torsdag 17. juli 2008

Fyrkat vikingcenter og vikingborg

Igår var eg, Espen og Malin til Fyrkat vikingscenter og vikingborg. Det tok ein time å køyre og vi kom fram litt tidleg. Aktivitetane hadde ikkje byrja, men vi fekk no med oss litt likevel. Vèret var som vanleg skiftande.
Vikingcenteret var plassert i utkanten av Hobro by. Her er det store gårdar, skogar og marker. Kan dokke sjå for dokke vikingar på denne garden?
Ein flott og kanskje litt skremmande utskåren figur av Odin vart møtt oss når vi kom.
Kvar onsdag vert det servert vikingmat på garden. Vi kom litt tidleg til at vi fekk smake, men fekk opplyst om at det var kylling på menyen. Kylling har eg jo smakt ein god del før, så derfor var det ikkje så trist at vi gjekk glipp av den. Ein av museumsvertane baud oss på vikingmjød, men vi nordmenn er litt strengare oppseda enn danskane vedrørande alkohol, og takka nei. Den eine av oss køyrte og den andre amma sa vi, "men det er jo berre ein liten ein", sa han...
Noko av aktivitetane på vikingscenteret var blant anna plantefarging av garn. Det skulle eg ønskje var den dagen vi var der for det er noko eg ønskjer å lære meg. Andre aktivitetar som pubilkum får delta i av og til er treskjæring og baking.
I ein av husa var det verksted til smeden. Smeden hadde stor status i vikingtida og ofte budde smeden fast på storgarden. Mykje av verktøyet som smeden brukte er framleis i bruk idag. Det er litt utruleg å tenkje på.
Malin er med oss overalt, og både eg og Espen er samde om at ho er ganske enkel å ha med seg på ferie. Det er sjølvsagt ikkje alt vi kan vere med på når vi har baby og vogn, men vi synest iallefall ho fortjener litt ros når ho både er snill, blid og har tolmod med oss.
Inne i eine huset var det mogleg å få prøve vikingklede og rustningar, samt utstyr dei hadde. Eg klarte sjølvsagt ikkje å la vere å ta på meg kjole frå vikningtida, det har eg jo aldri gjort før. Litt stort, men godt å ha på seg.
Dette er ein rekonstruksjon av husa slik dei trur dei såg ut i Fyrkatborgen. Husa hadde ulik funksjon, både til bustad, verksted og lagringsplass.
Fyrkat vikingborg er frå år 980 e.Kr då Harald Blåtann var konge. Ringborgen var av tre og identisk stor med ringen som er laga her. Borga sto nøyktig der den er idag, og steinane dokke ser i borga markerer kvar husa sto. Espen hadde sett eit program på National Geographic om akkurat denne borgen kor det vart sagt at ingen veit kva formål denne borgen hadde sidan den er bygd midt inni landet.
Nokre av gjenstandane som vart funne ved utgravinga av borga er plasserte i Hobro museum. Her står vi og ser på borga slik dei trur den var i si tid. Malin er veldig interessert...

Ingen kommentarer: