Viser innlegg med etiketten Hekla. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hekla. Vis alle innlegg

fredag 8. februar 2013

Hekla hue

To nye garnnøster har funne vegen ut av garnkassa og denne gongen vart det hekling av ei hue. Garnet er kjøpt på Spar Kjøp, heiter Cortina soft og eg har brukt pinne 6.
Welcome to Jamaica-reggie! 
Hua er hekla utan oppskrift og storleiken er mitt hovud (omlag str 55).
Og du kan vrenge hua den vegen du vil alt etter kva heklemønster du likar best. Denne hua kjem sannsynlegvis på salgsbordet til Osterøy Redd Barna si julemesse.

onsdag 28. desember 2011

Vil du sjå på muffinssamlinga mi?

Eg har vist dokke muffins før, men no har eg auka samlinga. Det vert ikkje fleire enn dette trur eg. Synest dei vart veldig søte, men det gjenstår å forme botnen litt meir. Eg må finne ein måte å stive dei av på slik at dei står betre.
Kaker er vel ikkje det som fristar mest blant folk no i romjula, folk er kanskje mette av søtsaker? Desse muffinsane er iallefall kun til å nytast for auge.
No må eg finne meg noko anna handarbeid, men eg har ikkje heilt tanke om kva enno. Time vil sjåv.

mandag 12. desember 2011

Hekla muffins, heilt utan smør

Eg er ikkje ein av dei som står i kø for å få meierismør frå Danmark. Eg er ikkje lei meg for at vi manglar smør i det heile tatt, det gjeld berre å finne alternativ. Eg laga muffins igår og bestemte meg for å gjere dei kalorifrie og heilt utan smør. Desse muffinsane er evigvarande og eit sukker for auge.
Eg kjøpte meg eit stettfat tidlegare i haust som eg har ønska meg lenge, og tanken var å ha vakre muffins til pynt på kjøkkenet. Fruktfat varer så kort, det går kanskje eit par dagar så er det ei frukt som har byrja rotneprosessen. Muffinsen er lyseblå sjølvsagt, eg kjem ikkje utanom det. Min første muffins er produsert etter oppskrift som du finn her. Eg har gjort oppskrifta litt om med glasur på toppen, men elles er det ganske likt. Garnet er bomullsgarnet Muskat frå Drops. Eg er ingen tilhengar av bomullsgarn, men ullgarn hadde ikkje vore fint. Eg er igang med å produsere fleire, forhåpentligvis litt finare, og eg vil sjølvsagt vise dokke resultatet.

lørdag 3. september 2011

Hekla pulsvarmara

Siste helga i november skal Osterøy Redd Barna ha julemesse. Då trengs det salgsobjekt og vi som er i styre bør naturlegnok stille opp med eit kvart. Eg er i gang allereie no. Tida går som regel alt for fort og ein rekk ikkje meir enn halvparten av det ein har planlagt. Igår hekla eg eit par pulsvarmara av alpakka og bambinoull.
Eg har brukt pinne nr 4.5. Dei er utruleg mjuke og god å ha på. Eg må nok strekke dei på eit slags vis, men korleis har eg ikkje funne ut av enno.Mønsteret var eg så heldig å finne på nettet, heilt gratis. Oppskrifta er meint for mindre pinnar, og det er sjølvsagt det finaste, men det vart ikkje så verst i denne størrelsen heller. Oppskrifta finn du her.

onsdag 30. mars 2011

Kva som går og går og aldri kjem til døra?

