søndag 14. september 2008

Hei sveis!

Det er inga ukjent sak for dei som kjenner Malin at ho er veldig glad i hår. Malin elskar å kose med håret sitt og sovnar gjerne med ein lokk i handa. Ho kosar mykje med mitt hår også, og det er slik ho roer seg og har det trygt. Håret hennar har no byrja å vekse for fullt, og det står som regel rett opp. Tenkte å vise dokke bileta som vart tatt av henne idag. Bøtta som dokke ser på biletet er ho forresten veldig glad i saman med ein penn og to legoklossar. Då er alt topp.

3 kommentarer:

Astrid sa...

Hihihi!
Dei er no bra søte desse små:)
Eg har ei jente som også er "hårkosar". Ho sovna av og til med fingeren i håret, ein gong vakna ho med eit hyl for fingeren sat blegg fast slik at hårlokken måtte klippast av... Fingertuppen var faktisk blå. men det gjekk bra:)

Anonym sa...

Haha, gjett kven eg tenkte på då eg såg sveisen... morfar sjølvsagt.. med håret rett opp og til alle kantar elles... Arti! Og no kjem me snart på besøk, det skal bli kjekd also!! Klem.

Irene sa...

så herlige bilder!