Kva skal ein strikke av restegarn? Eg anar ikkje kor mange gongar eg har tenkt den tanken. Denne gongen tenkte eg at eg strikkar eit par vottar, det treng ein ikkje så mykje garn til. Garnet er Smart-garn og oppskrifta kjem frå Sandnes. Opprinneleg var mønsteret tenkt 2-3 år størrelse fordi garnet var tynnare, men eg har brukt ein halv pinnestørrelse større slik at størrelsen er omlag 5 år.
Diverre hadde eg ikkje nok garn denne gongen heller og eg måtte kjøpe eit nøste marineblå etter å ha først prøvd meg på eit anna garn som naudløysing. Det er så frustrerande å ha så mange garnnøster kor ein berre har halvt av kvar. Eg vil gjerne at det skal vere skikkeleg det eg strikkar samstundes som at eg er litt økonomisk opp i alt dette. Heldigvis er det nokon som treng restegarn. Så om eg ikkje klarer å vri hovudet nok til å vite kva eg skal bruke det til, vil barneskulen meir enn gjerne ta imot.Kva brukar du restegarn til?
4 kommentarer:
Prematurtepper, leggvarmere, pulsvarmere, strikket/heklet julepynt, votter, sokker, luer osv...
Om eg er flink å bruke opp sjøl? Nei... Men eg er ganske streng med meg sjøl, og får ikkje kjøpe ubegrensa med nytt garn, før nåke av det gamle er brukt opp. :)
Så fine de ble! Jeg har også lyst å prøve meg på votter.
Jeg har bl.a strikket pulsvarmere av restegarn:)
Du spurte om jeg jobber mye nattevakter; jeg jobber 50% natt og tar ekstra innimellom. Veldig greit i og med det er ganske mye fri, som er greit med små (og litt større) barn. MEN det kjennes på kroppen ja, spesielt når jeg skal snu fra natt til dag igjen.
Ha en riktig god jul:)
God jul til deg, og takk for koselig kommentarer:)
Til å hekle oldemorruter! :-)
Legg inn en kommentar