tirsdag 22. juli 2008

Full rulle

Vel heime frå turen er vi tilbake i kvardagen trass i at både eg og Espen er heime. Ein slappar ikkje like mykje av når ein har plikter rundt seg heile tida, og i tillegg har Malin funne ut det går an å stå. Ho skal opp å røyse seg heile tida, og vi må stå klar når ho ramlar. Nokre kular i hovudet har det vorte, men vi prøvar å unngå så alt for mange av dei.

Elles har vi lagt ut leiligheta for salg, annonsen finn du her. Første visning er imorgon, så vi prøvar å gjere leiligheta ryddig og fin. Dessverre er eg forkjøla og Espen fekk ein stein under kneet igår når han klipte plen. Det var eit djupt kutt og eg måtte til med strips for å lappe han saman. Idag har Espen ligge på sofaen medan beinet får gro, men vi håpar han er frisk nok til å gjere nokre småting imorgon.

Det er berre 1,5 veke til eg skal byrje i jobb igjen. Eg skal ikkje jobbe meir enn i ein månad før eg har fire veker ferie igjen, men det vil verte ein overgang å måtte vere på jobb. Eg både ser fram til det og gruar meg.
Malin har funne ut at tv-benken er i passeleg høgde og ho står foran tven heile tida. Ho får ikkje lov til å ta på skjermen, men her har eg tatt ho på fersken.

torsdag 17. juli 2008

Den beste isen finn du i Hou

Kort vei frå hytta ligg Hou. Hou er ei lita bygd som folk flest køyrer gjennom på eit augneblink. Vi køyrte ned til havna og kika oss rundt ei lita stund. Hou har til felles med Hals at det er mykje ferieturistar her.
Hou er ein gamal fiiskarlandsby. Husa langs ved havna er 200 år gamle.
Hou har ei stor båthavn og brygge med moglegheit for overnatting for den som har båt.
Skulle du tilfeldigvis vere i Hou så er Vaffelhuset den staden du bør besøke. Køa for å få svære isar i heimelaga kjeks går heilt ut.Malin er gal etter is og denne er ingen unntak. Stor eller liten is, alt skal smakast på. Til opplysning består isen av tre iskuler, softis, jordbærkrem og kokosbolle. Alt for kr 35,-.

Fyrkat vikingcenter og vikingborg

Igår var eg, Espen og Malin til Fyrkat vikingscenter og vikingborg. Det tok ein time å køyre og vi kom fram litt tidleg. Aktivitetane hadde ikkje byrja, men vi fekk no med oss litt likevel. Vèret var som vanleg skiftande.
Vikingcenteret var plassert i utkanten av Hobro by. Her er det store gårdar, skogar og marker. Kan dokke sjå for dokke vikingar på denne garden?
Ein flott og kanskje litt skremmande utskåren figur av Odin vart møtt oss når vi kom.
Kvar onsdag vert det servert vikingmat på garden. Vi kom litt tidleg til at vi fekk smake, men fekk opplyst om at det var kylling på menyen. Kylling har eg jo smakt ein god del før, så derfor var det ikkje så trist at vi gjekk glipp av den. Ein av museumsvertane baud oss på vikingmjød, men vi nordmenn er litt strengare oppseda enn danskane vedrørande alkohol, og takka nei. Den eine av oss køyrte og den andre amma sa vi, "men det er jo berre ein liten ein", sa han...
Noko av aktivitetane på vikingscenteret var blant anna plantefarging av garn. Det skulle eg ønskje var den dagen vi var der for det er noko eg ønskjer å lære meg. Andre aktivitetar som pubilkum får delta i av og til er treskjæring og baking.
I ein av husa var det verksted til smeden. Smeden hadde stor status i vikingtida og ofte budde smeden fast på storgarden. Mykje av verktøyet som smeden brukte er framleis i bruk idag. Det er litt utruleg å tenkje på.
Malin er med oss overalt, og både eg og Espen er samde om at ho er ganske enkel å ha med seg på ferie. Det er sjølvsagt ikkje alt vi kan vere med på når vi har baby og vogn, men vi synest iallefall ho fortjener litt ros når ho både er snill, blid og har tolmod med oss.
Inne i eine huset var det mogleg å få prøve vikingklede og rustningar, samt utstyr dei hadde. Eg klarte sjølvsagt ikkje å la vere å ta på meg kjole frå vikningtida, det har eg jo aldri gjort før. Litt stort, men godt å ha på seg.
Dette er ein rekonstruksjon av husa slik dei trur dei såg ut i Fyrkatborgen. Husa hadde ulik funksjon, både til bustad, verksted og lagringsplass.
Fyrkat vikingborg er frå år 980 e.Kr då Harald Blåtann var konge. Ringborgen var av tre og identisk stor med ringen som er laga her. Borga sto nøyktig der den er idag, og steinane dokke ser i borga markerer kvar husa sto. Espen hadde sett eit program på National Geographic om akkurat denne borgen kor det vart sagt at ingen veit kva formål denne borgen hadde sidan den er bygd midt inni landet.
Nokre av gjenstandane som vart funne ved utgravinga av borga er plasserte i Hobro museum. Her står vi og ser på borga slik dei trur den var i si tid. Malin er veldig interessert...

