onsdag 1. august 2012

Ein liten ferietur til Voss

Eg har prøvd i fleire dagar å få til dette innlegget, men tida strekk ikkje til. Den vesle babyen vår har funne ut at om kveldane skal ho vere våken og helst ligge i armane våre. Det er som dei seier; den nyfødte er sjefen. No søv vesle Anna og eg kan vise dokke nokre bileter frå vår utflukt til Voss som vi hadde forrige veke. Vi har ikkje reist nokon stad i år, men eit par overnattingar på Voss fekk vi til. Vi hadde mormor og besten med oss.  
Vi leigde motellrom på Fleischer hotell. Då får du frokost på hotellet og tilgang til fasilitetane. Malin og Emil synest det var stas å forsyne seg med frokost på hotellet. Det var deilig å kome til dekka bord og ta det ein ville ha.
Voss ligg ein time med køyring frå oss så det er ikkje langt, men bygda er likevel heilt annleis enn her vi bur. Voss er meir i innlandet og har masse snø om vinteren i motsetning til oss.
Vi var i utebassenget som fotballaget eig, men det var ikkje så eksotisk som det ser ut som. Iskaldt!
Voss folkemuseum var utruleg flott. Det låg høgt opp i bygda og ein kunne få eit flott skue utover Vossevangen.
Mølstertunet er ei samling hus som står plassert urørt frå den tida det budde folk her. To familiar budde på garden, det meste 29 stykke, og det eldste huset er frå 1500-talet.
Malin likte ikkje lukta av gammal hus. Ho fekk også vite av museumsvertinna at det fans troll her, så då var ho livredd resten av det besøket...
Emil sprang rundt med mor og mormor i hælane. Historia om tunet fekk eg ikkje med meg.
Hanen stend på stabburshella...
"Malin, Emil bestevenna" seier Emil alltid.
Mange bileter frå museumet, men det var så koseleg der.
Tippehøne hadde dei og.
Og seansen vart avslutta med is. Is hjelp mot alt.

Dei fine dagane på Voss var eit godt avbrekk. Vi var på restaurant, gjekk i handlegatene og på kafé, bada på hotellet og ungane fekk seg ny Vennebyen-dvd som var ifølge Malin turens høgdepunkt. Kva skal ein seie til det siste...

Det vert nok fleire gongar til Voss, det er kort veg dit og bygda har mykje å tilby. Kan anbefalast til alle.

1 kommentar:

Lina sa...

Hahahaha, gotta love Vennebyen! ;) ho altså!! Så herlig lite reisebrev! :) likte godt Emil sitt faste utsagn, veier nok opp for søskenkranglinga ;) dei er så fine! Gledar meg stort til morgondagen :D