Anna har passert 5 månadar, men er framleis ganske så lita. Ho strekk seg, men vekta går ikkje opp slik ho skal. Idag er ho 64 cm og 5,5 kg. Det er ikkje mykje for å vere 5 mnd. Det er ikkje noko gale med mjølka, det er Anna som ikkje gidd å ete. Ikkje har ho rulla enno heller, så ho er ganske bedageleg anlagt.
Først på menyen er havremjølsgraut som har lagt i blaut ein time og deretter kokt opp i nokre minutt. Så blandar eg ei lita teskei graut med morsmjølk slik at konsistensen vert tynn. Anna protesterte ikkje, men viste ikkje den store interessa heller.Det er mange milepælar ein skal gjennom og den første maten er ein av dei. Det vart ikkje lussekattar på henne idag, men havremjølsgraut var no ikkje så verst heller.
Så får vi håpe ho legg på seg slik at helsesøstra ikkje stressar slik. Ho likar verken inaktive eller tynne babyar så her må eg stå på. Hadde ho vore førstemann hadde eg kanskje stressa ilag med ho, men det gjer eg ikkje. Ungar er ulike og det viktigaste er at dei er friske, våkne og fornøgd med livet.
5 kommentarer:
Tusen takk for koselig kommentar i bloggen min!
Flott jente du har, håper hun får smaken på litt mat slik at hun legger på seg. Vår datter er født i august, og det er så koselig!
Ønsker deg en fin advent videre!
Tusen takk for koselig kommentar i bloggen min!
Flott jente du har, håper hun får smaken på litt mat slik at hun legger på seg. Vår datter er født i august, og det er så koselig!
Ønsker deg en fin advent videre!
Jøsses for ei lita tulle da :) Min lille gutt var 5100 på 6 ukerskontrollen og var SULTEN hele tida og grøt måtte til allerede ved 3,5 mnd......
Søt er ho hvertfall, og det er jo litt deilig med ei som er bedagelig?
Jammen godt du har fleire og har vetet med deg:) Typisk helsesøstre å kave oss opp med eit el anna..
Anne Sølvi
Legg inn en kommentar