Då vi bur i Noreg forventar vi ikkje at det skal vere sol kvar einaste dag om sommaren. Vi har ein veranda i andre etasje som gir tak til delar av terrassa under. Her er det kveldssol og ein fin stad å sitje dersom det regnar. Utover sommaren veks det roser og klematis oppover espalieret som gjer kroken lun og koseleg.
Igår handla eg i full fart på Nille med tre born på slep. Eg kom heim med dette cafésettet, grøn blomepotte og fuglebur, samt nokre sommarblomar som eg kjøpte på ein blomebutikk. Kjapt og billeg! For to år sidan fekk eg duk og to putetrekk (Kremmerhuset)\i bursdagsgåve. Planen har vore heile tida å bruke det til dette formålet, men det har tatt tid som dokke skjønnar før det vart gjort. Derfor var det veldig kjekt å få fullført planen. Eg har tenkt å ha fugleburet hengande på ein krok på veggen, får heller vise det dersom det vert gjort. Kanskje om to år...
Viser innlegg med etiketten Veranda og terrasse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Veranda og terrasse. Vis alle innlegg
lørdag 1. juni 2013
onsdag 25. juli 2012
Ny terrasse på 1-2-3
På sør-austsida av huset har vi ein solvegg som kan nyttast tidleg på året. Her er det lite vind og det er godt og varmt heile dagen. No når Espen har permisjon/ferie har han laga terrasse på denne sida. Denne sida av huset har vore prega av boss og rot heilt sidan vi flytta inn, men no har standaren tatt seg opp.
Terrassa er ikkje stor, men til vårt formål heldt den. Den skal beisast i same farge som terrassa på framsida.I tillegg har Espen gjort ferdig trappa til vaskerommet. Her må vi også male ferdig. Ifjor var det så dårleg vèr at vi fekk ikkje malt noko på huset. I år må vi få malt ferdig det som ikkje har fått malingstrøk til no. I front av bilete ser dokke plenen som er på veg til å verte grøn. Og mellom plen og terrasse skal det kome murkant som Espen har skaffa stein til, og vi skal fylle gangvegen med singel når muren er ferdig. Det er så kjekt med alt som vert gjort, det kjem seg litt og litt heile tida.
lørdag 26. mai 2012
Terrassa før og etter beising
Tenk at det er så varmt at vi må sitte inne! I ettermiddag då vi skulle grille måtte vi sitte i skuggen. Det var brennheitt og ingen vind som hjalp oss. Vi skal ikkje klage, det er heilt fantastisk. Vi kosar oss heile dagen lang. Akkurat no er det fint ute. Klokka er halv ni om kvelden så den verste varmen har forsvunne, men vi sitt i shorts og singlet og ventar på at landskampen skal byrje (inne).
Terrassa som Espen bygde for to år sidan har enno ikkje fått seg eit penselstrøk. No var det på høg tid og vi har vèret på vår side. Over ser dokke terrassa slik den var etter at Espen vaska den.
Og her er terrassa etter to strøk med Butinox gylden. Det gjekk veldig fort då Espen brukte rulle. Så får vi håpe at vi kan ta i bruk terrassa imorgon og vente med nye strøk eit par år fram i tid.Det er så vidt vi har møblar til å ha ute, så det står på ønskjelista. Kanskje sparegrisen er ekstra spandabel etter å ha fått så fin terrasse?
fredag 3. juni 2011
Vaskebalje med ny funksjon
Gammalt skrot som ingen vil ha har ofte mange minner. Synest det er kjekt å redde ting frå søppeldunken dersom den gjer seg betre hjå meg. Trur det vert satt pris på at vi "unge" likar gamle ting.
Deilig vèr ute, håper det varer for alt er gjennomvått og lite som minner om at vi har kome til juni og sommartid. God helg alle!
mandag 25. april 2011
Siste nytt frå hagen
Etter ei veke med påskeferie var det rett ut i hagen. Det har ikkje skjedd så mykje på ei veke, men litt grønare har det vorte og fuglane syng for full hals i tretoppane.
mandag 5. juli 2010
Sommaren slik den eigentleg er
Dokke kan få sjå det først som sist. Slik er sommaren vår, iallefall store delar av den. Vind, regn og 13 grader. Bileta er tatt akkurat no 5.jul kl 09.30, heilt uredigert altså.
Eli-Kari sa på tv no at det ventast ein våt juli i Nord-Norge og på Vestlandet. Og at lavtrykka kom som perler på ei snor. Takk for den!
tirsdag 8. juni 2010
Første utebad for året
Det har vore varmt nok i ettermiddag til at vi kunne leite fram bassenget, fylle det med vatn og la Malin sprade naken rundt. Å det er så herleg med sommar!!
torsdag 20. mai 2010
Ute i sola og planteloppemarked
Å for ein herleg dag! No kjem sommaren, det er eg heilt sikker på. Eg har sommarblomane mine ute om natta og eg har tatt på meg shorts for første gong i år.
Den nederste planta til høgre ser dokke har ikkje navn. Den veit eg nemelg ikkje kva heiter. Det visste ikkje onkelen til Espen heller som har hatt meg som tjuv i hagen sin. Den sprer seg lett som eit teppe i bedet og er blå av farge. Blomane er ganske små.
På nært hald ser den slik ut. Litt mørkare i blåfargen enn på bilete. Veit du kva den heiter?
Om nokon har lest forrige innlegg så spurte eg der om nokon visste kva eg kunne gjere dersom nokre av plantene ikkje veks slik som dei skal. Igår forhørte eg meg med ei som jobbar der eg har kjøpt plantene, og ho ber meg om å returnere dei for å få nye. Blomar er som mennesker, fekk eg vite, dei fungerer ulikt slik som oss.
torsdag 13. mai 2010
Terrassa straks ferdig!
Det er ein flott dag å ha heilagdag på sjølv om ikkje vi har halde den heilag idag. Sola har stått på himmelen og det har faktisk vore så varmt at vi har tatt av oss jakka. Espen med hjelp av Steffen og Jostein har nesten bygd ferdig terrassa. Espen har berre litt igjen så er det ferdig.
I Emil sine sovestunder fekk eg tid til å plante i mine tre nyinnkjøpte krukker. Vi var på Plantasjen igår, men eg klarte å la vere og kjøpe alt eg hadde lyst på. Å kor herleg det er med blomar! Blomane eg har i krukkene er Margeritta, Eføy, Pelargonia og Brachyscome. Faren for frost er diverre tilstades enno så eg må setje dei under tak kvar natt og ha eit laken over.
søndag 9. mai 2010
Terrassebygging dag 2, litt planting og litt kos
Litt ut på formiddagen, eigentleg alt for tidleg på ein søndag, byrja Espen og Steffen med terrassa. Utfordringa er å få dei første borda beine slik at resten av jobben går smidig. Jostein kom etterkvart og hjalp til, og litt har no dei fått til idag og. Det er lov og ha korte dagar og spesielt på ein søndag er det lov og kvile. Det ser bra ut så langt.
Det er meir igjen av dagen, men om vi vert så mykje meir ute er usikkert. Det er nemlig gråe, tunge skyer ute og regndropar i lufta.
Etiketter:
Blomar og planter,
Familie,
Veranda og terrasse
lørdag 8. mai 2010
Terrassebygging dag 1 og planting av epletre
Tidleg opp som vanleg, men denne gongen starta den med at vi lempa boss i varebil. Espen og Jostein køyrde avgårde til BIR og måtte ut med 750 kr (!) for å kvitte seg med dette. Eit ran, spør du meg. Ikkje er vi ferdig med bosstømminga heller. Vidare satte Espen og Jostein igang med terrassen. Eg derimot har passa ungar der den eine ikkje kan vere ute og den andre berre MÅ ut. Nyte sola, våren, fuglesong osv har eg ikkje hatt tid til, men følgande har vi altså gjort idag:
Det er deilig å sitte på trapp, berre sitte der rett opp og ned... Treng ein nokre sekund pause, er kjeks ei god løysing.
Når ein må velje mellom å vere ute eller inne i så fint vèr, vel ein sjølvsagt sola og den blå himmelen. Ein liten kosekrok som skygga for sola vart løysinga slik at Emil kunne vere ute. Malin koste seg også her sjølv om det lett vert litt kaotisk med kos på ein kvadratmeter.
Emil er så snill og grei, han ligg der og leikar seg, smilar når du ser på han og klagar veldig lite. Han er så god. Måtte det vare...
Ramma til terrassa er klar og søyleskoa er festa. Espen har laga ei ramme rundt kvar av dei og støypt i. Bjelkelag og terrassebord ventar i morgon. Må tilføye at Steffen har hjulpe oss idag og.
Flagget vart tatt fram på frigjeringsdagen. No når bjørka har byrja og springe ut, er det norske flagget så flott og sjå på. I same rennet viser eg dokke hagen rundt huset, eller hage og hage.. Lat oss seie forma på utearealet. Førebels er det berre jord.
Kanskje vanskeleg og sjå men det nederste bilete har eg laga to raude piler som viser epletrea eg har planta idag; Aroma og Prins. Eg har inndelt hagen i fleire "seksjonar", og eg har ein plan med dette området som eg sikkert fortel om ein annan gong når vi/eg er sikker på kva som vert her.
