lørdag 10. januar 2009

Vi er to små fine damer

Espen og Trond har vore vener sidan 6 års klubben i 1979, og har fulgt kvarandre sidan meir eller mindre. 28 år seinare fekk begge to jenter; Stina født i mars og Malin født i august. Dei skal gå skule ilag og kanskje følgje kvarandre på same måte som fedrene har gjort. Idag leika dei for fyrste gong. 5,5 månad alderskilnad er mykje når ein er eitt år, men dei fann tonen.
Tenk alle eventyr og morosame ting som kan skje i eit telt. I dette teltet såg det iallefall koseleg ut, er dei ikkje søte desse to små jentene?

Det er nok ikkje siste gongen desse to leikar ilag...

1 kommentar:

AnneGrethe7 sa...

Hallo :)

Nydeleg jenter...og ja, alderen vil fort jamne seg ut !

Fin blogg og mange fine strikkaplagg:)

Ønskjer deg ein fin søndag :)