tirsdag 22. juli 2008

Full rulle

Vel heime frå turen er vi tilbake i kvardagen trass i at både eg og Espen er heime. Ein slappar ikkje like mykje av når ein har plikter rundt seg heile tida, og i tillegg har Malin funne ut det går an å stå. Ho skal opp å røyse seg heile tida, og vi må stå klar når ho ramlar. Nokre kular i hovudet har det vorte, men vi prøvar å unngå så alt for mange av dei.

Elles har vi lagt ut leiligheta for salg, annonsen finn du her. Første visning er imorgon, så vi prøvar å gjere leiligheta ryddig og fin. Dessverre er eg forkjøla og Espen fekk ein stein under kneet igår når han klipte plen. Det var eit djupt kutt og eg måtte til med strips for å lappe han saman. Idag har Espen ligge på sofaen medan beinet får gro, men vi håpar han er frisk nok til å gjere nokre småting imorgon.

Det er berre 1,5 veke til eg skal byrje i jobb igjen. Eg skal ikkje jobbe meir enn i ein månad før eg har fire veker ferie igjen, men det vil verte ein overgang å måtte vere på jobb. Eg både ser fram til det og gruar meg.
Malin har funne ut at tv-benken er i passeleg høgde og ho står foran tven heile tida. Ho får ikkje lov til å ta på skjermen, men her har eg tatt ho på fersken.

Ingen kommentarer: