Å stenge bloggen har aldri vore eit tema. Eg likar å blogge for å seie det som det er, men det tek for lang tid når det er så mykje som skjer i kvardagen. Livet har mange sider og spørsmålet kjem til meg om kva skal bloggen handle om. Eg har derfor kome fram til at eg startar ein ny blogg ved sida av denne som handlar om det som gir meg overskot og energi, nemleg å vere ute.
Denne bloggen kan vakne til liv kva tid som helst, men det som handlar om utetid vil eg ha i den nye bloggen min Utehjarte. Eg har sidan bloggen vart stille lagt ut bileter på Instagram. For dei som følg meg der skjønnar nok at utetid er noko som opptar meg. Det er ikkje dei lange, krevande turane som først og fremst opptek meg sjølv om eg drøymer om dei stadig vekk, men det er dei turane som inkluderer heile familien, Det kan storme i heimen med krangling og grining, men så fort ungane er påkledd og sitt fastspent i bilen senker freden seg. Livet er best ute viser det seg. Følg meg vidare på Utehjarte om du er interessert.Denne bloggen har eg i tankane skal omhandle dei andre interessene mine som strikking, matlaging og hage. Diverre har eg problemer med overbelastning av hendene så eg strikkar lite. Hagen er no der, men det er lite utvikling så lenge det regnar trollkjerringar heile sommaren. Vi må likevel tru at det vert betre utsikter både på vèrfronten og strikkefronten. Og kanskje får eg tid til å blogge meir berre ungane let meg få nokre pusterom av og til.
På gjensyn,
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar