fredag 2. januar 2009

Velkommen inn i det nye året 2009

Nytt år, nye moglegheiter. Å ha masse nyttårsfortsett er berre tull. Eg heldt dei sjeldan likevel, men så kan eg ikkje gi opp heller. Så dette har eg som mål for 2009:

1. Spise sunt og halde meg til laurdagssnop
2. Verte ein moderat mosjonist
3. Strikke, hekle, sy og scrappe meir
4. Komme i gang med å byggje hus
5. Slutte å bite negler, nok ein gong...
6. Besøke venner oftare
7. Få solgt leiligheten på Landås

Var dette uoverkommeleg? Eg har lite tid til disposisjon etter at jobb, husarbeid og tid med Malin er unnagjort, men eg skal likevel prøve å strekke meg litt til.

Til slutt ei lita oppsummering for året som har gått:

1. Vi har lagt golv i stova og gangen i leiligheta på Landås, mala soverommet og gangen, og gjorde ferdig listarbeid og anna småplukk. Vi la den ut for salg, men måtte leie den ut istaden.
2. Vi har flytta til Osterøy og leier no ein knøttliten leilighet
3. Vi har fått disposisjon til å få byggje på garden til bestefaren til Espen
4. Malin har starta i barnehage
5. Eg har fått ny jobb
6. Espen har fått stordilla på sykling og trener til Bergen-Voss i juni
7. Vi har vore på vår første ordentlege ferietur, til Danmark
8. Eg har ikkje trent eller vore sunn, heller ikkje slutta å bite negler.

To bileter av Malin. Eitt frå januar og eitt frå desember. Jammen er det mykje som har skjedd på eitt år!
Frå å liggje på golvet til å gjere husarbeid, på under eitt år! Godt jobba, Torill!

5 kommentarer:

Anonym sa...

FLott Torill. Likar korte og konsise innlegg, og det fiksar du. Er sikker på at det neste året blir like travelt og innhaldsrikt som det forge. Dessutan er det bra å sjå attende på kva ein faktisk har gjort - ofte meir enn kva ein føle og hugsar. Ynskjer dokke godt nyt år, klems frå Marita og co.

A-H sa...

Så mye flott du har hekla:) Har nettopp lært meg å hekle bestemorruter, og er i gang med mitt første prosjekt, kjempemoro!
Mange fine nyttårsønsker, Godt Nytt År til deg og dine:)

Anka sa...

Malin har gått fra baby til liten jente:) Så søy hun er. Sikkelig tulle med store blå øyne:)
Spennende å begynne på hus bygging da. Det er virkelig verdt vente på. Vi har ikke bestemt noen dato ennå men hvis vi kan spare nok håper vi på et vinterbryllu i Mars neste år:)

Anonym sa...

Takk for koselig kommentar i bloggen min! Hyggelig at du stakk innom. Har tittet i bloggen din også, du har jammen ei ordentlig nydelig tulle *smelt*
Nyttårsforseter skal man vel ha, men man bør ikke gå på akkord med seg selv. Jeg har senket mine til å bli: Gjøre det jeg har lyst til *hehe*, da unngår jeg vel å bli skuffet over meg selv. Ha et flott år! Blir spennende å se sy-prosjektene dine (er "lappe-dame" selv)

Fivrel sa...

Godt nyttår! Leitt å sjå og lese at veslejenta dykkar ikkje har vore i form i jola :-( Men slik er det vel ofte, mørkaste og kaldaste tida er influensa- og forkjølingstid. AKKURAT når finaste høgtida på denne sida av året er. Men men, det er godt med eitt nytt år og kunne byrje "på ny frisk!"

No har eg vore heime i jola, og takk vere at du minna meg på det, fekk eg knipsa nokre bilete av heimespunne og -strikka ting og tang før eg for attende til storbyen. Fylgj med, eg skal snart få laga eit blogginnlegg att ;-)