onsdag 13. januar 2010

Det byrjar å ta form

Det er så gøy å kome oppi huset no, det skjer noko heile tida. Vi har fått utruleg mykje hjelp dei siste to vekene og då kjem resultatet også. Både mamma, pappa og André tok seg ei veke ferie for å hjelpe oss. Det sett vi utruleg stor pris på. No har dei alle reist heim og vi sitt berre igjen med stovegolvet i grove trekk. Vi har bestemt oss for at listene skal vi ikkje male no, men ta dei når vi har flytta inn. Det er både loftstak og trapp som må malast likevel. Dessutan er det eg som må male på grunn av allergien til Espen så då er no det greit at eg bur i huset med tanke på ungane.
Pappa gjorde ferdig vaskerommet idag. Han har sparkla to gonger med våtromssparkel, brukt våtromsgrunning og tilslutt tapetsert med glasfiberstrie. Tapeten vart påført med våtromslim. Veggane fekk seg to strøk med maling til slutt. Det er litt dyrare å tapetsere, sparkle og grunne med materiale for våtrom, men då veit vi iallefall at det er gjort skikkeleg. Fargen på veggane er Sjel.
Snille pappa i aksjon. Han reiste heim idag etter å ha vore her ei veke. Han har fått gjort utruleg mykje. Bror min var her også ei veke og dei to har gjort mykje av monteringa av kjøkkenet blant anna. Pappa smiler først og fremst fordi eg sa han skulle gjere det, men også fordi han fekk male med Sjel. Han trivs med dei lune fargane og syntes Refleksjon var litt for kaldt og grått. Smaken er som baken...
Badet nede er ferdig flislagt og idag held dei på å fuge det. Eg er godt nøgd med flisene og mønsteret dei har lagt. Om du vil leggje slike fliser, må du vere oppmerksom på at det er litt dyrare å få dei lagt enn ved fliser som skal leggast tradisjonelt. Det samme gjeld golvet dersom du ønskjer diagonale fliser.
Gangen skulle vi først ta sjølv, men på grunn av tidsnaud valte vi å la dei gjere den også. Pengane rullar....
Slik ser det ut på stova no. Eit komplett rot overalt, men kaos trur eg det ikkje er.
Og her er golvet vi skal ha i stova. Svært spesielt. Det er antikk furu og det skal forestille malingsslitt golv. Eg har aldri sett det før, så dette er spennande. Espen måtte ringe meg rett før han kjøpte golvet berre for å vere sikker på at det var dette golvet vi skulle ha. Vi er einige om at dette likar vi, og då får vi levet med valet vi har tatt. Likar du det, er det mogleg å kjøpe det på Megaflis for 149,- kr/m2.

8 kommentarer:

Elin Osa Søreng sa...

Dette kjenner jeg meg igjen i, vi har pussa opp endel vi også - og det er en super følelse når ting begynner å komme på plass Flott blir det!!! :o) Har vært å kikka på det du har strikka, så mye fint du har laga! Likte spesielt godt genser`n med puffarmer- den var nydelig! Og du var lur som laga genser istedenfor jakke :o)
Takk for titten, hilsen Elin

Lakka sa...

Å så deilig når det begynner å nærme seg slutten:-)Kjempemisunnelig altså!!

Gulvet til stua seg supertøft ut! Blir gøy å se når det er lagt i hele rommet også:-)

Anonym sa...

Kor fint det blir Torill!!! Bra at dokke har hatt mykje hjelp no i eigeninnsatsperioden. No er papsen komen heim, og me syns no sjølvsagt det er kjekt :o) Han kom heim med Flax-lodd til Jonas og meg, og Jonas har sjølvsagt vinnarlukke så han vann 75 kr på 3 lodd :D
Lykke til vidare med huset og alt saman. Hels til family 4.
Klem Lene.

Anonym sa...

Spennandes tider, blir kjekt å sjå kor det blir til slutt:) Bra dokke he fått mykje hjelp.

Helsing fra Siv

Husdraumen/Anita sa...

Kor flott det blir!
Har de ein dato for når de skal vere inne?
Eigeninnsats med oss ja... eg fekk spørsmål frå ei anna som bygg same hus som oss om når vi skulle byrje på eigeninnsatsen. Hmmm, tenkte eg då...vi har vel vore ein av oss i huset stort sett kvar dag sidan nov/des?
Har ikkje kika nøye på dato/veker vi har, mogleg det er heilt bestemt men reknar med det ikkje blir noko problem dersom det ikkje blir heilt etter planen. Ingen bråhast med å flytte ut her vi bur, og Norhus har vore heilt utruleg samarbeidsvillige uansett kva det har vore fram til no, satsar på at det held ut heile byggeperioden:)

Unknown sa...

Kan jeg spørre om hva flisene på badet nede heter, de hvite avlage-og hvor de er kjøpt? Superfine!!

Torill sa...

Såg ikkje kommentaren før no, beklager. Veit ikkje kva flisene heiter, men dei er kjøpt på Megaflis.

Torill sa...

Såg ikkje kommentaren før no, beklager. Veit ikkje kva flisene heiter, men dei er kjøpt på Megaflis.