fredag 11. juli 2008

Ein tur på stranda (såvidt) og Fårup sommarland

Vèret i Danmark er utruleg skiftande og heilt umogleg å spå. Vèrmeldingane her endrar seg frå time til time. Igår om morgonen var det sol og blå himmel. Alt såg ut til at dette vart ein flott dag for strandliv. Vi lot sola varme opp stranda nokre timar og planen var å lunsje, bade og sole oss resten av dagen. Allereie på veg til stranda byrja skyene å kome. Vatnet var kaldt og sola glimta med sitt fråvær. For første gong høyrte eg Malin hakke med tennene og ho grein fordi ho fraus. Det var ikkje noko kjekt for ei mor og høyre og strandlivet var ikkje så forlokkande likevel.
Med litt påkledning, varm morsmelk og ei skive med leverpostei, smilte Malin igjen.
På veg heim frå stranda traff vi på ein hare. Det er ikkje kvart år eg ser ein hare, så for meg var dette litt stort. Han hoppa ganske fort, så dette var eit blinkskudd (synest eg).
Når det var for kaldt til å vere ute, tok vi ein biltur i området. Store gårdar er overalt og idylliske hus og kyrkjer dukkar ofte opp. Landbruket i Noreg har noko å lære for her for dei det til iallefall.
Vi tok turen til Fårup sommarland idag som ligg på motsatt side av Nord-Jylland. Berre ein time tok det å krysse landet. Det såg ut til at vi skulle få overskya og mildt, men igjen endra vèret seg raskt. Det høljaregna innimellom og sjølvsagt måtte vi sitte å ete ute når den verste regnskura kom. Vi kjøpte nokre gigantiske regnfrakkar og regntrekket til Malin vart hyppig tatt fram, men når vi var ferdig med å ta på oss alt dette, så kom sola igjen.
Eg har ikkje så mange bileter frå turen fordi det ikkje er lov å ta med seg fotoapperat i karusellane. Det regna ganske mykje også, samt at når ein skal ta bilete av nokon som sit i ei tivolivogn, så vert det gjerne for seint når ein skal knipse. Her ser dokke iallefall Espen som prøvar skyting. Eg også prøvde, og var jammen best av oss alle (må skryte av og til eg også).

Espen sitt på dette toget som heiter "Mine-expressen". Eg tok den også, samt at eg tok ei berg og dal-bane som var ein del større (Falken), tømmerstokkar tok vi som vi vart veldig våte av, eg prøvde meg på "Flaggermusa" og rafting. Veldig kjekt å ta turen dit iallefall, og Thea fekk hoppe på trampoline så mykje ho orka. Litt karusellar prøvde ho også. Elias (15 mnd) fekk litt glede av å vere der også, men Malin (10 mnd) skjønte ikkje vitsen.

Ingen kommentarer: