mandag 25. april 2011

Siste nytt frå hagen

Etter ei veke med påskeferie var det rett ut i hagen. Det har ikkje skjedd så mykje på ei veke, men litt grønare har det vorte og fuglane syng for full hals i tretoppane.
Espen har byrja å spa jord frå der som utepeisen skal vere. Vi ventar på tilkøyrd jord, men tela har ikkje heilt sluppe taket og vi må gjere det på denne måten når vi ikkje klarar å vente. Vi ønskjer å ha plen/planter heilt inntil husveggen på begge sider og har byrja på høgresida idag.
Klematisen og rosa som eg kjøpte for eit par veker sidan vart planta i det nye bedet idag. Eg har laga ei midlertidig løysing på kanten. Det skal verte finare enn dette, men eg byrja å verte stressa for at plantene ikkje hadde kome i jorda enno. Nokre stemorsblomar fekk kome ned i og, eigentleg skal det vel vere ei høgare plante framfor klematisen. Synes eg har høyrd noko om at den likar skugge nederst på stamma.
Litt ros til Espen. Han har fullført terrassa 100 %, det var før påske. Endebord, topprekkverk og lister her og der. No er det ingen fare for at Emil og Malin sett foten fast lenger.
Eit lite smil i staudebedet. Soleiehov skal visst vere navnet. Ei av staudene eg fekk ifjor av ei snill dame her på øya. Staudebedet er midlertidig og det ser ikkje mykje vakkert ut. Planen er å spa opp det som har overlevd vinteren og lage eit finare bed.

8 kommentarer:

Lina sa...

Så vakker soleiehoven var! Den har eg aldri sett før. Kjekt med avleggarar frå snille damer! Ikkje dumt :-) Gledar meg veldig til å komma og sjå om nokre dagar, det kriblar!! Hihi. Klem

Frk.Dings sa...

Så kjekt å se bilder av prosessen fram mot en flott hage!

Fin blogg! :)

Lina sa...

Hehehehe... Berre litt store forventningar! Du e ikkje husmorforbildet mitt for ingenting, Torill! Hehe.. Kjekt å bli lagt press på?! ;-) Rot og mat like eg! tjohei

Lina sa...

Da må eg og, kjære deg! :-) Samtidig så får det vera slik at huset må lida litt i hagesesongen ;-)

Unknown sa...

Så fint det blir ,og lage noe nytt eller reparere det er vår.

Ha en fin vårdag og kos deg Marit.

Lina sa...

Da e bra du lage da festlig! :-) Hihi. Jord må til ja. Eg må nok ein tur på Plantasjen snart for jord og dekkbark.

Lina sa...

Hehe, nei, eg var veldig på vakt i dag, det skal eg innrømma... :-) Veldig, veldig kjekk kveld i går. Det var berre sjarmerande og avslappande at me fekk delta i alt!! :-) Det skal du ikkje tenka på. Koste meg :-) Så bra at det går fint med Emil, og at det er mest psykiske vondtar, ja, hehe... Så kjedelig med sykkelen til Espen då!! Forbaska. Ha ei flott veke du og :D

Unknown sa...

Det er nesten så jeg ikke gruer meg til min egen tretti-årsdag<3
urra for deg igjen.