søndag 2. mai 2010

Dei første plantene er i jorda

Det har vorte nokre planter på meg i bursdagsgåve. Blant anna fekk eg to duftsjærsmin med svigermor. Duftsjærsmin er ei robust busk som passar dei fleste stadar og den har kvite blomar som luktar himmelsk! Eg har omtalt denne buska før for eit par år tilbake.
Eg har planar om å lage meg eit hjørne i hagen kor ettermiddagssola står og kor eg kan sitte på ein benk og nyte planter som dufter. Dufta er ekstra sterk når det har vore varmt, altså på ettermiddagen. Dette hjørnet er ikkje konstruert på nokon måte enno fordi eine sida er garasjeveggen. Og garasjevegg har vi ikkje på ei stund. Derfor planta vi ut plantene på ein førebels stad.
Malin hjalp til sjølvsagt. Ho har eigen spade kjøpt på Europris.

4 kommentarer:

Kathrine sa...

Det går nå unna hos dere nå ser jeg! Så herlig med en duftplass i hagen!! Da er det godt med litt vindskjerming og en god benk!! Været ser ut til å være greit hos dere - det er det IKKe her i helga; snø og regn!!

Anonym sa...

Hehe, må no flire litt. Lissje tulla e nok sterkt i slekt med onkel Jonas. Han også elskar å grave, måke snø og hjelpe til med stort og smått :o) Klem til Malin <3 Lenemor

Anonym sa...

Hehe, må no flire litt. Lissje tulla e nok sterkt i slekt med onkel Jonas. Han også elskar å grave, måke snø og hjelpe til med stort og smått :o) Klem til Malin <3 Lenemor

Lakka sa...

Er det ikke rart å stikke disse tilsynelatende tørre pinnene i jorda, for så å få en nydelig blomstrende busk en stund etterpå? Jeg blir like fasinert hver gang... Gleder meg til det blir vår tur!

Så herlig med en liten hjelper;-) Søt hun er!

Lakka