Er ikkje Volda ein fin stad vel?
mandag 28. april 2008
På heimtur
Eg og Malin har tatt oss ei lita ferieveke til Volda kor eg kjem ifrå. Bilete under er tatt frå nettstaden voldaveiret.no som viser vèret i Volda til kvar ei tid. I tillegg viser sida mykje flotte bileter frå Sunnmøre. Eg har gløymt usb-kabelen til kameraet, så bileter frå turen viser eg når eg kjem tilbake til Bergen.
Er ikkje Volda ein fin stad vel?
Er ikkje Volda ein fin stad vel?
fredag 25. april 2008
Nokre bileter frå godvèrsdagane
Desse bileta hadde eg tenkt å legge ut på bloggen litt før, men det har vore litt problemer med å få til å laste ned kamerabileta frå mobilen til Espen. No har regnet byrja igjen, og då passar det vel fint med litt bileter frå dei fine dagane vi har hatt. Under ser dokke bilete tatt frå Fløyen. Vi hadde søstra og nevøen til Espen på besøk, og med det fine vèret passa det godt med eit besøk på Bergens stolte utkikspunkt. På biletet ser dokke Bergen, Askøy og Øygarden.
.jpg)
På søndag tok vi turen ut til Osterøy for helse på familien. Vi vart møtt med vafler og kaffi på terrassen til tanta til Espen. Malin fekk introdusert ein kjekk stol og nokre spennande klossar. Ho har kost seg masse i det fine vèret og humøret har aldri vore så bra som no. Eg håpar det fortsetter trass i at det har byrja å regne.
Og her ser dokke noko av garden til bestefaren til Espen. Dersom dokke ser godt etter, så har eg teikna inn ei raud pil som viser kor vi ønskjer at huset vårt skal stå. På toppen kan ein sjå utover Valestrand og fjorden. Eg snakka med plan-og bygningsavdelinga igår, og dei stiller seg positive til byggjinga. Både Fylkesmannen og Fylkeskommuna, samt Heradsstyret skal ha noko å seie i denne saka, så utfallet veit vi ingenting om enda. Vi kryssar fingrane for at vi får byggje. Staden er iallefall idyllisk, landleg og ikkje minst er det her Espen har vokse opp.
.jpg)
På søndag tok vi turen ut til Osterøy for helse på familien. Vi vart møtt med vafler og kaffi på terrassen til tanta til Espen. Malin fekk introdusert ein kjekk stol og nokre spennande klossar. Ho har kost seg masse i det fine vèret og humøret har aldri vore så bra som no. Eg håpar det fortsetter trass i at det har byrja å regne.
fredag 18. april 2008
Malin og vårsola smiler om kapp
Det er eit fantastisk vèr ute. I sola er det godt og varmt. Malin opplever sin første vår og no har eg byrja å setje henne i vogna slik at ho får sjå ut. Ho sitt å ler, smiler og koser seg. Eg sette henne i stolen på verandaen idag, og det verka som ho likte det godt. Malin er i kjempehumør om dagen, akkurat slik som meg. Det er herlig å være ute og i følge meldingane skal det vere sol kvar dag heilt til neste helg.

søndag 13. april 2008
Tid for loppemarknad
Det er vår og tid for loppemarknad. Denne helga var det loppemarknad på to skular her i bydelen, og eg må seie eg er svært forundra over kva arrangørane kan ta seg betalt for noko andre ikkje vil ha lengre og gir vekk gratis. Eg vert irritert når selgjarane står bak borda og prøvar å leike kremmar, og konkurrerer om å få best mogleg pris. Til dømes måtte ein gi 40 kr for ei bok. Her snakkar vi om gamle, brukte bøker som du kan få tilsvarande ny på butikken for 50 kr... Dette provoserer meg. Er det ikkje meninga å verte kvitt mest mogleg slik at ein får mest mogleg pengar til inntekt for korpset sitt? Det skal seiast at eg kjøpte ei bok til 40 kr, og det skar meg i hjarte. Boka handla om Bergen i krig, noko som Espen er svært interessert i. Av andre ting eg ikkje har tatt biletete av, så kjøpte eg eit Liverpool-krus til Espen.
Etter at eg mista bestemødrene mine for vel eitt år sidan, så har eg byrja å setje pris på små søte skåler, vasar, mugger og liknande som minner meg om dei. Her er det avbilda ei fløtemugge, kaffisukkerskål, saltbøsse, to små vasar til markblomar, samt lysestakar og eit serveringsbrett i fattigmannssølv. Eg betalte 140 kr tilsamen. Ikkje noko kupp kanskje, men eg gir alltid litt ekstra når det er skulekorps fordi eg sjølv spelte i eitt i min barndom.
