søndag 24. oktober 2010

Snø til frustrasjon og glede

Så var første snøen komt til Valestrand. Kven hadde trudd det då det enno er oktober? Eg har litt overdose frå fjoråret enno, så dette kom ikkje som ei glede. For dei som kjenner oss eller som har lest bloggen ei stund, er det ikkje ukjent at vi sleit i vinter med å kome oss opp med bil. Vi bur på toppen av ein lang og bratt bakke. Vegen er privat og vert ikkje måka anna enn på frivillig basis av ein slektning. Sola kjem ikkje til på denne tida av året og bakken vert fort glatt og isete.
På fredag kom altså snøen og vi kom ikkje opp med bil. Eg sto fast i bakken og segla baklengs ned bakken med bilen. Eg hadde heldigvis ikkje ungane med for det var like før bilen og eg segla utfor kanten og ned fire meter i dalen. Eg kom heldigvis frå det med skrekken, men dette vitnar vel berre om at vi har ein vinter i møte og vi er spente på kor mykje snø som kjem i år. Det kan vere to veker og det kan verte fire månadar, det er ingen som veit.
Malin derimot er veldig glad for snøen. Akebrettet er tatt fram og i helga har vi leika ute. Emil har fått vere litt med Malin på akebrettet når eg drog. Dei ler og kosar seg, og ramlar over ende med vilje.
Humøret til Malin stig i takt med tida ho får vere ute og leike. Ho ler og frydar seg. Det er veldig kjekt og eg får litt glede av snøen eg og.
Vi har verken firhjulstrekk eller snøfreser, men vi må sterkt vurdere det siste innan kort tid dersom det viser seg at det vert ein del snø denne vinteren også. Ein firhjulstrekk er ganske dyrt så det må vi vente litt med. I mellomtida har vi bilen parkert i botnen av bakken og så har vi Emil i meis og Malin i handa medan vi ber alle tinga i sekk på ryggen opp bakken. Det er i slike stunder ein tenker at vi bur ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Snakk om å gå tilbake i tid! Ja det er god trim, men det er fryktelig tungvindt når ein har to små born.
Det er ikkje så lett for Emil med all snøen så han må sitte i vogn og sjå på Malin som kosar seg. Litt forskjell skal det vere på liten og stor.
Malin hylar av begeistring og akar i full fart utan skruplar.
Emil er litt lei og vil ut av vogna han og.
Den vesle prinsen får eit teppe og sitte på. Han seier ingenting og sitt tolmodig og følger med storesøstra si, men etter ein halvtime må han inn fordi han er kald. Det er nok ikkje hans vinter enno, men den tid kjem og det gleder eg meg veldig til. To ungar som hyler og ler, og som kjem inn med raude kinn og våte kle. Det er ganske koselig til tross for at eg har eit anna perspektiv på vinteren enn dei...

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ai, stakkars dykk! Eg håpar det blir ein mild vinter denne gongen - kanskje er det over allereie? :D Det var godt du ikkje sklei ut av vegen då - det må ha vore ei skummel oppleving! Fine ungar som alltid, og så har du fått slikt fin og "crisp" design her på bloggen! :)

Anonym sa...

**Siste kommentar er den beste - må iallfall prøve å sjå gleda i snøven sjølv om det er tungt til tider - ungane si glede er verdt gull, og veg opp for mykje anna :o)
Utanfor huset vårt er det snømenn i mange variantar, flaskebaner, akebaner og spor etter glade born over alt - blir no betre når ungane er større, so du får gle deg til det.. Stor klem Lenemor.

Frøken Fosse sa...

Ja, det kom brått en vinter her. Men det er jo litt deilig også, frisk og god luft, og ungene syns jo det er kjempegøy. Ikke fullt så kjempegøy med bil på sånt føre, ekkelt å seile på den måten! Her i huset snufses og hostes det, men det hører jo med!

Unknown sa...

Så flotte bilder! Hos oss har også vinteren meldt sin ankomst - og selv med en stor firhjulstrekker er man ikke sikret gode vinter-vegopplevelser ;) Det har jeg erfart! Dog kommer jeg meg alltid opp bakken! Synes vinteren er herlig - bare synd den gjør livet så komplisert! Er mye styr når så mye klær må av og på!!