På tysdag hadde eg Emil heime og planen var at vi skulle bake julekaker. Emil synest det er kjekt å hjelpe til på kjøkkenet, men eg merka meg at det er baking med kjevle og kakeformer som er kjekt, ikkje alt anna som eigentleg berre eg kan bake ut.
Eg baka to sortar; pleskner og regiastenger. Pleskner er noko mamma er oppvaksen med, men som ho ikkje har laga sjølv. Mamma fortalte alltid om desse julekakene som smelta på tunga og det høyrtes fristande ut for meg. Det er ei enkel oppskrift som eg sjølvsagt deler med dokke.2 egg
120 gr sukker
150 gr kveitemjøl
1/2 teskei vaniljesukker
Visp egga godt med sukkeret.
Tilsett vaniljesukkeret og sikta kveitemjøl.
Bruk ei teskei og sett deigen på ei bakepapirkledd bakeplate.
Steik på midterste rille i steikeovnen ved 175 grader , til kakene er lys gylne. (ca. 11 min)
Avkjøl på rist.
Den andre kakesorten vi bakte var regiastenger. Det er ei slags kakaomørdeig som steikast og vert brownies liknande kjeks. Mamma har alltid laga dei og det er definitivt min favoritt blant mamma sine julekaker. Og oppskrifta skal dokke få med håp om at dokke lagar dei sjølve og.
160 gr smør
2 dl sukker
1 egg
5 dl kveitemjøl
3 ss kakao
2 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
Rør smør og sukker kvitt. Tilsett egg og dei tørre ingrediensane. La stå kaldt ei lita stund før du rullar dei ut til 3 pølser. Trykk pølsene flate og steik dei på 200 grader i 15 min. Del dei opp i snittar og la dei avkjøle på rist. Desse er fine å ete ilag med kald melk.
Kva slags julekaker må du bake kvart år?
2 kommentarer:
Nam, ser veldig godt ut ♥ - og det ser ut til at barna koser seg :) Her har jeg ikke begynt på noe baking ennå... får se hva det blir :) Titter innom igjen snart ♥ Ønsker deg en fin, fin kveld videre og adventstid... Klem fra Mette
MMm, dette så godt ut - får minner fra barndommen og vann i munnen. Selv om jeg ikke orker å bake sånt selv så er det koselig å smake på.
Legg inn en kommentar