Styringshuset til Biovacen er så stygg og prangande. Den skal vi kamuflere med ein tuja eller liknade iløpet av sommaren. Fattar ikkje at dei måtte montere den så høgt, den er berre så stygg! I skråningane må vi finne på noko som ikkje er lukekrevjande sidan dei er så bratte. Skråninga langs vegen tenkte vi å fylle med surjordsplanter og ha bark på. Dei andre kan vi kanskje legge ein duk på og plante noko som kryp utover. Kanskje du har ein idé til dette?
Ramma til terrassa er klar og søyleskoa er festa. Espen har laga ei ramme rundt kvar av dei og støypt i. Bjelkelag og terrassebord ventar i morgon. Må tilføye at Steffen har hjulpe oss idag og.
Flagget vart tatt fram på frigjeringsdagen. No når bjørka har byrja og springe ut, er det norske flagget så flott og sjå på. I same rennet viser eg dokke hagen rundt huset, eller hage og hage.. Lat oss seie forma på utearealet. Førebels er det berre jord.
Kanskje vanskeleg og sjå men det nederste bilete har eg laga to raude piler som viser epletrea eg har planta idag; Aroma og Prins. Eg har inndelt hagen i fleire "seksjonar", og eg har ein plan med dette området som eg sikkert fortel om ein annan gong når vi/eg er sikker på kva som vert her.
Styringshuset til Biovacen er så stygg og prangande. Den skal vi kamuflere med ein tuja eller liknade iløpet av sommaren. Fattar ikkje at dei måtte montere den så høgt, den er berre så stygg! I skråningane må vi finne på noko som ikkje er lukekrevjande sidan dei er så bratte. Skråninga langs vegen tenkte vi å fylle med surjordsplanter og ha bark på. Dei andre kan vi kanskje legge ein duk på og plante noko som kryp utover. Kanskje du har ein idé til dette?
tirsdag 13. april 2010
Sol, is og veranda
Idag var det så varmt at Malin kunne gå i gensar og utan hue, og Espen gjekk berre i t-skjorte. På verandaen vert det ganske varmt og då kjem lysta på is med ein gong. Det verkar som det er slik for dei fleste. Malin og Espen kjøpte årets første uteis og ein del av isen havna i fjeset til Malin.
Malin stilte opp villeg for fotografen når eg sa ho måtte vise at ho hadde ete is.
Ho er eit lite troll med mange rare påfunn.
Ho har ikkje gitt seg med tanken om å ake og drog med seg akebrettet nedover bakken. Så satt ho seg på akebrettet klar for å ake, men når ho ikkje kom nokon veg høyrde vi henne: "Hjeeelp!"
Seinare ville ho laga snømann. Kva er det med henne?! Er ho ikkje lei av snø? Ho kosar seg i vårvèret så eg håpar ho gløymer vinteren ganske fort.
Verandaen er nesten ferdig, berre lista oppå som manglar. Seinare kjem det terrassse nedanfor. Eg ser for meg kasser med blomar på kvar side av opninga, trur ikkje du det vert fint?
Malin fekk seg nye joggesko igår. Her viser ho dei stolt fram slik at mormor skulle få sjå :-)
søndag 11. april 2010
Deilig med søndag
Det har vore ein travel, men kjempefin søndag. Eg starta dagen med å lage kjøttkaker og rydde huset. Ikkje verst berre det for det var ganske mykje og ta tak i... Så fekk vi besøk av Trude, Per, Eirik og Julie. Alt for lenge sidan sist og timane gjekk så alt for fort. Herleg vèr og godt selskap gjer søndagen til ein flott dag.
Ungane fant tonen fort og dei trolla rundt huset og fann på alt muleg rart. Malin tok dei med på tur til ukjende naboar fordi dei skulle disse. Så har dei tatt fram akebrettet og sprunge nedover bakkane, kanskje for å finne snøen? Ikkje veit eg kva som foregår opp i hovudet deira, men snøen klarer eg meg fint uten..
Så deilig å setje seg på terrassen når vèret er som dette!
Ungane fant tonen fort og dei trolla rundt huset og fann på alt muleg rart. Malin tok dei med på tur til ukjende naboar fordi dei skulle disse. Så har dei tatt fram akebrettet og sprunge nedover bakkane, kanskje for å finne snøen? Ikkje veit eg kva som foregår opp i hovudet deira, men snøen klarer eg meg fint uten..Så deilig å setje seg på terrassen når vèret er som dette!
lørdag 10. april 2010
Terrassebygging i vårsola
Det har vore frost i natt og idag tidleg viste gradestokken -2 grader. Likevel, ved 0,2 grader var Espen ute og hadde byrja med bygginga som han starta på igår ettermiddag. Rim og frost forsvann etterkvart og dagen har utarta seg til å verte strålandes og varm.