mandag 14. juli 2008

Skagen og Fredrikshavn

Sidan strandlivet er utelatt til no, gjeld det å finne på noko anna. Vi har etterkvart vorte godt kjent med øvre halvdel av Jylland, og idag tok vi turen til Skagen heilt nord i Danmark. Etter å ha valfarta sanden langs Grenen, tok vi turen til Fredrikshavn. Vèret idag har vore fint, men det blåste sjølvsagt på Skagen. Det handlar veldig mykje om vèr med oss, vi har ikkje lagt heilt vekk nordmannen i oss sjølv om vi er på ferie.
Skagen består av ei 30 km lang odde laga av sand som har skylt i land iløpet av dei siste 5-6000 åra. Heilt ute på enden valfartar ganske mange turistar kvart år for å kike på hava som møter kvarandre. Det bles ganske friskt på det nordligaste punktet i Danmark, men Thea har kledd seg godt for turen ut.
Flotte fargar i havet og på land. Det var eit godt stykke å trille ut til sjølve spissen, men for den late eller svake var det mogleg å ta ein strandbuss.
Her er enden av Grenen kor Skagerrak og Kattegat møtast. Masse folk som dokke ser. Endepunktet endrar seg heile tida då Grenen har vokse med 1 km det siste hundre året.
Etter at vi var på Grenen i Skagen, tok vi turen til Fredrikshavn og gågatene der.
Dette er ein typisk situasjon når Espen må vente på meg utanfor ein butikk. Denne butikken anbefalar eg alle som likar interiør forresten. Lommeboka mi brant i lomma mi, men eg klarte å styre unna likevel då fornuften overtok.
På slutten av dagen tok vi middagen ute på ein restaurant som heiter "Vegteren". Restauranten var veldig fin interiørmessig og maten var god. Malin oppførte seg fint og då var alt berre velstand.

søndag 13. juli 2008

Middelalderdager ved Voergård slot

Det vert arrangert middelalderdager ved Voergård Slot i Dronninglund frå igår og til neste søndag. Det var marknadstelt overalt og alle som var med å arrangere var utkledd i flotte kostymer frå middelalderen. I tilegg til salgsboder, var der gjøglerar, kor, ridderframsyning og kampar med lanse.
Det var utruleg flott å sjå alt det folk hadde gjort for desse dagane. Folka som er med å arrangere er nok brennande engasjert i denne tida sitt levesett.
Over ser dokke ein ridder som synte fram alt ein ridder skulle kunne med lanse og sverd. Utruleg imponerande og artig å sjå. Slikt har eg til no berre sett på film. Mannen som skulle forestille riddaren hadde heilt tydeleg gjort dette før.
Voergård Slot.
Det var mykje publikum kunne få prøve, til dømes øksekasting og skyting med pil og boge. Stian har ein upåklageleg stil...

I eitt av marknadstelta var det "spa og relax-avdeling" i middelalderstil. Kostymene til deltakarane var utruleg flotte og imponerande, og det same var alt utstyret dei har. Dei fleste har laga dette sjølv.

Handletur til Ålborg

Igår fekk eg og Rannveig oss ein tur til Ålborg for å handle. Vi hadde fire timar til disposisjon medan mannfolka var heime og passa born. Vi handla mest til alle andre enn oss sjølv, men noko vart no det til oss også. Det vesle vi såg av byen var absolutt verdt eit besøk. Vi var mest i handlegatene Bispensgade og Algade som hadde mange butikkar å tilby handlelystne jenter.
Her er torget mot havna. Mykje hus med gammal dansk arkitektur. Nesten som eit eventyr av H.C.Andersen.
Gata bak Rannveig er den kjente Jomru Anesgade. Der var vi ikkje grunna det er stort sett restaurantar og barar, men sidan den er så kjent var det greit å ta eit bilete av den. Hadde vi hatt meir tid så kunne vi sett meir av byen., men det får verte ein annan gong.

