mandag 10. januar 2011

Kvalitetsrammer for ein rimeleg penge

Eg tek historia heilt frå starten. Den gongen Malin skulle til fotograf valgte vi Fame fordi vi fekk eit tilbud om gratis fotografering og framkalling av eitt bilete (miniatyrstorleik). Det var lite gjennomtenkt då ein hjå Fame ikkje kan få bileter utan at ein vel ramme, og prisane hjå Fame er i utgangspunktet skyhøge. Ikkje var eg nøgd med kvaliteten heller. Bileteramma vi fekk hadde sponplate bak og var lysegul. Heilt forferdeleg på alle måtar så bilete har aldri vore hengt opp.
Over ser dokke Malin som seks månadar. Det var på tide når ho nesten var 3 år at ho skulle få kome på veggen. Den lokale fotografen her på øya hjalp oss med å ramme inne bilete som ikkje hadde så mykje liv i seg i utgangspunktet. Kjempeflott arbeid, men prisen var 1000 kr.
Då Emil skulle fotograferast i 6 månadarutgåve valgte vi den lokale fotografen. Veldig fine bileter og han gjorde seg i flid. Likevel ville eg ikkje få laga rammer av han fordi det ville koste flesk. Så då var det å leite etter nokon som kunne hjelpe lommeboka mi litt.
Hjå finerammer.no får ein 3 rammer og passepartout for bilete storleik 13x18 for omlag 500 kroner. Passepartouten er handverk laga av finerammer.no og kvaliteten er bra.
Eg har eit bilete tilsvara det av Malin som 6 mnd og ein kunstplakat som eg vil ramme inn. Så det vert nok ei bestilling til.
Eg vart så nøgd når eg gjorde slik eit kupp. Det er aldri kjekt å betale meir enn ein må. Og bileterammene og passepartouten er syrefri, akkurat slik som det skal vere.

3 kommentarer:

Pia sa...

Takk for tips!

Alexia sa...

Tusen takk for bra tips!

Lina sa...

Takk for fint tips! :-) Me har kjøpt og bestilt rammer der no, og glede oss til dei kjem i posten :-) Bra utval, både i fargar og størrelsar. Så no blir da både fagbrev og bilder på veggen - endelig!