Blåfargar er den fargeskalaen som tiltrekker meg mest. Eg klarar aldri å gå forbi noko som er lyseblått. Enten kjøper eg det eller så gløymer eg det aldri. Turkis er også ein farge som eg lett forelskar meg i, men det kan verte litt for mykje dersom eg fyller stova med denne fargen. Turkis passar kanskje best om sommaren eller i sydlegare strøk.
Eg har kjøpt meg ein liten søt vase som eg ikkje klarte å seie nei til. Med fargerike tulipanar vert glaskarmen på kjøkenet ekstra fin. Vasen er kjøpt på Nille. Den butikken overraskar meg stadig med vakre ting og eg kan kjøpe ting med nesten godt samvit fordi det er så billeg. Eg prøvar å tenke meg godt om før eg kjøper, men denne angrar eg ikkje på. Eg kjøpte ein blå og i same sort, den var tross alt lyseblå. Skåla med nøtter har eg ståandes frå ifjor jul. Kanskje på tide å kaste desse nøttene, men dei er så dekorative at eg har latt dei få leve litt lenger. Sjølve skåla er frå Søstrene Grene. Ein superbilleg og uimotståeleg butikk det og. Ha ein fin 1. søndag i våren!
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
søndag 3. mars 2013
torsdag 6. desember 2012
torsdag 5. januar 2012
Ein roleg start på året
Det meste av jula er rydda ut og det er på tide å tenke framover. Dagane er framleis mørke, men det går likevel mot lysare tider og det er godt å tenke på. Eg starta året slik som eg slutta det gamle med å vere sjuk. Det skjer derfor ikkje så mykje akkurat no, men hovudet mitt har fått tid til å kverne på frø, stauder, roser, klematis... ja det meste som har med hage og gjere. Eg håpar eg får vist dokke litt av planane mine.
Januar og februar er to månader det er fargelaust både ute og inne. Den raude julepynten er plutseleg borte og alt ser heilt tomt ut. Så ventar ein berre på våren og alt som skal skje ute at ein gløymer det som er midt i mellom. Eg har ikkje så mykje pynt i stova då Emil likar å røre alt han ser, det er berre sjenken som står i fred. Det er vel litt av grunnen til at dokke aldri får sjå noko meir enn det...Legg merke til sølvfatet som er på bilete over. Eg har pussa sølv idag og det vart så fint og blankt. Det var på tide, hendene mine og kluten var heilt svart. Sølvkoppen og noko sølvtøy fekk også ein omgang med kluten, at eg ikkje har gjort den enkle jobben før. Ikkje mykje som skjer altså sidan heile Noreg no har tilgang til å vite at eg har brukt dagen på å pusse sølv.
mandag 19. september 2011
Fram og tilbake er like langt
Ikkje før eg kom heim frå Voss og Rallarvegtur så var det ut igjen på ny tur. Denne gongen mot austlege strøk. Først eit par dagar på Gardermoen og kurs med jobben, deretter tre fantastiske dagar i Fetsund. I Fetsund bur Rigmor, og Rigmor er som meg på veldig mange områder. Vi snakkar om hage, interiør, born, strikking, sying, scrapping, mat... ja det meste. Og då gå dagane fort sjølvsagt.
1. Hannes hjerterom på Kjeller utanfor Lillestrøm. Terningkast 6! For ein fantastisk butikk! Dama som eig butikken har innreda ein låve kor ho sel kle, sko og interiør. I tillegg har ho kafé og ho lagar ein del av kleda ho sel. Ta ein kikk på nettsida hennar, og dersom du har moglegheit så må du ta turen.
2. Linneas Hage i Nittedal. Ein kjempesøt butikk som har vore i drift i ganske mange år no og som er kjent for veldig mange.
3. Dorothea i Lørenskog. Litt mykje klede til å vere interiørbutikk, men absolutt ein fin stad å ta turen.
4. Zanz i Lillestrøm. Ein kjent butikk med sans for gamle ting. Veldig mykje flott, men diverre er prisane høge. Kanskje fordi den er så populær som den er...
Litt anna fekk også besøk av oss, men desse fire var dei som utmerka seg mest.
Etter ein slik dag så får eg utruleg lyst til å gjere litt i heimen. Til og med male ferdig listene! Og det må vel vere verdt heile turen i seg sjølv...
