onsdag 28. mars 2012

Små frø har vorte stiklingar.

Det byrja med ni pittesmå frø i kvar potte. Nokre sortar fekk to potter, andre fire potter. Frøa har spirt ujamt og av variert kvalitet, men av tre frøsortar har eg til no 38 potter! Kanskje ikkje alle overlev priklinga eg foretok meg igår, men med tanke på at dette er ein brøkdel av sortane eg har sådd så gjer det kanskje ingenting? 
Eg anar ikkje kor eg skal sette plantene, det er litt tidleg å sette dei ut i jorda, men på kjøkkenbordet kan dei ikkje stå iallefall. I 17 av pottene har eg kinesisk ridderspore (20 planter), i 8 av pottene veks det blå balltistel og i 13 potter har eg myskmalva (15 planter). Nokre av pottene på bordet har eg ikkje prikla enno då eg gjekk tom for potter. Dette gjeld lita blåklokke, höstvädd og sommeraster. Resten av pottene eg har sådd i skjer det framleis lite eller ingenting.
Eg har to kjøleskap kor det eine har lite innhold til vanleg. Eg har tatt ut glashyller som eg ikkje brukar samt at eg har leita fram serveringsbrett som eg har satt pottene på. Eg har eit minidrivhus som eg sett pottene inni om dagen. Så får dei berre stå på kjøkkenbordet om natta. Trur kanskje det er litt kaldt ute enno dersom dei skal stå der heile døgnet. Det står på frøposen at dei skal ha det lyst og svalt. Idag regnar det og temperaturen ligg på 9 grader. I tillegg har eg fire sortar i isbokser som har stått ute heile vinteren under aviser. Der skjer det ingenting, lurer på om det skjer noko i det heile tatt...
Noko som blømer er denne buketten eg fekk av Espen igår. Det kom veldig overraskande på og det er klart at det er kjekt å få ein slik fin bukett ein tysdagskveld.

8 kommentarer:

Lina sa...

Maling av egg er så koseleg :) Me får kryssa alt me har for sol i påsken og! :) Kjekt med spiring :D Minner meg om at eg må bort i Oransjeriet og sjekka snart.

Oi! SÅ kjekt med nydeleg bukett på ein vanleg tirsdag! ♥ Dette skal eg visa til Pål, hihi. Trur eg har fått blomst av han EIN gong ;)

klem til deg :)

salige lavendel sa...

Så flink du er til å så, herlig å følge med på hvordan livet spirer og gror. Jeg er nok flinkere til å kjøpe det ferdig...men jeg nyter det også.

Ann-Kristin sa...

Eg har massevis av potter som du kan få om du treng. :)

Hjå meg er det berre 1 stakkars stikling igjen etter ein av hundane gnafsa i seg. Det er ein Freesia, og den voktar eg godt!!

I en Sving sa...

Så deilig med små grønne spirer. Her hos meg spirer det også i vinduskarmen. Urter, solsikker, tomater og blomster i skjønn forening. Gleder meg til det blir varmt nok til å plante ut :)

Lina sa...

Hihi, barnehagepynten kan sikkert vera både til gru og glede ;) sikkert meir sentimental verdi enn estetisk nytelse tippar eg :D

Kos deko med maling av egg - kjekk aktivitet :) Takk for det, er veldig glad i den pynten eg har laga sjølv :) GOD PÅSKE til deg og deko og! ♥ Me må snart treffast! Har heilt gløymt prydjordbær-plantane.

klem ♥

Olea sa...

hei :)
ja det er veldig morro med slt som gror! jeg har selv planta salat og blomkal. så nå har jeg 36 potter salat;) skal bli spennande og se om vi får spist opp alt når de blir ferdige ;)
jeg har også mine planter inne, har tatt dem litt ut på solfylte dager, men er litt domt om dem skulle fryse, så har dem mest inne føreløbi.
God påske til deg!
hilsen fra Olea:)

Marthe sa...

Jeg kjenner det klør og kribler i fingrene etter å få fart på hagekunnskapen. Jeg har veldig respekt for det å så og plante og er nesten litt redd for å gjøre feil eller ødelegge de flotte blomstene, men man må vel bare begynne et sted å lære mens veien blir til. Inspirert blir jeg i alleflall!

Og buketten med de fine blomstene har du nok gjort deg mer enn fortjent til! Herlig med overraskelser!

Klemmer til deg

Ramme Alvor sa...

So mykje flott du har gjort klårt til våren. Da spirar her og..men i natt frys det godt med ned i minus 6 så no har eg pakka spirane inn i god fiberduk.

God påske til deg og dine!
Klem!