torsdag 7. januar 2010

Våre flisevalg

Fliser er noko av det vanskelegaste å avgjerde. Dersom ein vel feil farge på veggen kan ein berre male det omatt, mens fliser skal henge på veggen i 20-30 år. Vi fekk kort varsel på å kjøpe flisene (les forrige innlegg) sjølv om vi visste kva stil vi ville ha.
Flisene over er kjøpt på Megaflis og heiter Mega Bone. Dei er 25x40 cm og skal vere på veggen på badet oppe. Dei har litt striper i seg om ei studerer bilete nøye. Prisen er 89,- kr kvm. Ikkje noko å seie på det.
Flisene på badeveggen nede er 11,8x33 cm og er heilt kvite og blanke. Dei er også kjøpt på Megaflis og kostar kr 89,- kvm. Dei skal leggast i mursteinsmønster.

Vi ville ha samme type fliser på badet, vaskerommet og gangen nede. Derfor valgte vi desse som er 15x15 cm på vaskerommet og badet. Vi var avhengige av å finne små fliser fordi badet berre er 3,7 kvm. Flisene er kjøpt på First Price Tiles, dei heiter Eivissa Carbón og kostar 239,90 pr kvm.

I gangen fortsett vi med Eivissa Carbón, men denne gongen i størrelse 30x60 sidan det ikkje er sluk eller anna i dette rommet. Kvadratmeterprisen er kr 199,90.

Golvet oppe var vel det som var vanskelegast. Vi har eit stort bad, men vi har fleire slukar og måtte derfor velje fliser som ikkje var så store. Vi fant nokre fliser i 30x30 som var kjempefine og sto bra til veggflisene, men dei var dessverre utsolgt. Flisene over var det beste vi kunne finne, og eg vil nok tilslutt forsone meg med valget. Flisene er kjøpt på First Price Tiles, kostar kr 169,90 pr kvm og heiter Diamond Black Mate. Størrelsen er 20x20.

2 kommentarer:

*sne* sa...

Så langt dere har kommet i huset!
Når det gjelder Jotuns fargevelger og lagring av bilder så er det veldig enkelt (i allefall på MAC). Da trykker jeg bare 'cmd' 'shift' og '4' og markerer området jeg ønsker å lagre som et bilde, så legger det seg automatisk på desktopen. Hvis du ikke bruker Mac så må du vel ta printscreen og så beskjære bildet. Håper det var til noe hjelp!

Klem fra Christine

Husdraumen/Anita sa...

Det går rasande fort ser eg!
Herleg:)
Flotte fliser....og FOR ein flott pris. Tør ikkje tenke på kva vi betalte for våre...

Mykje blogging er vel fordi det dessverre ikkje er eg som er i huset og bygg. Eg passar lillegut, og då blir det tid på nettet innimellom...Men til helga, då blir det husbygging på meg òg;)