Dagane er travle så blogging vert det ikkje mest av framover, men har eg noko å fortelje så seier eg i frå :-)
onsdag 10. august 2011
Kunstige blomar
Eg har lenge leitt etter potteplanter innandørs som ikkje er berre grønne eller er ein orkidé, og som ikkje treng å stå i vindauget. I vindaugskarmane mine har eg lyserosa pelargonia, Dronning Ingrid, men elles har det vore nakent. Og kva vert løysinga? Kunstige blomar sjølvsagt.
tirsdag 7. juni 2011
Litt nytt på kjøkkenet
Det er ikkje så ofte det kjem interiørinnlegg på denne bloggen, huset mitt er alt for rotete til det. Dessutan er det mange flotte interiørbloggarar i dette land som tek seg av den saken, men idag tenkte eg å vise dokke litt frå kjøkkenet.
Deilig med ryddig kjøkken, så synd det er så sjeldan mellom kvar gong.
Etter å ha tatt ned julegardinene vart vindauga ganske så nakne. Gardiner er så vanskelig å finne synest eg, men fant desse tilslutt som eg er nøgd med. Dei er kjøpt på Kid og eg slapp å sy ein einaste saum. Vart litt mørke bilete, men pytt pytt.
Basilikumen har vorte så stor, eg får ikkje ete den fort nok opp. Nokon som har gode oppskrifter med basilikum? Elles har eg timian, persille og eit par "babyurter" i glaset som skal vekse seg store.
Denne kjøpte eg for eit gåvekort eg fekk til bursdagen. Kremmerhuset er ein av nabobutikkane til jobben og det er ikkje få gongar eg er der. "Livet i hagen" som det står på kassa passar godt til meg. Kassa er kjøpt med tanke på å ha oljer, eddikar, honning o.l. i. Eg er så lei av at skuffene er klissete. Kjøpt i praktisk meining, men sjølvsagt skulle den vere fin og.
Gammalt sølvtøy og ei lita mugge frå Stavanger Flint som eg har redda frå å havne i ein container. Noregsglasa mine kjem til nytte overalt, kan du forstå kvifor dei har slutta å produsere desse praktiske og vakre glasa?
Ei kaffiboks også kjøpt på Kremmerhuset. Lufttett og fri for lys. Akkurat slik kaffien trivast.

Lyseblått er ein farge som går igjen her i huset. Ei boks til oppvaskpulveret har vore eit godt kjøp. Den er dekorativ og står høgt oppe, langt ifrå små barnehender, og står nært oppvaskmaskina når eg treng den. Sjølvsagt kjøpt på Kremmerhuset. Eg prøvar å kjøpe praktiske ting når eg først kjøper noko, og at det ser fint ut i tillegg, ja då må ein berre ha det.
Bollen er ikkje ny, men det er nytt at eg har ein bolle med frukt ståandes framme. Eg prøvar å verte flinkare å gi borna og oss sjølve moglegheit til å ete frukt, eg er ikkje så flink til det. Husk 6 om dagen (5 om dagen tel visst ikkje lenger). Sjølv om sommaren ventar på seg er det mykje godt i butikken. Ha ei god natt alle lesarar.
søndag 12. desember 2010
Stemningsrapport
Denne helga vart ikkje heilt som planlagt. Både idag og igår har vi vore "isolert" her oppe på toppen grunna at vår berømte bakke har vore full i is. I byrjinga av veka har det snødd og ikkje vorte måka, deretter har det regna kraftig for tilslutt fryst til is utan at all snøen hadde forsvunne. Skrekkscenario de luxe! Det er ingen automatikk på at vedkommande som skal måke her kjem når det trengs, derfor er snøfresar det neste vi skal kjøpe oss.
Det er tredje søndag i advent, og her er det som skjer akkurat no heime på Dansebakken:
Ny veke, nye moglegheiter. Vi er som vanleg seint ute med julehandelen, men satsar på at vi er igang iløpet av dei næraste dagane. Fristen for å sende pakkar er 16.desember, så då er det vel berre til å byrje. Ha ei fin førjulsveke alle som tek av si tid til å besøke bloggen min.
onsdag 1. desember 2010
Endelig stjerne i vindauge
Vi har vore utan julestjerne i fleire år fordi eg ikkje har funne noko eg likar. I år når vi har fått nytt hus og skal feire jul her for første gong er det ekstra viktig at vi har julestjerne i vindauget. Eg har sett for meg ei stjerne lik den vi hadde for nokre år sidan, men som diverre berre fungerte eitt år.
På Kremmerhuset får du denne vakre stjerna til kr 149,-. Eg likar desse stjernene kjempegodt. Dei var veldig populære for seks-sju år sidan, men i mitt hovud har dei alltid vore ein favoritt. Den har små, søte lys og masse glasperler som dett av kvar gong nokon berører den.
