tirsdag 28. oktober 2008

Av og til går det berre så tregt...

Vanligvis tek det ikkje lang tid å strikke eit par tjukkelestar som attpå til er kun str 8 år, men i dette tilfellet har det tatt eitt år (!) Eg strikka 1,5 sokk og så berre slutta eg heilt brått, la strikketøyet vekk og gjorde alt anna. No tenkte eg at nok er nok og på søndag avslutta eg sokken. Det tok ikkje lang tid, det var ikkje vanskeleg, eg berre har hatt det uferdig så alt for unødvendig lenge. Eg har så mange uferdige prosjekt, det er alltid kjekkare å starte enn å avslutte. Men no håpar eg at eg fortset trenden. For tida strikkar og heklar eg på litt forskjellig, alt av restegarn. Målet er å kvitte seg med masse garn og frigjere plass til nye garn i eskene etterkvart. Vil sjølvsagt vise resultata her på bloggen, om eg vert ferdig då vel og merke...

3 kommentarer:

Astrid sa...

Eg vart besøkande nr.10.000!!!

Så flink du er som strikkar då, sjølv om det ikkje går så fort... :)
Eg har fleire gongar tenkt; at no må eg lære meg å strikke på vranga, slik at eg kan strikke lestar og vottar til ungane mine sjølv, men det er fortsatt berre med tanken med meg:/

No er eg eigentleg på nattevakt, men måtte berre innom blogglandia ein tur for å oppdatere meg litt:)

Ugla sa...

Sokkestrikking er fint å ha i helga når ein sit framom fjernsynet. Eg tenkjer og at no vileg bruke opp restegarnet. Men så ser ein noko nytt ein vil prøve, og garnkorga vert aldri tom. Sjølv om eg strikkar mange sokkepar i året. No er det snart jol, og då får dei bein å gå på!!

Anka sa...

Det var sikkelig raggsokker:) Har ikke mye å komme med på strikkefronten men en dag skal jeg også lære:) Ser veldig koselig ut da og jeg elsker å få hjemmelagde tins som et par ullsokker:) ha en flott helg.