lørdag 1. juni 2013

Kosekrok

Då vi bur i Noreg forventar vi ikkje at det skal vere sol kvar einaste dag om sommaren. Vi har ein veranda i andre etasje som gir tak til delar av terrassa under. Her er det kveldssol og ein fin stad å sitje dersom det regnar. Utover sommaren veks det roser og klematis oppover espalieret som gjer kroken lun og koseleg. 
Igår handla eg i full fart på Nille med tre born på slep. Eg kom heim med dette cafésettet, grøn blomepotte og fuglebur, samt nokre sommarblomar som eg kjøpte på ein blomebutikk. Kjapt og billeg! For to år sidan fekk eg duk og to putetrekk (Kremmerhuset)\i bursdagsgåve. Planen har vore heile tida å bruke det til dette formålet, men det har tatt tid som dokke skjønnar før det vart gjort. Derfor var det veldig kjekt å få fullført planen. Eg har tenkt å ha fugleburet hengande på ein krok på veggen, får heller vise det dersom det vert gjort. Kanskje om to år...

2 kommentarer:

Lina sa...

Åhh, heilt nydeleg! :) kan eg få sitta i denne kroken med deg ein dag? ;)

Grethe sa...

Koselig krok du har laga til :) Greit å sitte under tak siden det ikkje er for mange av dei opplette sommarkveldane...