Marengsreir er laga av 2 eggekviter og 100 gram sukker. Visp eggekviten først, deretter tilsett sukkeret litt og litt til det er oppløyst. Bruk ei kakesprøyte og lag ringar på eit bakepapir. Lag to ringar oppå kvarandre. Sørg for å dekke botnen med litt marengs. Steik reira på 150 grader i 35 minutt. La marengsen avkjølast inni ovnen med open dør.
Lag eggekrem av 2 eggeplommer og 60 gram sukker. Visp saman og tilset 1/2 ss maisenna. Varm 1,25 dl melk i ei panne, kok opp og avkjøl. Tilset melka i egga og visp. Ha alt tilbake i panna og kok opp. La det koke i 3-5 minutt på svak varme til blandinga vert krem.
Ha eggekremen i marengsegga. Ha varma bær oppå. Eg hadde berre jordbær tilgjengeleg, men det kan verte litt søtt. Bringebær, rabarbara, eple o.l er godt. Til eple er kanel i eggekremen godt. Til rabarbara er litt ingefær godt i eggekremen. Du tilsett krydderet når du kokar opp melka.
4 kommentarer:
Det så veldig lekkert ut, smart da, minipavlova :)
Mmm.. dette så ikke bare helt vidunderlig ut - det høres også ut til å smake som en bit av himmelen :-)
Du er flink!
Klemmer
Mm, dette såg godt ut! Flink du er :-)
Eg har ei utfordring til deg i bloggen min, om du har lyst ;-)
Mmmmmm...det ser heilt fantastisk ut!!
Legg inn en kommentar