søndag 9. desember 2012

Bakedugnad

Tre damer med mann og ungar på slep samt tre sortar kakedeig på ein laurdagettermiddag. Slik var det her hjå oss igår då eg, Kjersti og Åshild vart samde om å samle familiane, vere sosial og effektivisere julebaksten på same tid. Vi drakk gløgg, bakte, passa unga og styrte på. Veldig kjekt.
Ikkje tid til så mange bileter, men dette illustrerer at ungane var med å bake julemannar. Det tok tid, det krever tolmod, men det er fascinerande å sjå kor viktig val av kakeformer er kvar gong dei skal stikke ut i deigen. Kake med omtanke, det er sikkert.
Åshild var leiar av ungeflokken og styrte gløggen. Ho hadde laga kakemann/julemanndeig. Sidan Åshild ikkje er på facebook kjenner eg det store ansvaret på å ta ho inn i varmen i den sosiale media-verda, hehe.
Mitt bidrag var brune pinnar. Eg har aldri laga det før bortsett frå for nokre dagar sidan då eg fant ut at eg skulle lage ein sunnare versjon av desse. Eg hadde mindre smør, brukte sukrin istaden for sukker og nytta kesam i røra. Det vart ikkje det same og eg skal ikkje gjere det igjen. Noko får vere som det alltid har vore; mykje smør og mykje sukker. Oppskrifta skal dokke få for desse brune pinnane var kjempegode.

200 gr smør
200 gr sukker
1 eggeplomme
1 ss lys sirup
½ ts malt kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts natron
300 gr kveitemjøl (ca)

1 eggekvite, sammenvispa
Perlesukker
Finhakka mandlar


Sett steikomnen på 175°C. Ta fram steikebrett med bakepapir.
Rør smør og sukker godt. Bland i resten av ingrediensene. Kna deigen og del den i 6 emner. Trill tynne pølser og trykk dei litt flate på stekeplata med fingeren.
Pensle med egg, dryss på mandlar og sukker. Steik kakene i ca 10 minutter midt i ovnen. Når du har tatt ut kakene, skal du skjære dei på skrå, smale pinner medan dei framleis er varme.
Julemannar. Kvar gong eg opna ovnsdøra slo dampen med hjortesalt imot meg. Alt i systemet vart godt gjennomrensa den dagen...
Serinakaker, deig frå Kjersti. Denne har mykje smør i seg. Det både lukta og glinsa smør, men smør er no så godt at det kan vi ikkje seie noko på.
Ungane malte/dynka julemannar i konditorfarge. Det ser heilt forferdeleg ut og det fristar ikkje for mitt vedkommande å ete dette. Ungane ville heller ikkje ha det då dei sa at dei ikkje ville ete maling. Tippar dei endar i bosset.

Dette håpar eg vi gjentar neste år. Kjempekoseleg! Eg hadde for to veker sidan ingen planar om å bake i år, no har eg fem sortar allereie. Skal vel klare å verte julefeit i år og...

2 kommentarer:

Pia sa...

Julefeit er ikke noe problem:)

Lina sa...

Hahaha, likte det siste bidraget ;)) eg er allerede heilårsfeit, så ei pakke perlesukker og nokre kg smør gjer sikkert iiiiingen forskjell ;) hoho!

klem ♥