Elles så kjøpte eg ei bok frå 1905. Bokstavane i boka er uleseleg og samstundes veldig fine. Arka kan eg vel få bruk for. Fint til kort, scrapbook og diverse. Berre fantasien set grenser. Boka ga eg 10 kr for. Så kjøpte eg ei bok om sjal til kr 20 og ei bæremeis frå Bergans til kr 100,-. Så no vert det tur til sommaren.
Elles så kjøpte eg ei bok frå 1905. Bokstavane i boka er uleseleg og samstundes veldig fine. Arka kan eg vel få bruk for. Fint til kort, scrapbook og diverse. Berre fantasien set grenser. Boka ga eg 10 kr for. Så kjøpte eg ei bok om sjal til kr 20 og ei bæremeis frå Bergans til kr 100,-. Så no vert det tur til sommaren. Allereie neste helg skal vi i nye loppemarknadar. Det er ikkje alltid at eg kjøper så mykje, men det er litt artig å kike på alt skrotet som folk har hatt i heimane sine. Det er også litt moro å sjå enkelte som kastar sg inn dørene når det opnar, spring bort til borda og triv til seg alt mogleg skrot og skrap. Idag såg eg forresten to eldre damer som krangla om ein julepynt i Nille-stil. Kjære vene, seier no eg...
søndag 23. mars 2008
Mormor og Malin
Vi har feira påska på heimstaden min. Snøen har lava ned og det har vore sol berre ein dag. Vi har vore for det meste inne pga vêret og Malin har blant anna kosa seg med mormor.
Mormor er det perfekte klatrestativ, særleg når ho har eit hår som er kjekt å ete på...
Så mykje snø har Malin aldri sett før. Snøen er kvit og skarp i lyset, men litt nyskjerrig vart ho av alt det blendande, kalde som kom frå himmelen.
Mormor er det perfekte klatrestativ, særleg når ho har eit hår som er kjekt å ete på...Så mykje snø har Malin aldri sett før. Snøen er kvit og skarp i lyset, men litt nyskjerrig vart ho av alt det blendande, kalde som kom frå himmelen.
fredag 7. mars 2008
Vottar i full fart
Eg har strikka eit par vottar etter oppskrift frå eige hovud. Garnet er dobbel alpakka og strikka på pinne 5. Dei vart ferdiglaga på 1-2-3. Vottane skal Malin ha på seg når ho ligg i vogna.
mandag 25. februar 2008
90 trådar å feste og to ulike buksebein
Eg har strikka ei ullbukse som er tiltenkt barnehageklede til Malin. Den er str 1 år og er strikka i Mor Aase. Dersom dokke har lese tidlegare innlegg om mine strikketabbar, så går det fram at eg har ein tendens til å gjere ein del feil når eg strikkar bukse. Denne gongen var ikkje noko unntak, men feilen er ikkje så fatal at eg måtte rekke alt opp att. Eg oppdaga at eg hadde ti maskar for lite når eg skulle byrje på det andre beinet. Det enda med at eg lot vere å felle øverste delen av buksebeinet. Det var best å gjere det slik for at husfreden skulle bevarast.
Vi har byrja å flytte ein del av innboet til vår nye heimstad, deriblant garnet mitt (!), og no har eg abstinens etter å kikke nedi garnkassene mine. Eg trur eg må hente dei tilbake. Eg har nesten ikkje uferdige prosjekt lenger, tru det eller ei...
Vi har byrja å flytte ein del av innboet til vår nye heimstad, deriblant garnet mitt (!), og no har eg abstinens etter å kikke nedi garnkassene mine. Eg trur eg må hente dei tilbake. Eg har nesten ikkje uferdige prosjekt lenger, tru det eller ei...
mandag 18. februar 2008
Spinnvill og strålande blid.
Eg har funne kabelen. Den var ikkje lenger vekk enn under sofaputene. Eg leita berre i den eine sofaen, eg skjønar ikkje heilt kva eg tenkte på...
Fleire venner av meg etterlyser bileter av Malin. Vel, her er to ferske bileter av prinsessa. Ho er svært aktiv og stort sett blid. Ho har oppdaga beina sine, og ho snurrar rundt, spreller og rullar rundt i håp om at meir av verda vert oppdaga. Det er heilt utruleg kor raskt alt går. Eg synest det skjer noko nytt nesten kvar dag. I det siste har vi byrja så vidt å høyre latter frå henne, det er gøy.
Fleire venner av meg etterlyser bileter av Malin. Vel, her er to ferske bileter av prinsessa. Ho er svært aktiv og stort sett blid. Ho har oppdaga beina sine, og ho snurrar rundt, spreller og rullar rundt i håp om at meir av verda vert oppdaga. Det er heilt utruleg kor raskt alt går. Eg synest det skjer noko nytt nesten kvar dag. I det siste har vi byrja så vidt å høyre latter frå henne, det er gøy.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
