fredag 7. mars 2008

Vottar i full fart

Eg har strikka eit par vottar etter oppskrift frå eige hovud. Garnet er dobbel alpakka og strikka på pinne 5. Dei vart ferdiglaga på 1-2-3. Vottane skal Malin ha på seg når ho ligg i vogna.

mandag 25. februar 2008

90 trådar å feste og to ulike buksebein

Eg har strikka ei ullbukse som er tiltenkt barnehageklede til Malin. Den er str 1 år og er strikka i Mor Aase. Dersom dokke har lese tidlegare innlegg om mine strikketabbar, så går det fram at eg har ein tendens til å gjere ein del feil når eg strikkar bukse. Denne gongen var ikkje noko unntak, men feilen er ikkje så fatal at eg måtte rekke alt opp att. Eg oppdaga at eg hadde ti maskar for lite når eg skulle byrje på det andre beinet. Det enda med at eg lot vere å felle øverste delen av buksebeinet. Det var best å gjere det slik for at husfreden skulle bevarast.

Vi har byrja å flytte ein del av innboet til vår nye heimstad, deriblant garnet mitt (!), og no har eg abstinens etter å kikke nedi garnkassene mine. Eg trur eg må hente dei tilbake. Eg har nesten ikkje uferdige prosjekt lenger, tru det eller ei...

mandag 18. februar 2008

Spinnvill og strålande blid.

Eg har funne kabelen. Den var ikkje lenger vekk enn under sofaputene. Eg leita berre i den eine sofaen, eg skjønar ikkje heilt kva eg tenkte på...

Fleire venner av meg etterlyser bileter av Malin. Vel, her er to ferske bileter av prinsessa. Ho er svært aktiv og stort sett blid. Ho har oppdaga beina sine, og ho snurrar rundt, spreller og rullar rundt i håp om at meir av verda vert oppdaga. Det er heilt utruleg kor raskt alt går. Eg synest det skjer noko nytt nesten kvar dag. I det siste har vi byrja så vidt å høyre latter frå henne, det er gøy.

torsdag 7. februar 2008

"Velkommen til verden"

Scrapbook er plutseleg vorte min nye hobby. Det er mykje enklare å sette seg ned å lage ei side til eit fotoalbum enn å ta fram eit strikketøy som tek mykje lengre tid å fullføre. Denne gongen har eg laga ei side eg kallar "Velkommen til verden". Tittelen er tatt frå eit gratulasjonskort og burde ideelt sett ha vore på nynorsk, men diverre er det ingen som lagar kort på det vakraste språket vi har. Eg har tenkt å skrive under kvart bilete. Bileta er frå fødestova og vi ser vel litt slitne ut begge to, men øyeblikket er stort og bør forevigast på eit vakkert papir. Eg har brukt to ulike mønsterark, lysblå kartong, stropper til ein tiltenkt kjole som aldri vart noko av, litt blomar og perler. Eg er godt nøgd iallefall. Det er kanskje ikkje lett å sjå alle detaljane på layouten. Det skyldast dårleg lys og eit halvgodt kamera.

mandag 4. februar 2008

Scrapping

Sidan laurdag har eg hatt besøk av Rigmor, ei venninne eg budde saman med ei periode i Sogndal. Rigmor bur til vanleg i Fetsund, og vi har ikkje sett kvarandre på 2,5 år. Rigmor er like stor hobbyfantast som meg og har tatt med seg utstyr for scrapping. Eg har aldri prøvd det før og hadde ikkje planer om å verte hekta, men idag var eg og Rigmor på Papirgleder på Sotra og eg brukte 600 kr... Er det ikkje typisk? Til mitt forsvar så har eg tenkt lenge på å lage fotoalbum til Malin. Ikveld har vi scrappa og eg har fått innføring i min kanskje nye hobby.
Rigmor i full iver ved Papirgleder. Det er vanskeleg å begrense seg.
Scrappeaksjon ved kjøkkenbordet. Rigmor lagar ei side om sønnen som cowboy.Resultatet vart veldig fint.
Mi første scrappeside. "Malin 1 mnd". For dei erfarne er denne sida ganske enkel. Eg synest det var vanskelegare enn eg hadde førestelt meg på førehand.

Scrapping

søndag 13. januar 2008

Nedtur

Det hendte meg det erglegaste igår. Eg hadde byrja å strikke på ei ullbukse til Malin. Dobbelt garn og str 1 år. Kom til beina, og då oppdaga eg at buksa var ALT for stor. Eg måtte rekke opp alt saman. Eg har så lite tid og ork til å strikke noko særleg, så det går frykteleg seint, og no var alt bortkasta. Det er så irriterande! Eg mistar heilt piffen.
Slike liknande historier har eg mange av. F.eks så strikka eg ei anna bukse kor eg fordela maskene på beina ulikt. Eg la ikkje merke til at det eine beinet var mykje større enn det andre før eg nesten hadde strikka buksa ferdig. Telle, kva er det? Eg vart så oppgitt at mamma måtte fullføre beina for meg.
Ein gong strikka eg ein buksedress (eg har visst uflaks med desse buksene) kor garnet hadde ulikt fargebad. Dvs at det eine beinet har ein annan fargenyanse enn resten av dressen. Sidan den gong har eg sjekka fargebadet på etiketten.
I starten av mi strikkekarriere så hadde eg høge ambisjonar om å strikke ein kjole. Masse mønster og det tok lang tid. Eg skulle vere så smart og auke pinnestørrelsen i forhold til det oppskrifta var i utgangspunktet. Det eg ikkje tenkte på var at då må maskeantallet minskast. I tillegg prøvde eg ikkje kjolen før eg var ferdig. Etter mange månaders arbeid, fant eg ut at kjolen var alt for stor.
Mykje arbeid har blitt rekt opp, men oftast lærer eg ikkje av mine eigne feil. Håpar at fleire av dokke kan ha glede av denne historia dersom dokke sjølve gjer litt tabber av og til. Det har seg nemleg slik at strikking vert eg aldri lei, uansett kor lite eg lærer av mine eigne feil.

torsdag 3. januar 2008

Jul i Haugesund

I år feira vi jula i Haugesund hjå farmora til Malin saman med tantene, søkenborna og oldefaren. Vi var tilsaman 10 stykker. Tenkte å vise dokke bileter frå julafta. Bileta er ikkje av den beste kvaliteten. Det er ikkje så lett å få til bra bileter når det er lite lys samtidig som at eg vil vise stemninga med levande lys og dempa belysning.
Med tre born tilstades, så vert det mykje pakker og i år var det mange store pakkar som tok stor plass. Vi merka godt kor trongt det var rundt juletreet i den vesle stova.
Sander er ein flink gut på 7 år som passar kusina si.
Julegåvene må prøvast. Her sit Malin saman med tante Camilla.
Det er godt å ha eit fang å kvile seg på når pakkane er opna.
Når alle gjestane var gått, var det godt med ein pust i bakken.