mandag 30. september 2013

Golv i garasja

Det er lenge sidan eg har vore innom bloggen no, men her er eg plutseleg. Det er kjekt å blogge om store ting som skjer. Å tidfeste og vise bileter synest eg er givande. I helga oppfylte vi ein etterlengta draum. I garasja har vi fått golv av betong!
Først  var planen at vi skulle støype sjølv, men kvaliteten ville verte dårlegare og prisen høgare, samt mykje meir arbeid. Då er det ikkje noko å stusse på så då fekk i betongbil på tunet laurdagsmorgon.
På førehand hadde Espen og Steffen lagt plastdekke og armeringsjern. Emil fylgde spent med på det som skjedde.
Det er godt å ha ei hand og halde i når bilane er store og ting er litt ukjent.
Vi har venta på å få golv lenge. No når golvet er på plass kan vi endeleg sette i garasjeportane og listene. Vi kan og få singel på tunet, og vi kan lage hyller og arbeidsbenk i garasja. Og det igjen fører til utrydding av eit stappfullt vaskerom. Kjedereaksjonar!
Det er utruleg kva ein klarer å stappe inn i ei garasje. Trudde garasja var til bilane eg, men begge står på tunet.... Og sjå den flotte veden inni boda, den har eg satt i sekkar. Må no skryte av det vesle eg gjer, det er mest Espen som regjerer ute.
Betongbil i sandkassa. Også den yngre garde bygg garasje.
Sjå danseplattingen! Ein god porsjon innsats og ein halv Sydentur resulterer i dette flotte golvet.

torsdag 5. september 2013

Hagen idag

Fargane er i ferd med å endre seg og det er ikkje lenger tvil om at det er haust. Eg har sett litt fram til hausten i år då sommaren har vore hektisk. Eg vonar det vert meir tid til dei små ting istaden for å henge etter alt som skulle ha vore gjort. Det har vore lite blogging om hagen til no denne sommaren, men det manglar ikkje på bileter i arkivet så bileta kjem. Idag har eg tatt nokre bileter frå hagen slik den er no. Den er langt frå optimal, men eg har valgt å gi hagen nokre år før eg kan forvente den store avkastninga med alt arbeid og pengar vi til no har lagt ned i hagen.
Haustfloks og asters blømer i store mengder. Storkenebben har og stått i bløming lenge. Eg kjem ikkje til å tillate at astersen sprer seg så alt for mykje meir, men eg treng litt påfyll av blomar i dette området. Eg sådde nokre blomar i vår, men dei kom ikkje så det ser litt nakent ut.
Same stad tatt frå ein annan vinkel. Myskmalvaen har bløma lenge og dei heldt seg godt sjølv om det både regnar og bles. Heilt nederst i bilete kan ein skimte toppen av lavendelen som eg måtte klippe heilt ned etter vinteren, men som no har kome opp sakte, men sikkert.
Stokkrose og revebjelle. Nokre blomar er så fantastisk laga, eg vert så glad inni meg når eg studerer detaljane.
Ulike roser og flotte fargar. Mange av rosene kjem igjen så det vert mykje klipping.
Øverste bilete: Eplemynte, erteblome og løvemunn. Deilige dufter alle tre. Nederste bilete viser solsikke frå barnehagen. Litt lys i fargen, men kanskje det skal vere slik.
Polarblågull og blå balltistel. Den lilla sommarfuglbuska trudde eg ikkje overlevde vinteren, men eg klipte den heilt ned og då kom den. Duftar fantastisk,
Myskmalvaen, den rosa, har overraska meg. Den har blitt kjempestor! Og den blømer lenge og det er veldig kjekt. Ringblomst er jo eit vakkert syn ilag med Mandarinrosene som har kome igjen. Det er ein del gras rundt bedet så eg får ikkje heilt fram inntrykket. Tru meg, det er fint! Og det eine eplet vi har i hagen må sjølvsagt få plass i galleriet. Eg funderer på kva eg skal gjere meg eplet. Det eine eplet kan verken gi meg saft, sylte eller kake. Det spørs om vi ikkje må dele det i fem og nyte biten slik den er.

Ønskjer alle ein fin dag, kjem med meir hagebileter frå i sommar seinare i haust.