torsdag 30. august 2007

Vi har fått ei lita tulle

Kven skulle tru at ho kom så fort? Ikkje lenge etter at eg hadde skrive forrige innlegg, reiste vi på Haukeland. Ho kom laurdag 25.august kl 07.49. Ei lita tulle på 2320 gram og 45 cm. Den vesle prinsessa skal heite Malin. Vi kom heim idag og alle tre i familien har det bra.

mandag 20. august 2007

Aud-Marte og Ola har gifta seg

Det har vore bryllaup i helga, og eg har vore forlovar. Vigselen var i Volda kyrkje og festen på Nordfjordeid folkehøgskule. Det var ein flott seremoni og ein hyggeleg fest. Brudeparet reiser imorgon til Thailand på bryllupsreise i to veker. Ein velfortjent tur.

Været var ikkje på topp denne dagen. Det regna og blåste, og det gjekk ikkje an å vere ute. Det seiast at det betyr lykke å få regn i sløret, så dette ekteskapet lovar bra.


Vi måtte køyre eit stykke for å kome til festen etter vigselen, men når bilen er ein flott gamal Citroën, så gjer vel ikkje det noko??
Eit bilete av forlovar, brud og Bjørg. Vi tre var som erteris på heile ungdomsskulen og gymnaset og er gode venninner framleis. Eg har litt problemer med å legge ut bilete av meg sjølv i den tilstanden eg er i, men denne dagen var eg pynta til fest slik at det ikkje viser like godt kor sliten eg eigentleg er. For dokke som lurer så er det under 4 veker til termin.

tirsdag 14. august 2007

Heimelaga brød

No er vi i Volda, heimstaden min, og det har vorte produsert brød på kjøkkenet hennar mor. Eg lagar ikkje brød så ofte, men eg har ein tanke om at det skal verte rutine no når eg har vorte heimeværande. Oppskrifta på brøda er veldig enkel, og du finn den under biletet.
24 dl kveitemjøl, 4 dl sammalt grovkveite, 2 pk tørrgjær, 1 ts salt, 2 raspa gulrøter og 1 liter lunka vatn og olje (ca 0,5 dl). Bland først det tørre, hell deretter i det våte. Elt deigen. La deigen heve i 1 time, elt ut tre brød og ha dei i form med bakepapir eller margarin i. La det etterheve i 45 minutt. Brøda steikast på 180 grader i 45-50 minutt.

onsdag 8. august 2007

Nokre gåver til veslejenta som vi har fått

I mangel på noko anna meiningsfullt å skrive om, viser eg her tre heimelaga gåver vi til no har fått til veslejenta. Jakka har mamma strikka og er ei oppskrift frå Sandnes Garn. Dei naturkvite sokkane har min hemmelege ven frå april strikka i alpakka garn. Dei rosa sokkane har studenten eg var veiledar for på jobben strikka. Veldig flotte gåver alle saman. Eg kjem til å legge ut bilete av alle heimelaga gåver eg får. Det synest eg dei flinke tausene fortjener.