Eg ønskjer å ha ei stjerne som kan vare i fleire år. Julepynt er forbunde med tradisjonar og er noko ein tek fram år etter år. Litt fornying er sjølvsagt lov, men julestjerna er sjølve symbolet på ventetida og derfor er det fint at vi tek fram den same kvart år. Eg er veldig nostalgisk av meg når det gjeld jul. Eg er oppteken av norske juletradisjonar og ei vakker jul med familien. Eg har aldri vore noko "julemenneske" med nissar og raudt overalt, men eg kjenner eg gleder meg meir til jul no når eg har born og eige hus.
Apropos raudt. Det er mange som tenkjer på Emil som har vore sjuk så lenge og han er betre no, men vi var til legen idag og han har diverre fått raude hundar. Han har utslett på heile kroppen, er slapp, et lite og vil berre vere i armane mine. Så eg er heime med han med håp om at han snart er frisk og rask igjen.
søndag 28. november 2010
Adventskos
Vi har tent det første lyset idag. På mange måtar kan vi vel seie det er startskotet for førjulsstria. For vår del har vi brukt helga til å førebu og feire Emil sin første gebursdag. Eg legg merke til at det er mange som pyntar til jul allereie no, men ventar til veslejulaftan. Det har mest med tradisjon å gjere, men også det faktum at eg vert lei av jula før den har byrja dersom eg skal omgi meg med julepynt 4 veker før pinnekjøtet vert sett på bordet.
Heilt tomt for pynt er det likevel ikkje. Eg har kjøpt to raude julekapper på kjøkkenet. Julegardiner på heile stova vert i det meste laget, men litt stemning i glasa på kjøkkenet vart fint. Mi store samling av Noregsglas kjem til nytte på mange måtar. Eg har dekorert mine små juletre med gullperler festa med gullstreng, og eit glas med valnøtter har fått eit band frå Stoff og Stil. Kan forresten seie at Stoff og Stil har mykje å tilby for den julefrelste.
Desse nissane var framleis våte og lukta grønnsåpe då eg kjøpte dei på julemessa i Osterøyhallen for nokre veker sidan. Eg er ikkje noko nissemenneske, men desse likte eg veldig godt. Det beste av alt er at dei er handlaga og at eg veit kven som har laga dei. Eg kan ikkje vente til veslejulaftan derfor får dei stå i glaset no medan dei enno luktar grønnsåpe. Slik lukt er nemlig ikkje kvardagskost her i huset...
Min sparsommelege adventspynt begrensar seg til dette. Fire kubbelys i eit speilbrett med sølvsteinar og einekvistar. Det er vert ikkje så mykje pynt når eg har Emil som riv ned alt han får tak i. Duken som dekkar den lyseblå sjenken er handlaga engelsk broderi. Den vann mormor til meg for mange år sidan på ein basar, men det er faktisk første gong eg har tatt han fram. Sølvkanna er arvegods frå tanta og onkelen til mamma. Den er frå Marokko og er kjøpt for 30 år sidan. Mamma fekk også ei slik kanne med dei når dei var på tur den gongen, og for meg har "marokko-kanna" alltid vore forbunden med jul.
Visste du at første advent er første dagen i kyrkjeåret? Før var advent forbunden med faste, men no er det kun ei ventetid mot jul. Den liturgiske fargen er lilla og derfor har vi fire lilla lys.
Og her er vår stakkars Emil som kjenner seg heilt elendig. I natt hadde han 40,1 grader i feber og sov svært urolig. Han har ikkje matlyst, er slapp, vil berre berast og kose med mamma. Mammahjarte får vondt av å sjå han slik, men imorgon skal han til eittårs-kontroll så då får dei ta ei vurdering med det samme. Han har hatt feber sidan fredag. Det samme skjedde sist helg. Klart det er ikkje kjekt for nokon at han har det slik, men verst er det nok for den vesle guten. Vi har hatt marking av eittårsdagen hans, men jubilanten var ikkje særleg nøgd så det vart eit kort selskap.
