lørdag 18. oktober 2008

Strikka tøfler frå Lisbeth Dahl

For det første er det vanskeleg å få Malin på snart 14 mnd til å stå modell. I tillegg er tøflene alt for store til henne, str 22/23. Men desse tøflene synest eg var så søte at eg måtte kjøpe dei likevel. Dei ser relativt enkle ut å lage sjølv, men det er litt styr med å feste skinnsåle under. Tøflene er kjøpt på Kremmerhuset.
Eg er litt i stuss på å kjøpe handlaga ting frå utlandet eller store produsentar. Ofte er det barnearbeid eller slavelønner bak eit slikt produkt. Eg bør kanskje ha min tvil til gode, vi veit vel alle at ingenting vert laga av "velståande" folk lenger og at billig arbeidskraft er alle avhengig av dersom bedrifta skal gå rundt. Eg måtte berre lette mitt samvit littegrann...

3 kommentarer:

elisabeth sa...

Ja, sånn er det nmom med absolutt alt vi forbrukere kjøper dessverre....
Men fine er de!
Ha en god lørdag med god samvittighet:)

Marie sa...

Trøysta er at utan desse små kronene dei som strikkar får hadde dei kanskje vore ennå fattigare, men det bør sjølvsagt ikkje vere gjort av barn... Det er nok mange av våre rimelege plagg som er "slava" over i eit voldsomt tempo på ein altfor lang arbeidsdag sjølv om dei er vaksne. Ein tankekross kanskje når me vil at alt skal vere så billig som mogleg...

Me kan ikkje ha vondt samvet heile tida iallefall...

God helg til deg og dine :)

Vibeke sa...

Tusen takk for koselig hilsen inne hos meg!

Sender både deg og mannen din en klem og gode tanker....

Vibeke.