søndag 11. januar 2009

Det første resultatet frå den langtidssjukemelde symaskina mi

Eg har ei symaskin som ikkje er av den beste kvaliteten. Eg er ingen storsyar sjølv og er nøgd med at eg i det heile tatt har noko å sy med. Flink har eg ikkje vore med å bruke den, men innimellom har eg tatt meg saman og leitt den fram. Helst når eg skulle legge opp bukser og sant. Maskina har vore skranglete og upresis, og derfor har den vorte lagt vekk ei lang stund no. Eg smørte ho litt og fekk vekk litt støv, og så var eg klar til dyst. Resultatet vart ein sparkepose!
Stoffet er noko eg har hatt liggande og mønsteret er frå eige hovud. Eg ser på denne posen som ein prøvemodell kor eg har funne ut forbetringar og feil eg ikkje må gjere på nytt. Eg har tatt mal frå ein pose som Malin brukar, og det gjekk veldig greitt å sy den. Men saumane vert ikkje fine. Undertråden flokar seg av og til, og sikk sakk-saum liknar ikkje i det heile på seg sjølv. Vert eg overbevist nok om at eg vil fortsette å sy litt ofte, må eg vurdere eit nytt kjøp.
Eg måtte ta bileta ute idag, det vert no aldri lyst nok inne for tida. Ein av forbetringane mine er å lage større utringing framme og ha ekstra stoff til glidelåsen. Ikkje same mal framme og bak med andre ord.
Malin skulle vere modell og låg i sofaen og sprella med beina inne i posen. Eg var litt for opptatt med å ta bilete for plutseleg hadde Malin ramla på golvet. Så derfor er modellen på biletet litt lei seg og har tårer i auget. Men ho synst det var stas å få prøve den nye posen. No er eg i gang med ein ny...

4 kommentarer:

Fivrel sa...

Flink du er! Trur det er viktig å ha godt reidskap, i dette tilfellet symaskin, dersom ein skal halde engasjementet oppe - det er ingenting som er så irriterande som utstyr som ikkje fungerer. Det finst mange fine brukte maskiner der ute au, som berre vert utrangerte fordi eigaren ynskjer å avansere til fænsi maskin med 200 saumar og denslags. Eg har ei husqvarna viking emerald - heilt enkel, men fungerer bra! Lukke til, og legg gjerne ut meir av det du lagar, det er artig å sjå! :-)

Ann-Cathrin sa...

Hei:) Så flink du er! Og uten mønster da! Koselig blogg du har:)En liten vakker modell du har:)

Bergir sa...

Du er jo kjempeflink! Jeg synes du er en skikkelig viderekommen med symaskinen når du får til å lage noe sånt som dette!

Anonym sa...

Hehehe, e me i slekt ska tru? Det meste ej syr e også utan mønster, på sparket og gefühlen. Men det blir no eit resultat også og det er det kjekkaste. Idag har eg endeleg skifta frå jule- til kvardagsgardiner. Men måtte legge opp dei gamle først, og det vart gjort på enklaste måte, klipp og sy. Men fint vart det, gitt!!! Flinke du Torill! Og so kjekt Malin har fått sej ej venninde :o) Lenemora.