mandag 31. januar 2011
Etterlengta og nødvendig maling på kjøkkenet
søndag 30. januar 2011
Førsteklassebilete
søndag 23. januar 2011
Jubileum i Åpent Hus
Oppfordringa er som følger: "Eg oppfordrar deg til å presentere noko som har stor immatriell verdi for deg. (altså som har verdi langt utover kva det kostar) og forklare kvifor. Lenke så til dette lotteriinnlegget, og send utfordringa vidare til to andre bloggarar."Strikkeproduksjon - mønstra vottar
mandag 17. januar 2011
Sjokolademums
søndag 16. januar 2011
Snømenn i tre generasjonar
mandag 10. januar 2011
Kvalitetsrammer for ein rimeleg penge
søndag 9. januar 2011
Kunst på kjøkkenet
lørdag 8. januar 2011
Sommarferieturen er bestilt
Vi håpar sjølvsagt på fint vèr og gode bademoglegheiter. I huset som vi skal bu i er det boblebad og jacuzzi samt at vi har gratis tilgang til eit badeland, så det skal ikkje stå på moglegheitene om det regnar. Marielyst ligg også nær Tyskland så planen er å få stikke innom tyskegrensa slik at vi har sagt at vi har vore der og. 
tirsdag 4. januar 2011
Nybakt brød, eit steg i riktig retning
Ingrediensar
1,5 l vann (i oppskrifta står det 2 liter, så prøv deg fram)
3 dl heile kveitekorn
3 dl olje
3 ts salt
2 dl grov rug
3 dl lettkokte havregryn
2 dl solsikkekjerner
2 dl sesamfrø
2 dl linfrø
1 pakke gjær
kveitemjøl til passe deig (ca. 1 kg)
Slik gjer du:
Kok opp 1 l av vatnet for å bløyte heilkornet. Ha den varme massa i eltebollen og spe med vatn til det er passe god temperatur. Bland inn gjæra. Bland inn mjølet, byrje med det grovaste og ha i det finaste til slutt. Ha i så mykje kveitemjøl at deigen nesten slepp bollen, og elt den i maskina i 10-15 minutt. La den heve to-tre gongar, det vil seie at du slår deiga ned igjen. Då vert det mindre gjærsmak, og brøda smakar betre. I denne oppskrifta er det brukt olje, så pass på å ikkje ha for fast deig då dei fort kan verte tørre. Bak ut fire brød og legg dei i ei langpanne. Pensle med kaffe.
Sett ovnen på det varmaste du kan. Sett brøda inn når ovnen er varm. Steik brøda der i 10 min, då får du ei knasande sprø skorpe. Så skrur du ned til 170 °C, gjerne varmluft, og steike dei ferdige der i omlag 40 min.
Har du brødbakemaskin, har Bodil tilpassa oppskrifta. Sjå her.
søndag 2. januar 2011
Nytt år, nye planar
- Trene to gongar i veka (eg skal berre sove heile natta først..)
- Drikke masse vatn og halde meg til laurdagsgodt (må berre ete opp det vi har frå jul først..)
- Montere hyller på boda. Eg ryddar boda annankvar månad fordi eg stablar alt oppe på kvarandre, og når eg treng det som er nederst vert heile boda endevendt og satt ut av system.
- Montere skap på vaskerommet.
- Bygge garasje. Material har vi fått, men det gjenstår å sende inn byggesøknad. Vi tar til når våren er komen.
- Planere nederste delen av hagen, så plen og planlegge ferdig hagen. Plantene får vi ta litt etterkvart.
- Meir tid til leik med borna (eg skal berre samle overskudd først...)
- Tid til strikking, saum, scrapping.
- Lage meir mat. Bake brød og lage fiskemat er noko av ønskja (må berre ha ein betre butikk først)
- Male lister og tak. No er alt i umala furu.
- Meir tid til vener som dette året har måtte vike for etablering i nytt hus og små born.
ETTER EN RANGEL
av Jakob Sande
I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,
trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,
trur eg.
Eg skal aldri skråla visor meir i laddevinsrus,
men syngja åndelege songar på Zidons bedehus,
trur eg.
Alle kvinnfolk som eg møter skal eg sky som berre fan,
trur eg,
og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kapellan,
trur eg.
Eg skal sitja som ein munk i ein misjonskone-ring,
og drikka kaffi medan drøset går um åndelege ting,
trur eg.
Det skal ingen meir få sjå meg når det lid til høgste natt,
trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt,
trur eg.
Eg skal leggja meg når grisen går til kvila i sitt bol,
og stå up når hanen flaksar og gjel i morgonsol,
trur eg.
Ja, i morgon skal eg byrgja på den gode veg, som sagt,
trur eg,
taka striden upp mot kjøtet og den heile djevlesmakt,
trur eg.
Men idag lyt det få vera, for eg er så spøkje tyrst
at eg mest må ha eit ølkrus til å læske meg på fyrst,
trur eg.
lørdag 1. januar 2011
Tilbakeblikk på 2010 i bileter
06.01: Eigeninnsatsen var godt i gang. Flisleggarane kom ei veke før tida og vi handla fliser i hu og hast. Heldigvis var mamma her og kunne hjelpe meg med Emil. Det var godt å ha ei trillepike når alt skulle handlast inn og bestemmast.
Kjøkkenet var eit mareritt. Eg vil ikkje anbefale å montere eit så stort kjøkken sjølv. Når benkeplata skulle tilpassast tre stadar på ein gong og benkehøgda var litt lavare enn standard grunna vindauga, vart det litt vanskelig. Vi var mange som monterte kjøkkenet og alle tolka ting ulikt. Mange kokkar....
03.01: Vi fekk god hjelp til maling og tapetsering. Espen hadde ikkje komt i mål utan at Steffen (onkel og nabo) hjalp han. Dei sto på kveld etter kveld før jul for å verte ferdig til dugnaden etter nyttår. På bileta ser du Steffen og bestefaren øverst, og Jo Vegard og svigermor nederst. Vi mala Refleksjon og Sjel til den store gullmedalje og eg er enno svært nøgd med fargevala.
06.01: Bror min, mamma og pappa budde alle med oss i den vesle leiligheta medan eigeninnsatsen pågjekk. Male, male, male.... Pappa sparkla, grunna, tapetserte og malte vaskerommet samt monterte kjøkken. André malte og mamma malte og passa unga. Stian hjalp Espen med golvlegging. Kva skulle ein gjort utan hjelp. Vi er uendeleg takknemleg.
07.05: Nattefrosten er borte og vi er i gang med plenen. Malin kosar med jord og graving, og ho er utan tvil ei utejente.
08.05: Våren kom seint, men godt. Eg har planta to epletre og bjørka byrjar endeleg å verte grøn. Espen er igang med terrassa.
17.05: To nydelege ungar i bunad. Malin koste seg denne dagen med tog, ballongar og is.
03.07: Naboane er igjen på plass for å hjelpe oss. Vèret er dårleg så vi må utnytte den tida vi har til å male. Huset har fått det første strøket og til det har Jostein, Steffen, Rune, svigermor, bestefar og André hjelpt oss i tillegg til oss sjølve.
20.11: Etter 30 år som supportar fekk Espen endeleg tatt turen til Liverpool. Det var ein stor draum som gjekk i oppfylling og han vil snart tilbake sjølv om han må ta fly. Å stå på Anfield og høyre "You never walk alone" kan vel berre dei som har vore der vite kor magisk det er.