onsdag 5. mai 2010

Tid for graut

Emil fyller eit halvt år i slutten av mai og det er på tide og venne han til graut. Til no har han berre fått morsmelk og det er framleis godt nok, men nokre smaksprøver og små porsjonar er greit og starte med. Det er alltid spennande og sjå om dei likar grauten og om dei tåler den.
Det vart litt tårer og grining ved denne høgtidlege seansen. Espen filma og Malin var ekstatisk. Ho ville gjerne gi han graut ho og. Litt for stor skei i munnen gjorde at han brakk seg og byrja å grine. Malin vart redd når ho såg kva ho hadde gjort og grein ho og. Derfor dette bilete kor eg held han på fanget mens han får eit par skeier med "vassgraut". Guten likte det han, men skeia var nok det beste og ete på.
Dette bilete er tatt dagen etter. Emil er svært interessert i maten, og skeia ikkje minst.
Smilet er aldri langt vekke.

Ingen kommentarer: