onsdag 25. juli 2012

Ny terrasse på 1-2-3

På sør-austsida av huset har vi ein solvegg som kan nyttast tidleg på året. Her er det lite vind og det er godt og varmt heile dagen. No når Espen har permisjon/ferie har han laga terrasse på denne sida. Denne sida av huset har vore prega av boss og rot heilt sidan vi flytta inn, men no har standaren tatt seg opp. 
Terrassa er ikkje stor, men til vårt formål heldt den. Den skal beisast i same farge som terrassa på framsida.
I tillegg har Espen gjort ferdig trappa til vaskerommet. Her må vi også male ferdig. Ifjor var det så dårleg vèr at vi fekk ikkje malt noko på huset. I år må vi få malt ferdig det som ikkje har fått malingstrøk til no. I front av bilete ser dokke plenen som er på veg til å verte grøn. Og mellom plen og terrasse skal det kome murkant  som Espen har skaffa stein til, og vi skal fylle gangvegen med singel når muren er ferdig. Det er så kjekt med alt som vert gjort, det kjem seg litt og litt heile tida.

3 kommentarer:

chili og kjærleik sa...

Det ser DEILIG ut! Åh, kor eg gler meg til vi får utegolv ein gong i framtida. Jadda, det er koseleg med gras mellom storetåa og den lange tåa, men det hadde jammen vore deilig å hatt noko som er plant å sette bord og stolar på ;)

Kathrine sa...

Guri land dere har fått gjort mye nå første tida etter at vesla ble født - imponert!! Artig med hjemmeferie, telttur i hagen og kafé på de små :) Gleder meg til Torvald blir så stor at han kan leke litt slik :)

Bakketun sa...

Gratulerer med det nye familie medlemmet! Nyt tiden med den lille :)

Koselig med en ekstra uteplass som ligger i solveggen.


Klem, Christel