Og her er vår stakkars Emil som kjenner seg heilt elendig. I natt hadde han 40,1 grader i feber og sov svært urolig. Han har ikkje matlyst, er slapp, vil berre berast og kose med mamma. Mammahjarte får vondt av å sjå han slik, men imorgon skal han til eittårs-kontroll så då får dei ta ei vurdering med det samme. Han har hatt feber sidan fredag. Det samme skjedde sist helg. Klart det er ikkje kjekt for nokon at han har det slik, men verst er det nok for den vesle guten. Vi har hatt marking av eittårsdagen hans, men jubilanten var ikkje særleg nøgd så det vart eit kort selskap.Ønskjer alle ei sjukdomsfri og stemningsfull 1.adventsveke.
torsdag 18. februar 2010
Piker, vin og Valestrand
På butikken idag kunne eg ikkje la vere og gå forbi bladet Maison Interiør når overskrifter som "Ole Bulls praktvilla" er på framsida. Som fleire veit så bur eg på Valestrand, ei øy utanfor Bergen. Valetrand er mest kjent for Ole Bull sitt flotte sommerhus og bygdafolket her veit og utnytte dette. Puben og ferja blant anna er oppkalla etter denne mannen, og ein må berre ikkje våge og kritisere noko rundt denne legenden. Ole Bull bygde "Bullahuset" på 1860-talet og på den tida eigde han heile Valestrand. Står du på andre sida av fjorden, ser du huset veldig godt. Han har nok ikkje plassert det der det står heilt tilfeldig trur eg.
I samband med mi eiga integrering til denne bygda reklamerer eg no litt for denne mannen som også fyller 200 år denne månaden. Det er stor feiring rundt han, og til og med Malin veit godt kven han er. I Maison interiør finn du flotte bileter frå det vakre huset så det er verdt ein kikk. Mange andre fine reportasjar også. Dessverre er huset i privat eige og det er ikkje så lett og få besøkt det til vanleg, men eigaren som bur i Sverige tar imot besøk når han er her på sommarferie.
Garden som huset står på er på ein måte parken her i bygda. Alle har moglegheit til å gå gjennom hagen på ein idyllisk tursti. Ole Bull var veldig glad å ri, og derfor fekk han laga stiar som han kunne nytte til riding. I elva fekk han også laga ei øy forma som Osterøy. Denne mannen hadde pengar!
Eg har ikkje så veldig sansen for denne mannen eigentleg. Han reiste frå kjerring og ungar for å realisere seg sjølv, og kjerringa vart til og med så sjuk på grunn av dette. Han var visst ein skikkeleg kvinnebedårar og jentene svimte av under konsertar fordi han var så kjekk. Eg ser ikkje sjølv kvar sjarmen hans ligg, men det kan no vere at kvinnene på den tida var nøgde berre mannen var rein i tøyet og ikkje lukta sveitte. Kva veit vel eg. Det er iallefall eit flott hus og dette soverommet seier vel sitt. Ikkje vanskeleg å forestille seg piker og vin i denne senga nei.
I samband med mi eiga integrering til denne bygda reklamerer eg no litt for denne mannen som også fyller 200 år denne månaden. Det er stor feiring rundt han, og til og med Malin veit godt kven han er. I Maison interiør finn du flotte bileter frå det vakre huset så det er verdt ein kikk. Mange andre fine reportasjar også. Dessverre er huset i privat eige og det er ikkje så lett og få besøkt det til vanleg, men eigaren som bur i Sverige tar imot besøk når han er her på sommarferie.
Garden som huset står på er på ein måte parken her i bygda. Alle har moglegheit til å gå gjennom hagen på ein idyllisk tursti. Ole Bull var veldig glad å ri, og derfor fekk han laga stiar som han kunne nytte til riding. I elva fekk han også laga ei øy forma som Osterøy. Denne mannen hadde pengar!
Eg har ikkje så veldig sansen for denne mannen eigentleg. Han reiste frå kjerring og ungar for å realisere seg sjølv, og kjerringa vart til og med så sjuk på grunn av dette. Han var visst ein skikkeleg kvinnebedårar og jentene svimte av under konsertar fordi han var så kjekk. Eg ser ikkje sjølv kvar sjarmen hans ligg, men det kan no vere at kvinnene på den tida var nøgde berre mannen var rein i tøyet og ikkje lukta sveitte. Kva veit vel eg. Det er iallefall eit flott hus og dette soverommet seier vel sitt. Ikkje vanskeleg å forestille seg piker og vin i denne senga nei.fredag 9. oktober 2009
Premien frå Tomines hjem
Utan at eg visste eg var med i ein konkurranse vann eg denne flotte skåla hjå bloggen Tomines hjem. Eg hadde lagt igjen ein kommentar i bloggen og det var alt som skulle til :-) Den kom i posten igår og den tok seg veldig godt ut i glaskarmen idag. Det er sol ute og skåla blinkar så fint i sollyset.
Espen såg straks at denne skåla var fin å ha Twist i.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

