi 'inspiration'.
Hjarte hoppa over eit slag og eg vart brått bergtatt av denne planta. Den hadde allereie byrja å bløme, den hadde vakre, grøne blad og eg kunne sjå store, flotte knoppar som snart spring ut. For ei vakker plante! Den vil eg ha! Diverre kostar forelskelsen 410 kr, og fornufta hindra meg å gjere eit av mange impulskjøp. Eg klarer ikkje slutte å tenke på den, eg må nok tenke ut ein fin stad å plante ho for denne SKAL eg ha! Det er heilt genialt med tidleg bløming, det er mangelvare på planter som blømer i april. Så er det store spørsmålet: Nokon som har erfaring med denne og kan gi nokre gode tips? Eg vil gjerne at forelskelsen skal føre til evig kjærleik.
Hjarte hoppa over eit slag og eg vart brått bergtatt av denne planta. Den hadde allereie byrja å bløme, den hadde vakre, grøne blad og eg kunne sjå store, flotte knoppar som snart spring ut. For ei vakker plante! Den vil eg ha! Diverre kostar forelskelsen 410 kr, og fornufta hindra meg å gjere eit av mange impulskjøp. Eg klarer ikkje slutte å tenke på den, eg må nok tenke ut ein fin stad å plante ho for denne SKAL eg ha! Det er heilt genialt med tidleg bløming, det er mangelvare på planter som blømer i april. Så er det store spørsmålet: Nokon som har erfaring med denne og kan gi nokre gode tips? Eg vil gjerne at forelskelsen skal føre til evig kjærleik.
mandag 11. april 2011
Utandørsplanar for i år
Det er lett for å ha høge ambisjonar for hagen og ein vil helst gjere alt på ein gong. Tid og pengar styrer eigentleg det heile, men noko skal vi få til og her er ein smakebit.
søndag 10. april 2011
Glade born og voksne
Denne helga har vore den beste på lenge. Varme grader og delvis sol er noko vi har lengta etter i månadsvis. Vi har fått gjort mykje i hagen, men best av alt er at ungane har vore ute heile dagen. Dei har leika og kosa seg ute frå 08.45 idag.
lørdag 9. april 2011
Ein herleg vårdag
Det har vore ein herleg laurdag idag. Vi har besøk av svigermor som har passa borna medan eg og Espen har jobba i hagen. Det var nokre etterlengta timar eg fekk for meg sjølv kor eg har klipt greiner, sortert ut til ved og kasta greiner/lauv ned i skogen. Espen har mura litt og klipt og kasta greiner. Svigermor har raka plenen i ein ledig augneblink. I det heile tatt så har det skjedd ein del her, men som ikkje er interessant å ta bilete av for andre enn oss sjølve.
Malin ventar på sola og tar på seg dei nye solbrillene så fort ho har sjansen. Vi har ei lita diva her på Dansebakken. Smykker og solbriller uti hagen, men samstundes rotar ho i jorda og grisar seg til med vatn. I bakgrunnen kan dokke sjå epletrea som vi har flytta opp i lyset.

Eg og svigermor kom fram til at det er dyrt med våren. Mange planter, hagemøblar og anna fornying i hagen vert alltid kjøpt på denne tida. Eg er ikkje noko unntak og har kjøpt to klatreplanter idag. Den eine er den velduftande rosa "New Dawn" i lysrosa.
Den andre planta er klematisen "Maria Cornelia" som er kvit. Desse skal plantast saman og bløme om kvarandre i sommar. Desse bileta er lånt frå ein eller annan stad som dokke sikkert skjønnar. Eg synest investeringar i hagen er verdt kvar ei krone, det gir så mykje glede og energi tilbake. Eg gleder meg til å vise dokke vakre bileter frå hagen i månadane som kjem.
torsdag 7. april 2011
Det er lett å la seg lure når ein er våryr
Eg har vore på Plantasjen og latt meg lure. Jamie Oliver veit å lokke pengar ut av vårkåte nordmenn med sin nye kolleksjon. Du kan kjøpe ei vanntett boks med jord og frø som du kan vatne og få friske urter til matlaging. 39 kr for ei boks eller 3 for 100 kr.
onsdag 6. april 2011
Mor! Far! Sjå ut or glaset!
Eg har ikkje tenkt å la borna mine hoppe på ski frå hustaket slik som foreldra til Sondre Norheim gjorde, men om vi ser ut av glaset så kan augene passere listene som no har vorte kvite. Dette er eit tidkrevande arbeid, men tre glas i stova er ferdig. Og jammen vart det ikkje fint og.
lørdag 2. april 2011
Klar til selskap
I år fyller Malin fire år og borna som er like gamle som henne har byrja å arrangere barneselskap. Selskap er framleis litt nytt for Malin så det er stor stas å skulle gå i selskap. Idag var ho invitert i heile to selskap, og ingenting er kjekkare enn å få pynte seg før ein skal gå.
Malin er kjempekry, ho gleder seg og vil gjerne at mamma tek bileter av henne når ho er så fin. Eg misunner henne å ha slik glede av små ting, sjå stort på alt og vere så glad for så lite.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)