søndag 30. mai 2010

Ryvarden fyr

Vi har vore i Haugesund i helga på besøk hjå familien til Espen. Eg har i fleire år ønska og ta turen til Ryvarden fyr, men det har aldri vore vèr til det. Idag har Haugesund vore vindstille og i morgontimane satt vi på kaia og åt is i sola. Det skjer ikkje ofte at det er slike dagar og det passa derfor godt og ta turen til Ryvarden fyr som ligg i Sveio, 12 kilometer nord for Haugesund. Fyret ligg ved det vèrharde havstykket Sletta. Det er ein flott grusveg 2 km ut mot fyret. Vi hadde kledd godt på oss, men det var verkeleg ikkje nødvendig idag.
På veg ut møtte havet oss. Alt opnar seg og eg kjenner at kroppen pustar betre.
Det var mykje folk langs vegen ut mot fyret.
Rett før fyret sto minnesmerket over Sleipner-forliset kor 16 omkom for 11 år sidan. For å gje ei oppfrisking så grunnstøtte hurtigbåten Sleipner på eit skjær rett framfor minnesmerket på bilete over.
Malin koste seg med alle båtane som kjørte forbi og det var godt å kunne vere der utan å blåse vekk.
På Ryvarden er der kafé med salg av vafler, pølse, kaker og is. Der er også eit galleri med bileter og keramikk.
Det første fyret på Ryvarden kom i 1849 og var bemanna fram til 1984. Eg er veldig fascinert over fyrtårn og kikkar alltid litt ekstra på program og bileter som omhandlar fyr. Tenk korleis det var før når det storma rundt ein på alle kantar og det einaste ein såg var eit fyrlys i det fjerne. Idag har vi så mykje teknologisk utstyr som hjelp oss, men den gongen var det fyrtårnet som var tryggleiken til fiskarane og andre sjømenn. Idag finnast det ingen bemanna fyr så langt eg veit, men eg er glad folk veit og ta vare på dei for å minnast svunne tider.
Vi kunne sitje ute og ete kjeks og vafler. Heilt utrulig kor lite vind det var. Ei flott turoppleving!
Espen synest eg burde skrive noko om kor mykje han har sykla i helga. Han har ikkje skjønt at denne bloggen omhandlar meg og mitt, hehe. Når eg likevel har skrive at han har sykla i helga, kan eg nevne at det har vore 12 mil. Er du nøgd no Espen?

5 kommentarer:

Monika sa...

kor fine turen til fyret ;)
litt misunnelig for eg liker meir hav ein fjell :)

Men man må ta det ein får ;)

Fjellet er Blåhornet - og med utsikt til valldal, Linge og stranda - passe lang og passe bratt -- ligger meir bilder på bloggen no ;)

Smil fra monika

Elin | Draumesidene sa...

Nydeleg! Takk for fine ord hos meg! Ser du er utflytta Sunnmøring? :) Vi køyrde til Geiranger, har svigerfamilien min der. Eg bur lengre ut mot Ålesund. Flotte bilder du viser frå fyret! Kunne godt tenkje meg å reist på "fyr-safari" langs kysten :)

Ynskjer deg og dine ei vakker veke!
God klem frå Elin :)

Kathrine sa...

Så utrolig flott det så ut der ute!! Jeg tilbragte en hel måned ute i havgapet i Sunfjord i sogn og fjordane og ble helt havfrelst! Fantastisk deilig med havet :)

Anonym sa...

Åh..fin fin natur, tenke dokke hadde det fint ja:) ej med lika godt å vere ute i havgapet:)

Ha ha ha ej ler mej i hel av Espen altså:):) men 12 mil det e imponerandes på ei helg ja:) ej kan berre skryte av 5,2 mil;)

Helsing fra Siv

Pia sa...

Flotte bilder!