lørdag 8. januar 2011

Sommarferieturen er bestilt

Det er i desse dagane folk bestiller sommarferieturen og vi er ikkje noko unntak. Saman med to andre familiar reiser vi i år til Danmark. Vi har bestilt ei stor hytte i Marielyst med plass til mange. Marielyst er ein kjend feriestad som ligg på øya Falster heilt sør i Danmark.
Vi håpar sjølvsagt på fint vèr og gode bademoglegheiter. I huset som vi skal bu i er det boblebad og jacuzzi samt at vi har gratis tilgang til eit badeland, så det skal ikkje stå på moglegheitene om det regnar. Marielyst ligg også nær Tyskland så planen er å få stikke innom tyskegrensa slik at vi har sagt at vi har vore der og.
Marielyst er kjend for å ha ei av dei vakraste strendene i Danmark. Den har fått det internasjonale blåe flagget som inneber strenge krav for miljø, sikkerheit, service og kvalitet på vatnet. Vi gler oss til å gå barbeint i den mjuke sanden og forhåpentlegvis bade her.

2 kommentarer:

Grankongla - livet på Bostad sa...

Så deilig!! Jeg husker selv fiiiine danmarksferier da jeg var liten :)

Anonym sa...

Me skal til Menton i Sør Frankrike ilag med svigers ei veke, og ei veke i Italia kun oss 4:) gler mej som en liten unge:) juhu

Helsing fra Siv