Malin fann fram meterstokken og blyanten sin og skulle hjelpe pappa. Ho vert fort lei og går litt ut og inn av huset, vil vere litt med mamma og litt med pappa. Det var kaldt i morgontimane så vi kledde godt på ho, men etterkvart som timane gjekk vart det mindre og mindre klede.
Emil har vorte tyngre å bere og då er det kjekt med ein stol å sette han i. Desse små skal no ikkje ha sol på seg, så eg satte han under en paraply. Han er no så snill og seier ikkje så mykje, men det verkar som han likte å vere ute i frisk luft. Han søv mykje betre iallefall når han ligg ute i vogna si.
Malin er ei rampejente. Ho er midt i trassalderen og har mista øyrene sine ein ukjent stad. Det er til tider ei tolmodsprøve å vere med ho, men vi har heldigvis mest med kjekke stunder. Ho likar å vere ute, men det er litt vanskeleg å gå på store steinar og i mold. På dette biletet hadde vi akkurat sunge ein sang. Ho elskar å synge og synging hjelp mot alt.
Stian og Steffen kom og hjalp Espen på slutten. Då gjekk det fort og heile terrassegolvet er lagt. Imorgon er planen å få opp rekkverk. Eg har forresten rydda litt skog idag, men det kan eg snakke meir om imorgon. Det har vore ein flott vårdag, det er sikkert!
fredag 9. april 2010
Våren er komen, men problema tek ikkje slutt
No livnar det verkeleg i lundar her oppe på Dansebakken. Vi er omringa av fuglar som syng sin finaste song oppi trea. Det er verkeleg herleg å bu landleg og faktisk lukte og sjå at våren er komen. Når vi budde i byen var ikkje dette noko sjølvsagt. Det skjer mykje hjå oss om dagen, men vi er framleis utan internett slik at blogginga kjem ikkje så ofte som eg skulle ønskje.
Espen har fått seg ny motorsag og har tatt trea framfor huset. No kan vi sjå fjorden og ferja veldig godt når blada kjem på trea. Han held også på å ta tre og busker der vår framtidige plen/hage skal vere. Vi let bjørkene stå igjen for dei er så vakre. Vi rakar stein til den store gullmedalje. Det er ikkje lite som må rakast. Førebels tek vi området som kun er slåttemark slik at det ikkje skal kome stein i slåmaskina. Vi ventar meir jord i sjølve hagen.
Espen kjøpte materiale idag og er igang med terrasse framfor huset. Terrassa skal ha to høgder og førebels er det berre øverste trinnet som byggast. Den er 4 m x 1.8 m (mellom stolpane). Den nederste delen ventar vi med til all jord er tilkøyrd og gravearbeidet er ferdig.
Sjølv om våren er komen og humøret stig automatisk, vert vi ikkje kvitt desse spøkelsa som dukkar opp. Idag kom telemontøren og skulle koble internett, men måtte reise utan å fullføre arbeidet fordi elektrikar har gjort ein amatørmessig jobb. Elektrikaren var her på tysdag og trakk telekabelen, men dei har ikkje lagt trekkerøret gjennom huset og gjorde ei lettvint løysing med å feste leidninga på husveggen.
Dei to telemontørane berre lo av heile greia og hadde ikkje sett maken til makkverk. Å leggje lista slik som han har gjort under inngangsdøra skapar problem for snekkarane når dei skal liste.
Vi klagde i sommar på at dei hadde lagt trekkerøra på feil side av huset og dei kom og retta opp feilen. Likevel har dei ikkje klart og legge røra inni huset sjølv om der låg anleggsrør til formålet. Så no tok dei ein spansk ein og trakk leidninga opp til huset frå stolpen, langs veggen og inn den veggen dei første gong hadde lagt trekkerøret. Ved å gjere det slik så står det grå røret som leidninga ligg i opent, og det er lett for at det kan kome vatn nedi. Eit anna problem er at det lett kan verte skade på denne leidninga. Kabelen er fiberoptisk og det er derfor lett for at det vert øydelagt dersom nokon kjem borti dei mikroskopiske trådane. Telenor vil ikkje ta ansvar for dette og ba oss om å rette opp feilen. Det må gravast ei grøft langs veggen og legge leidninga i trekkerør heile vegen. Så no skal det reklamerast. Ingenting går knirkefritt her i gården. I tilegg fekk vi ei uventa stor tilleggsrekning frå same elektrikar. Omlag 20.000 kroner meir enn avtalt. Festlig...
Abonner på:
Innlegg (Atom)
