Vår store, fine førskulejente fylte 5 år igår. Dagen hadde ho gleda sej til lenge og forventningane var store. Ho hadde kjøpt inn invitasjonskort til gebursdagsselskapet for lenge sidan og igår kom det seks jenter for å feire henne.
Dagen byrja med frokost og presangar. Vi hadde rundtstykker, egg og kakao.Malin var veldig nøgd med presangane og spesielt jentedill er kjekt å få.
Til selskapet hadde eg laga Lilla Gubben-muffins...
.. og Pippi-kake. Det er kvit sjokoladeglasur og marsipan som eg har farga. Kaka falt i smak og det er det viktigaste. I tillegg serverte eg gele.
Det skal seiast at dagen snudde retning då selskapet byrja. Malin vart sjuk og hadde vondt store deler av dagen. No er no det slik at 5 åringar ikkje har utvikla empati enno så alle jentene som var i selskap styrte med sitt og koste sej medan Malin låg på sofaen og græt. Det var synd for ho, men vi får feire litt idag og. Meir kake i kjøleskapet... :-)
4 kommentarer:
Det var da voldsomt med bursdager på bloggrollen min! Gratulerer med gårsdagen til ei flott jente!
Utruleg flott Pippi-kaka! Herlige fargar :) Så synd for Malin då, så utgjort... Håpe ho e i form i dag, og kan kosa seg med restar og feiring på etterskudd ♥
Alt såg veldig fint ut, både kaker og muffins. :) Trasig at Malin skulle bli sjuk, det er som du sei, utgjort...
Så kjekt med stor jente! Gratulere til dere alle! Håper malin er bedre
. Klem
Legg inn en kommentar