I år var det ein hage på Osterøy som hadde hagen sin open på den årlege "1000 opne hagar". Hagen var 40 år gamal, men det er først dei ti siste åra at hagearbeidet har gitt det resultatet som vi såg idag. Vi stilte opp alle mann og det gjekk faktisk fint.
Det første som møtte oss var ei leikehytte som huseigar hadde laga sjølv. Den var fint innreda med køyeseng, bord og stolar. Koppar og fat, duk og blomar, ja til og med lys var det inni. Emil og Malin falt pladask og Emil var der stort sett heile tida. Opp og igjen med dørene, opp og ned stigen inne. Og sann gjekk no tida for han.I hagen var det fleire bygningar, blant anna denne gjestehytta. Hagen var innramma av skyggeplanter stort sett og i midten var det ein stor plen med frukttre. Hosta, astilbe, iris, marikåpe gjekk igjen i tillegg til frukt, bær og vintergrøne planter. Ein solvendt vegg hadde masse stokkroser og klematis. Nydeleg.
Denne hagestova var utruleg flott med sofagruppe, store glas med utsikt mot sjøen og peis som var tent opp for høvet. I tillegg hadde hagen ein masse sitjeplassar overalt. Vertskapet var veldig hyggelege og gjestfrie, dette konseptet vonar eg mange fleire hoppar på til neste år.
1 kommentar:
Jweg kom bare lige forbi.
Tak for de gode billeder.
Ha´ en dejlig dag.
Legg inn en kommentar