Svar: Mine handarbeidsprosjekt, iallefall dei fleste av dei. Eg er heilt håplaus. Eg har så mange idear at eg boblar over av og til, og fornufta vert lagt til sides ein lite augneblink når eg startar på noko nytt. Eg rotar ned i garnsamlinga, leiter opp nokre oppskrifter og byrjar på noko heilt uplanlagt og unyttig. Så går det ein kveld eller to og så kjem fornuften tilbake og eg tenkjer; nei, kva skal eg med dette, ville eg eigentleg bruke dyrbar tid på noko slikt? Kort fortalt, her får dokke sjå noko av det som aldri vert ferdig, men som framleis ikkje har funne bosskassa.
Onkelen min jobba før på Røros Tweed og eg engasjerte han til å skaffe meg store spolar med raumaullgarn som i utgangspunktet er tenkt til teppe. Eg hadde ingen plan med denne investeringa, og eg har gitt bort garnet mitt idag, men eg fekk laga eit skjerf til mamma og nokre hekla lappar.
Eg er veldig god på å hekle lappar, men fullføre er ikkje noko eg mestrar. Eg kan telle på ei hand kor mange tepper eg har gjort ferdig basert på oldemorsruter.
Malin vil så gjerne strikke, men er nok litt lita enno. Men ho er fascinert av garn og ville eg skulle strikke ein lilla genser til ho. Eg kasta meg over engasjementet til min 3,5 åring og strikka byrjinga av ein lilla genser med rundfelling. Etter ein kveld kom fornufta tilbake og eg tenkte at dette gidd eg ikkje. Ho skal ikkje ha lilla genser eitt år til, no skal eg strikke noko anna.
Mamma strikka ei babyjakke som eg monterte. Eg fekk garnrestane og skulle strikke babysokkar som passa til. Eg kom ikkje lenger enn til denne eine sokken som ikkje er montert.
Ikkje veit eg kva eg tenkte dette skulle bli. Dette er ein lapp med bilete av ein katt, kan du sjå den?
Ein enkel vott utan tommel. Mønsteret har eg tilpassa sjølv, men jenta som skulle få vottane har for lengst vorte for stor.
Eg fekk mamma til å sende ned ei Barbie-dukke i posten. Prosjektet var å strikke Barbie-klede for utlodning. Eg laga ein kjole som eg fullførte, deretter denne dressen som aldri har vorte montert. Barbie ligg enno naken i eit kott utan kjole eller dress, og eg kjem nok ikkje med nokon kolleksjon til ein basar med det første.
Huff, dette har vore eit mareritt, kvar skal eg byrje. Eg hadde planar om å strikke meg eit rosa skjørt ein gong som tilbehør til ein bikini eg strikka. Skjørtet strikka eg to gongar og rekte opp begge gongane. Så skulle eg lage kjole til Malin av same garnet, strikka ukritisk og enda opp med den nederste kjolen som var alt for stor både til meg og ho. Ikkje veit eg kva eg tenkte på, men tanken på å prøve kjolen undervegs var fullstendig borte for meg. Så strikka eg ein ny kjole med å bruke garnet frå skjørtet. Kjolen fullførte eg, men då likte eg plutselig ikkje den likevel og rekte den halvvegs opp. Så no har eg to endar av eit skjørt/kjole som ikkje kan brukast til noko som helst.
Eg har eit søskenbarn som elskar skilpadder. Denne hekla eg til henne som ho skulle få i bursdagsgåve for ørten år sidan, men eg monterte ikkje den heller.
Eg hekla ei babyjakke til ei venninne en gong. Nederst på jakka skulle det vere ei remse med lappar slik som over. Så strikka eg først med feil pinne slik at remsa måtte strikkast to gongar. Så no sitt eg med ei remse som eg ikkje veit kva eg skal gjere med.
Så var det desse lappane då. Eg vert så oppgitt over meg sjølv.Kan ikkje huske kva eg tenkte eg skulle lage her.
Dette var eit galskapprosjekt. Volda, min heimstad, hadde ein garnbutikk ein gong som hadde opphørsalg. Dette var på slutten av 90-talet og eg var framleis i startfasen i mi strikkekarriere. Mangel på impulskontroll og store planar gjorde at eg kjøpte ein haug med garn kor eg skulle strikke ein kjole med mykje mønster, fargar og hekledetaljar. Eg hadde aldri strikka mønster før, eg kunne ikkje hekle og i det heile tatt, dette var ambisiøst. Etter nokre år fullførte eg kjolen. Eg lærte meg å hekle gjennom ei bok eg lånte på biblioteket og fekk gjort hekledetaljane. Men etter som åra hadde gått var ikkje denne kjolen fin lenger. Utdaterte fargar og mønster gjorde at eg rekte opp delar av kjolen. Frå brystet og opp hadde eg svart og magepartiet var grønt (for ein fargekombinasjon!), og resten har vorte eit minne om ungdommens strikkegalskap.
Ei tova veske frå tove-perioden. Manglar litt stivheit og detaljar på veska.
Ville så gjerne hekle ein svart løpar til kjøkkenbordet til mamma etter at ho fekk seg nytt kjøkken. Så langt kom eg altså, nokre få centimeter. Emil er veldig interessert i dilldallet mitt, kanskje det endar opp med at han heklar det ferdig?
Oh la la. Var på sykurs og sydde denne kimonoen. Alt er ferdig utanom det enklaste; legge opp kanten nede. Idag kunne eg ikkje tenke med å gå med denne, så eg gidd ikkje fullføre med det første. Størrelsen har blitt endra sidan den gong og så den passar ikkje like fint lenger.
Mitt siste prosjekt. Dette har eg planar om å gjere ferdig ganske snart. Det er ei kåpe til Malin i str 4 så den er framleis litt stor. Kåpa måtte eg byrje å strikke 3 gongar før det vart riktig, det er litt typisk meg, men no har eg montering av armar, festing av trådar og knappar igjen.

Eg har masse garn liggande, men aldri så mange nøster av same sort. Er det nokon som har eit godt tips for å verte kvitt alle desse nøsta? Med det samme kan eg seie eg heklar for tida på eit teppe, i oldemorsruter, kanskje eitt i samlinga av mange ufullførte?

torsdag 6. november 2008

Hekla babyteppe

No er det nokre småtroll i vente blant våre venner. Eit av trolla skal få dette teppet som eg har hekla. Det er ikkje så lett å sjå fargane i teppet grunna dårleg lys, men teppet er raudt med kvite, rosa og grøne striper. Eg prøvde å kvitte meg med restegarn i dette prosjektet, men det enda med at eg måtte kjøpe meir for å gjere det ferdig... Teppet måler 1 x 0,65 m, og er strikka med dobbelt garn på pinne 5.

onsdag 24. oktober 2007

Eg har så flotte venner

Gåvene til Malin kjem framleis i postkassa. Denne gongen er det mi tidlegare klassevenninne Nina som har hekla. Biletet er tatt i hurten og sturten med lite lys. Håper dokke ser kva det er likevel. Tusen takk for den flotte gåva Nina.

onsdag 23. mai 2007

Noko av det eg har hekla

Eg har lenge hatt ønskje om å få eit digitalt kamera. Når eg ser andre sine bloggar og deira hobbyprosjekt, vert eg misunneleg og ønskjer å gjere det same. Eg har gitt vekk det meste, men her noko av det eg har hekla. Eg må advare om at det er første gong eg legg ut bilder nokon gong...

Dette teppet hekla eg i vinter til denne vesle jenta som dokke ser på biletet.








Denne bikinien er hekla i Muskat. Oppskrifta er frå Sandnes Garn.









Dette sjalet er ikkje det som eg er mest stolt av. Oppskrifta er funne på internett og mange andre hobbyentusiastar har hekla dette. Garnet er frå Gjestal.