lørdag 11. oktober 2008

Startskotet har gått

For to veker sidan fekk vi vite at dispansasjonsøknaden om frådeling av tomt gjekk igjennom. Idag gjekk startskotet på eit løp som vil kreve masse tid, energi, pengar og innsats for at vi skal kome til mål.
Her er tomta rett etter at vi fekk vite at den snart er vår. Tomta er prega av skog for det meste, og for at kommunen kan måle opp tomta, måtte vi felle trea. Heilt nøyaktig kor tomta skal vere, veit vi ikkje enno.
Espen har saga i fire timar idag og gjorde ein kjempeinnsats ilag med motorsaga.
Bestefaren til Espen har ein liten traktor som var grei å ha når vi skulle fjerne alle greiner som vart sagd ned. Utenom greinene vart det også lagt til sides ein del for å bruke til ved. I traktoren sit bestefaren. Han er heilt utruleg. Snart 86 år og haldt koken like lenge som oss andre.
Eg gjorde også ein innsats idag. Malin vart passa av farmora som er på besøk denne veka. Det er heilt fantastisk å vere ute og bruke kroppen til noko fornuftig. Vèret var flott til slikt arbeid, og regnet kom ikkje før vi avslutta.
Jostein, onkelen til Espen, vart også med. Det er så kjekt å få så mykje hjelp. Alle fire som jobba idag fant sine arbeidsoppgåver og alt gjekk som ein leik.
Etter endt dag ser tomta no slik ut. Du kan sammenlikne første og siste bilete og vurdere sjølv om innsatsen var bra eller ikkje. Vi er iallefall nøgde.

4 kommentarer:

Landliv sa...

Kjempebra! Og gratulerer så masse! - en ny epoke i livet starter for dere. Og en fantastisk investering å skaffe eget hjem og en eiendom slik man ønsker det. Det er ingenting jeg betaler med så stor glede som huslånet! Ser ut som vi har mange av de samme verdiene i livet... blir spennende å følge prosjektet ditt!

Anka sa...

Resultatet ble synlig og kjempe bra! Kjenner jeg fikk lyst til å gjøre noe ute når jeg ser disse bildene:) Åh... tenk alt dere har å se frem til... Alle valgene dere må ta... Dette blir gøy!!! Ha en fin Søndag.

Astrid sa...

Kor kjekt for dokke og endeleg vere igong med husprosjektet!
Godt at dokke har gode hjelparar, ikkje minst bestefaren på 86(!)tippar at han synest det er kjekt å få hjelpe til:)
Det vert kjket å fylgje med på byggeprosjektet her inne, reknar med at det vert fleire innlegg etterkvart?
Ha ein fin søndag!
(Her i gamlegrendi er det skikkeleg haust-ruskevêr -slik som det ofte er i Ørsta/Volda på denne tida av året;) )

Astrid sa...

Eg har ei lita utfordring til deg på bloggen min, håpar at du vil ta imot den:)