fredag 11. juli 2008

Ein tur på stranda (såvidt) og Fårup sommarland

Vèret i Danmark er utruleg skiftande og heilt umogleg å spå. Vèrmeldingane her endrar seg frå time til time. Igår om morgonen var det sol og blå himmel. Alt såg ut til at dette vart ein flott dag for strandliv. Vi lot sola varme opp stranda nokre timar og planen var å lunsje, bade og sole oss resten av dagen. Allereie på veg til stranda byrja skyene å kome. Vatnet var kaldt og sola glimta med sitt fråvær. For første gong høyrte eg Malin hakke med tennene og ho grein fordi ho fraus. Det var ikkje noko kjekt for ei mor og høyre og strandlivet var ikkje så forlokkande likevel.
Med litt påkledning, varm morsmelk og ei skive med leverpostei, smilte Malin igjen.
På veg heim frå stranda traff vi på ein hare. Det er ikkje kvart år eg ser ein hare, så for meg var dette litt stort. Han hoppa ganske fort, så dette var eit blinkskudd (synest eg).
Når det var for kaldt til å vere ute, tok vi ein biltur i området. Store gårdar er overalt og idylliske hus og kyrkjer dukkar ofte opp. Landbruket i Noreg har noko å lære for her for dei det til iallefall.
Vi tok turen til Fårup sommarland idag som ligg på motsatt side av Nord-Jylland. Berre ein time tok det å krysse landet. Det såg ut til at vi skulle få overskya og mildt, men igjen endra vèret seg raskt. Det høljaregna innimellom og sjølvsagt måtte vi sitte å ete ute når den verste regnskura kom. Vi kjøpte nokre gigantiske regnfrakkar og regntrekket til Malin vart hyppig tatt fram, men når vi var ferdig med å ta på oss alt dette, så kom sola igjen.
Eg har ikkje så mange bileter frå turen fordi det ikkje er lov å ta med seg fotoapperat i karusellane. Det regna ganske mykje også, samt at når ein skal ta bilete av nokon som sit i ei tivolivogn, så vert det gjerne for seint når ein skal knipse. Her ser dokke iallefall Espen som prøvar skyting. Eg også prøvde, og var jammen best av oss alle (må skryte av og til eg også).

Espen sitt på dette toget som heiter "Mine-expressen". Eg tok den også, samt at eg tok ei berg og dal-bane som var ein del større (Falken), tømmerstokkar tok vi som vi vart veldig våte av, eg prøvde meg på "Flaggermusa" og rafting. Veldig kjekt å ta turen dit iallefall, og Thea fekk hoppe på trampoline så mykje ho orka. Litt karusellar prøvde ho også. Elias (15 mnd) fekk litt glede av å vere der også, men Malin (10 mnd) skjønte ikkje vitsen.

onsdag 9. juli 2008

Dagar med variasjon

Det har ikkje vore så fint vèr dei siste dagane før idag. Igår gjekk dagen ganske fort med tur i Hals, trilleturar og bocca om kvelden. Idag skein sola opp og temperaturen steig samtidig med humøret. Vi håpar det vèret vil halde seg fint nokre dagar slik at vi får nokre dagar ved stranda som ligg 500 m frå hytta.
Igår kveld spelte vi bocca og vi spelar også mykje kort om kveldane.
I Hals er det marknad i sentrum kvar ondag. Kven som helst kan ha salgsbod, og mykje skrot og skrap er det mogleg å få kjøpt. Det finnast også boder som har noko som er verdt å kjøpe, og vi kjøpte eit par heimelaga strikkasokkar av ei gamal dame til 20 kr(!) og ei smikke til Malin. På biletet ser dokke skjelettet frå gapet på ein kval som vart fanga utanfor Hals i 1868. Dette gapet er kjennemerket til byen og står utstilt midt på torget.
Det vert mykje leik utanfor huset. Fotball, badminton, gøyme og leite osv er populære aktivitetar for Thea. Malin må nøye seg med å vere tilskodar, men latteren sat laust likevel.
Eg, Espen og Malin tok oss ein liten spasertur i ettermiddag. Vi kika på alle hyttene som er omkring her og så tok vi turen til stranda. Det var ganske god temperatur og fleire folk hadde tatt turen dit. Vi vassa litt og Espen tok seg ein dukkert. Malin er vill etter å plaske, og ville ikkje opp av vatnet.
Ikveld har vi grilla for første gong sidan vi kom. Indrefilet av svin, pølser, salat og ovnsstekte poteter. Sola har vist seg sterkare og himmelen har vore blå, så imorgon håpar vi at vi får bade og sole oss på stranda.