Enkelte dagar kjennes det ut som ingenting skjer, iallefall går det alt for sakte framover. Då er det fint å ha før og etter-bileter som kan vise det motsatte. Er ein utolmodig og ein er ein "vil alt mogleg"-person slik som eg og Espen er, ja så kan det vere nyttig og sette seg ned for eit tilbakeblikk.
Bilete over viser slik det er idag. Mykje av blomstringa er over og det er berre rosene og sommarblomane som blømer akkurat no. Staudene har vokse seg store og bedet er meir eller mindre fullt.Dette bilete er tatt i slutten av april. Kantsteinen var ikkje der og berre påskeliljene og perleblomane blømer. Idag er desse laukane tatt opp av jorda, men dei skal snart settast ned i att. Staudene er så vidt over jorda på denne tida.
Dette bedet er nytt av året. Det er framleis mykje som manglar og mykje av grunnen til det er den dårlege avlinga av sjølvsådde stauder. Eg skal prøve att i vinter, men fleire av staudene kan eg så direkte i jorda i haust. I september skal eg dele nokre av staudene då eg likar at same sorten viser seg fleire stadar i bedet.
Dette er frå mai. Alt er pittelite.
Bedet sett frå ein annan vinkel. Asters, haustfloks og ikkje minst myskmalvaen har vokse seg store.Myskmalvaen trudde eg ikkje skulle verte noko av. Pittesmå stiklingar som overlevde så vidt stormen i byrjinga av mai. Eg har sett eit spørsmålsteikn på ei av plantene. Den har bloma heile sommar. Det er ein flekktvetann. Detaljar på kva som er i dette bedet står i eit innlegg frå mai.
Så må eg vise dokke ei ny rose som eg kjøpte idag. Den står ilag med dei andre rosa rosene. Vi var på gartneriet og skulle ha ein sekk med gjødsel. Vi kom heim med mykje meir som vanleg, og denne rosa valgte eg fordi den lukta godt, var rosa og den tåler regn. Claire renaissance heiter den.
Er den ikkje flott? Litt laksefarga, har masse tette kronblad og ikkje minst: Den tåler regn!
Det siste bilete er myskmalvaen. Eg har mislykkast med dei fleste staudene eg har sådd, men det gløymer eg fort når eg har fått så fine blomar som dette. Det er vel derfor ein ikkje gir opp og prøvar igjen året etter.
1 kommentar:
Her har det vokst godt. Det er spennende å følge bedene fra vår til høst. Nydelig rose du har fått.
Jeg har nettopp kommet inn etter en diger lukejobb. Det er den kjedelige delen med å ha bed:-)
Ha en fin søndagskveld!
Klem
Legg inn en kommentar