lørdag 2. januar 2010

Vinterleik igår og dugnad idag

Denne langhelga har mor til Espen og søstra med familie tatt turen til Osterøy. Igår var det brukbar temperatur med berre -4 ute og det var mogleg å kunne ake litt. Det er så merkeleg lys ute at bileta vert så mørke når eg tar dei. Vinteren er vakker no, men veldig kald. Og alt er så blått og kvitt.
"Skreia" seier dei her når dei skal seie ake. Og det vart mykje av det. Her ser dokke litt av bakkane og det viser at det er ganske bratt her. Dei same bakkane slår vi om sommaren med slåmaskin nettopp fordi dei er så bratte. Huset vårt ser dokke på toppen av bilete.
"Bake" seier Malin, og storkosar seg i snøen. Ho nektar å ha polvottar på seg så ho vert fort kald med tynne vottar.
Adrian er søskenbarnet til Malin og er 4 år. Han har akebrett med ratt og køyrer i full fart nedover.

Dagen idag:
Huff, idag har det vore -11 ute på dagen og ikveld er det -16 grader ute. Det er alt for kaldt etter min målestokk. Likevel måtte det arbeidast i huset og idag hadde vi dugnad. Vi kjøpte hurtigkjettingar idag og kom oss endeleg opp. Skjønnar ikkje heilt kvifor vi ikkje har gjort det før. Eit håp om at snøen skulle forsvinne kanskje?
Ein liten Emil i stolen sin mens vi andre arbeider. Han sov stort sett heile tida i vogna si slik at mamma kunne arbeide.
Steffen og bestefaren til Espen tapetserar siste del på soverommet vårt. Steffen skulle eigentleg på skitur, men klarte ikkje å gå forbi huset vårt. Det må seiast at Espen og Steffen har stått for store delar av tapetseringa av huset med også litt hjelp frå Ole André og bestefaren idag. No er vi 99% ferdige.
Eg har montert kjøkkenmondular idag, åtte i talet. Eg er ganske nøgd. Det hopar seg litt opp med oss no så imorgon skal eg rydde. Espen skal tapetsere siste rest på stova slik at vi kan rydde vekk tapetbordet. Grunnen til at det ikkje har vorte tapetsert før er fordi veggen skulle rettast på etter kontrollen. På mandag skal eg kjøpe skruar slik at Espen får hengt opp skapa. Kom sjølvsagt ikkje på at eg trengte skruar før butikken stengte idag...Jo Vegard og Åsta har malt heile stova, to strøk. Fargen vart Refleksjon. Den fargen var den vi hadde valgt i utgangspunktet, men så trudde vi den vart for lys. Når vi hadde prøvd Hvit Pepper og Sommersne som vart for mørke, gjekk vi tilbake til Refleksjon. Den vart kjempefin! For alle som vil ha ein kvitfarge som bryt mot det grå: Refleksjon!
Simen og Emil. Simen er ein månad eldre enn Emil og dei er søskenbarn.

2 kommentarer:

Pia sa...

Det blir spennende med nytt hus! Og så flott med en fetter som er like gammel! Selv om en måned virker utrolig mye nå, så er de jo akkurat like gamle.
Ha en flott dag!

Husdraumen/Anita sa...

Bøyer meg i støvet over deg som er tobarnsmamma med ein heilt "fersk" ein, ammar og skrur kjøkkenskap!
Du legg lista høgt, eg må berre brette opp armane forstår eg;)

Har de sponplater eller gipsplater rundt om i huset?
Og der de malar: strietapet først?

Og godt nyttår forresten:)